torsdag 28. desember 2023

Julaftan 2023

Eldstejenta kom ikkje heim til jul i år, for ho og kjærasten reiste til Göteborg for å feire saman med familien hans. Dei hine tre kom derimot heim, og i tillegg var Bladfyken her. I og med at julaftan var på fjerde søndag i advent, vart det ein rolegare dag enn når nokon må jobbe eller handle. Eg hadde vaska huset vesle julaftan, og så hadde vi pynta tre, ete graut og deretter ete spekemat og potetsalat, noko som truleg har blitt ein tradisjon heime hos oss. Sjølve julaftan gjekk dermed på tradisjonelt vis med sein og god frukost, middagsførebuing og skjortestryking. Vi gjekk i kyrkja medan svineribba steikte, og pinnekjøtet hadde fått dampa seg ei stund før vi gjekk. Veslejenta pynta bordet, og Storegut laga rabbestappe. Alt smakte fortreffeleg, og ingen orka desserten eg hadde laga. Vi tok oss ein liten pause med kaffi og julekalender på tv før pakkeopninga starta, og etter vi var ferdige med det, måtte vi teste ut den siste pakken: eit nytt brettspel. Alt var hyggeleg og roleg, bortsett frå at kvelpane slost om gåvene sine.



Førjulstid 2023

 Adventstida gjekk veldig fort i år. Det vart som vanleg både julegrantenning og budsjettmøte, i tillegg til julebord med vinklubben på restauranten Brør i Volda og med jobben til Bladfyken på Hotell Union på Øye. På jobb vart det heildagsprøver, og eg valde å prioritere retting såpass eg vart ferdig før jul, men dessverre også heilt gåen. I politikken vart det mykje budsjetthandsaming både i formannsskapet og i kommunestyret, men òg i meir uformelle møte. På toppen av alt har det vore mykje is i oppkjørsla mi, slik at det vart vanskeleg med storhandel før like før julaftan. Eg bakte ikkje ei einaste kake, men huset vart vaska og pynta, og alle gåver vart kjøpte inn og nokre sende. Med tre tentamensbunkar ferdig retta kunne eg så ta ferie i jula - det betyr meir for meg enn julekaker.




Bok 39 2023: "Det siste kongeriket" av Bernard Cornwell

 




Dette er den første boka i ein serie på 12 bøker, så her er faren stor for at eg blir lei undervegs. Boka har handling frå England på 800-talet, medan danske vikingar har makta i mykje av landet. Forteljaren er Uthred, ein gamal mann som fortel om ungdomstida si. Han var fødd som arving til ein eigedom i Nothumbria, men etter eit slag vert han teken av danehovdingen Ragnar. Han vert dermed ein spennande karakter med sympatiar både for engelskmenn og danar. Bokserien skal handle mykje om kong Alfred, men i denne boka vert han nokså negativt skildra. Han er konge i Essex, den einaste engelske landsdelen danane ikkje har erobra.

Bok 38 2023: "Atlas. The Story of Pa Salt" av Harry Whutaker og Lucinda Riley




 Etter å ha skrive sju bøker om dei sju systrene, presterte forfattaren å døy før den siste og avsluttande boka var ferdig. Sonen hadde tilgang til notatar og fullførte deretter verket. Kva skal ein seie? Eg er ikkje nokon typisk lesar av slike  romanar, det blir ofte for føreseieleg og melodramatisk etter min smak. Likevel er det bøker som kan slukast, noko eg altså har gjort. Slutten vart føreseieleg og lukkeleg, for å seie det mildt, men det hadde blitt feil dersom det var annleis. Elles var boka brilliant innlesen i den engelske versjonen, så det gav lesinga ein ekstra kvalitet.

Bok 37 2023: "Og sånn blei det" av Maren Uthaug




Forlaget skriv: "Risten veks opp i Danmark med sin norske far, Knut, og si danske stemor, Grethe. Heime i Noreg sit Ristens samiske mor, Rihtta. Risten får etter kvart namnet Kirsten og gløymer det meste av livet i nord - bortsett frå forteljingane om dei underjordiske som ho fekk høyre av si læstadianske bestemor, Áhkku. Kirsten er ofte så redd om kveldane at ho ikkje får sove, og ho ber dei kvenske bønene Áhkku lærte henne. Grethe og Knut er for opptatt med andre ting til å bry seg med Kirstens kvalar - for eksempel har Grethe ein god del hundar ho må mate, og fem vietnamesiske båtflyktningar i kjellaren. Etter kvart finn Kirsten trøyst i venskapen ho utviklar til den vietnamesiske guten Niels. Og som vaksen reiser ho tilbake til Noreg for å finne ut meir om kvar ho kjem frå. «Og sånn blei det» er ei barndomserindring om å bli trekt opp med rota. Med sitt sedvanlege skråblikk og glimt i auget fortel Maren Uthaug om familieløyndommar, overtru og forboden kjærleik."

Dette var verkeleg ei god bok. Eg har vore meir oppteken av samar denne hausten enn eg plar vere, og dette var svært interessant, synest eg. Filmar som "Sameblod" tek opp tematikk som fornekting av opphavet sitt, men denne boka hadde òg fleire dimensjonar.

Bok 36 2023: "De henrettede 6. Et villnis av redsler - Forbrytelse og straff i 1750-årene" av Torgrim Sørnæs

 


Det ser kanskje litt voldsomt ut med seks bøker om dette temaet, men det er seks korte lydbøker. Eg likte denne serien svært godt, sjølv om det er noko pussig med slik sengelektyre. Dei ulike lagnadene gav eit innblikk i kor hardt livet kunne vere op slutten av dansketida.

Bok 35 2023: "De henrettede 5. Dødsskyggens daler - Forbrytelse og straff i Norge på midten av 1700-tallet" av Torgrim Sørnæs


 Fleire forteljingar om lovbrot og straff.

Bok 34 2023: "De henrettede 4. Menneskeham - Forbrytelse og straff i Norge på slutten av 1700-tallet" av Torgrim Sørnæs

 

Fleire forteljingar om lovbrytarar som fekk si straff.

Bok 33 2023: "De henrettede 3. Mørkets gjerninger - Forbrytelse og straff i Norge på slutten av 1700-tallet" av Torgrim Sørnæs

I denne boka kjem fleire forteljingar i same kategori som i bok 1 og 2.

Bok 32 2023: "De henrettede 2. Uten nåde - Forbrytelse og straff i Norge på slutten av dansketiden og fram til 1814" av Torgrim Sørnæs

 


Denne boka er eit framhald av den førre med fleire fæle saker.

Bok 31 2023: "De henrettede 1. Ondskap - Forbrytelse og straff i Norge på 1800-tallet" av Torgrim Sørnæs


I denne boka får vi høyre historia om seks kriminalsaker fra 1800-tallet som enda med dødsdom og avretting. Ved hjelp av studier av rettsdokument og avisartiklar har forfattaren rekonstruert hendingane som førte menn og kvinner til avrettinga. Det dreiar seg om menneske frå dei lavaste sosiale laga - husmenn, stimenn og lausarbeidarar. Ugjerningane har bakgrunn i fattigdom, sjukdom og naud, knivslagsmål, pengebegjær, lausungar, hor og fyll. Boka gir oss innblikk i motiva bak ugjerningane, grufulle detaljar om drapa, etterforskinga og rettssakene. Vi følgjer dei dømde til rettarstaden og er vitne til eksekusjonen, delinkventane sine siste ord reaksjonar frå skarprettaren og publikum.

mandag 4. desember 2023

Genser nummer 57: "Maud" i Alpaca Fine til meg sjølv


I fjor haust kjøpte eg nokre garnpakkar på tilbod. Ein av dei var "harald", som eg strikka til Storegut, og ein annan var "Maud" frå den same kongelege serien. Vanlegvis er denne modellen vist i rosa/beige, men eg bestilte ein raud variant. Den var meir knallraud enn eg hadde forventa, men eg tenkte den kunne bli julegenser. Eg begynte på den i sommar, men eg syntest ikkje den vart fin og den var kjedeleg å strikke. Det ferdige produktet er eg faktisk svært nøgd med, men det måtte liksom bli desember før eg tok den på.







Bok 30 2023: "Den bortkomne" av Øystein Orten

Svogeren min er ute med ny bok, og denne gongen er det ein roman som omhandlar to marerittliknande situasjonar i eit liv. Vi får tidleg vite at noko har skjedd på jobben til hovudpersonen, og at det dreiar seg om skuldingar om upassande framferd ovanfor elevar. Detaljane kjem fram undervegs, samtidig som vi i tillegg får vite noko om familiebakgrunnen til den same hovudpersonen. Ein vert sitjande og gruble på om det finst ein samanheng mellom forteljingane, og til slutt kjennest det som om alt heng saman.

Eg likte boka svært godt. Den har ein viss slektskap med Dag Solstads lærar-romanar, og dei likar eg òg svært godt. Her er til og med ein scene med Vildanden, som i "Genanse og verdighet". Eg likte òg måten skuleleiinga og prosessen på arbeidsplassen vert skildra. Ikkje minst likte eg korleis starten av romanen kunne minne om opninga til "Fred" av Arne Garborg, ei bok som eg òg er svært glad i. Denne klangen frå andre verk gjer ikkje denne boka mindre original, men forteljarstemma vert kan hende meir truverdig, i og med at det er ein eg-person som har lese mykje, og som kan vere inspirert av det han har lese. Eg fekk mykje sympati for denne hovudpersonen.