tirsdag 29. januar 2013

«Klag ikke under Stjernene over mangel paa lyse Punkter i dit Liv»

Dagens høgst trivielle lyspunkt: det har stått nokre gatelykter nedanfor huset her. Eg trudde dei skulle fjernast, for inne ved den nye vegen til byggjefeltet er det meir moderne lykter. I ettermiddag vakna eg i godstolen etter ein betre middag (riskrem) og ei lita middagskvild (1 time), og då eg såg ut, lyste det så blidt i dei gamle gatelyktene. No blir det lettare å finne vegen heim, og kjekkare for ungane å kome seg til skulebussen om morgonen!

Ei lita glede er òg ei glede!

mandag 28. januar 2013

Dialektkveld i Volda

Måndag kveld har eg vore på dialektkveld på Volda Samfunnshus, der mellom anna ein kollega av meg og mannen presenterte boka si. I tillegg fekk vi lære mykje om geiteslakting i Hjørundfjorden av Ivar Mork, og to innvandrarar i distriktet her fortalde om sitt møte med norsk språk. Ein interessant og lærerik kveld!

Les meir her

"Slumdog Millionaire" bok og film

Eg er inne i ein periode med romanlesing i faget internasjonal engelsk, og eg har derfor lese romanen "Slumdog Millionaire" for fjerde gong. Eg får meg ikkje til å ta den med i bokteljinga mi, for i år skumles eg den nesten. Til i morgon skal elevane ha lese ut boka, og undervegs har dei svara på spørsmål som dei skal levere inn skriftleg neste tysdag. Komande fredag begynner vi å sjå filmen.

Det er eit godt opplegg og ei fengande bok, og no er det tredje gong eg går gjennom boka saman med elevar. Kanskje bør eg fornye meg snart, for min eigen del.

søndag 27. januar 2013

Miserabel igjen

Etter ein sein frukost, ein tur i ruskevêret og ein kjapp middag var det tid for jentene og meg å hive oss rundt og fare til Ørsta. Der plukka vi opp "Besta", og så var det klart for kinodate igjen. Sjølv hadde eg sett filmen i førre veke, men dei hine hadde ikkje sett den før. Eg tolte godt å sjå den igjen, og er framleis imponert av den spektakulære produksjonen. Vi kjem truleg til å kjøpe dvd-en, og kanskje eit nytt eksemplar av cd-en òg. Det er mange storfilmar som har première framover, og eg kjem til å prøve å få med meg dei fleste på kino.

lørdag 26. januar 2013

Glattisen på Grimstadvatnet




Både "Besta" og Solveig har blogga om dagens besøk på Hareid, og sjølv har eg berre tenkt å seie tusen takk for ein hyggeleg dag saman med kjekke folk med nydeleg mat og god prat! Ungane og eg stoppa ved Grimstadvatnet så dei fekk gå litt på skøyter i nydeleg sol, men kald vind. Etter kvart kom morfaren, onkelen og kusina òg. Eit artig innslag var dei som surfa rundt på isen med ein slags kjelkar med surfesegl på (nei, eg veit ikkje kva denslags heiter).

Bok 3 2013: "Inés, jeg elsker deg!" av Isabel Allende

Kolonialiseringa av Chile står sentralt i denne romanen, der handlinga er lagt til 1500-talet, og forma er eit slags brev frå ei døyande kvinne. Ikkje så originalt i og for seg, og slett ikkje uventa frå Allende, men likevel har denne forfattaren noko ekstra ved seg som mange andre bestseljande forfattarar manglar. Mest påfallande er dei sterke kvinneskikkelsane, som har sterke kjensler utan å bli sentimentale. Ei bokmelding eg las seier at det historiske stoffet ikkje glir godt nok inn i romanen, men det er eg ikkje einig i. Tvert imot synest eg Allende lukkast i å opplyse oss om Chiles historie gjennom spennande romanar, og denne føyer seg inn i rekkja.

torsdag 24. januar 2013

Ei heilt vanleg veke på jobb

Ofte skriv ein ikkje ned noko om det som ikkje er noko spesielt. Ikkje tek ein bilete av det mest trivielle heller. Likevel er det dei vanlege dagane, det normale, det er mest av i livet. Heldigvis har eg ein kvardag som eg trivst godt i.

På jobb denne veka:
  • Gruppearbeid i norsk der elevane skal presentere ein forfattar/forfattarskap for resten av klassen
  • Engelsk romanlesing ("Slumdog Millionaire" i år igjen)
  • Novelleanalyse/innlevering
  • Analyse av kortfilm
  • Vise fransk film "La vie en rose" (vikariat for kollega)
  • Prosjekt i engelsk der elevane lagar quiz om Storbritannia
  • Foreldresamtalar
  • Planlegging av "Open dag"
  • Kursing om oppretting av bibliotekblogg (dette kjem eg attende til)
Ein slepp å kjede seg.


onsdag 23. januar 2013

Fri-onsdag med tur i nærmiljøet




I dag hadde eg huset fullt av born, for berre Storegut var på skulen, og Minstemann hadde overnattingsbesøk av ein kompis. Eg fekk ein roleg føremiddag, og fekk mellom anna sett spørjetimen i Stortinget på tv.

Då ungane etter kvart hadde stått opp og ete frukost, gjekk vi tur ned til ballbingen. Sjølv gjekk eg vidare innover mot Mjeltvika, medan ungane vart att i ballbingen og i området rundt. Planen var at eg skulle ta bilete av dei når eg kom attende, men då hadde dei akkurat gått.

Elles kan eg melde om om lag 1/2 time sol i stova i dag, inn gjennom verandadøra. Dei som rydda for kraftlinja har truleg gitt meg meir sol som ekstra bonus.

tirsdag 22. januar 2013

Forandring fryder

Måndag var eg innom Jysk og kjøpte eit hjørnebord i same serie som salongbordet. Planen er å plassere ein lampe på det. I tillegg kjøpte eg rosa trekk til dei kvite sofaputene, mest for å få litt meir farge i rommet.

Tysdag kveld monterte dei to eldste ungane bordet medan eg steikte vaflar til kvelds. No ventar vi berre på lampen.

søndag 20. januar 2013

Mellom Bjørkedalen og Harpefossen ein stad








I dag gjekk turen til Bjørkedalen att. Vi parkerte ved Langedalsbrua og gjekk innover langs vatna. Vegen var til dels dekt av is, men det var ein flott tur med relativt flatt terreng. På turen går ein blant anna over to vakre, gamle steinbruer. Eg likar godt å sjå slike gamle konstruksjonar, som vitnar om hardt arbeid og estetisk sans.

lørdag 19. januar 2013

Bok 2 2013: "Udødelighetens elixir" av Gabi Gleichmann

Romanen handlar om jødane si historie, fortalt som ei slektshistorie frå 1100-talet og fram til vår tid. Forteljongane, eller snarare anekdotane, vert ikkje fortalde i kronologisk rekkjefølgje, men som noko eg-personen hugsar at grandonkelen har fortalt. Vi møter mange historiske personar, men mest sentralt står Spinozaslekta, der nokre vert fødde med enorme nasar og flaks men døyr ein brutal død, og der den eldste sonen skal bere vidare kunnskapen om korleis ein skal unngå å døy.

Det er ei lang bok (20 CD-plater), men det er relativt enkelt å følgje med i handlinga, mykje fordi forfattaren gjentek seg sjølv ein del. Eg likte boka medan eg las den, men er i ettertid usikker på kva prosjektet til forfattaren eigentleg har vore.

På date med Les Misérables

Fredag kveld var vi ein gjeng damer frå jobb som gjekk på kino saman. Filmen var "Les Misérables", som eg har sett som musikal i London to gonger og høyrt filmmusikken til svært mange gonger.

Filmen er spektakulær. Den held seg nær opp til musikalen i bruk av sungne replikkar, men kulissane kan ikkje samanliknast. I byrjinga ergra det meg litt at skodespelarane spelte for mykje skodespel medan dei song, slik at dei fantastiske songane kom i bakgrunnen, men film er trass alt eit anna medium som nyttar andre verkemiddel.

Eg vart mest imponert over rollefigurane Fantine, Eponine og Javert, medan Cosette og Marius var litt "bleike". Jean Valjean sjølv var ein betre skodespelar enn songar, i mine øyre. Ei flott filmoppleving uansett, og koseleg mat og prat etterpå.

onsdag 16. januar 2013

Straumssetra på fri-onsdag








"Det er i motbakke det går oppover", heiter det, og eg håpar i alle fall forma blir betre av å gå i motbakke. I dag vart eg inspirert av ei som skulle kjøpe seg kamera til å gå ein fin tur, trass i overskya vêr. Nesten 6000 skritt var det til Straumssetra når eg gjekk heilt heimanfrå, og det var mange tunge motbakkar. Det har tatt si tid å bli frisk etter sykja eg hadde i romjula, men no trur eg forma er stigande. Det er tungt med motbakkar, men lett å gå på frosne vegar.

Utsikta frå setra er fantastisk, men det hadde blitt meir spektakulære bilete dersom vêret var betre. Sjølve setra er relativt uinteressant, med nokre sel/hytter i ein bakke, og i framtida kjem eg nok til å halde fram med å gå vidare til Straumsdalen når eg er på dei kantar.

søndag 13. januar 2013

Mot lysare tider




I dag var det berre småungane og eg som var heime, men vi kosa oss med sein frukost og ein tur til Mjeltvika, der vi kunne sjå sol på hustaket vårt for første gong i år. Det er kaldt ute, og ungane hadde mykje moro med å knuse iskunsten langs vegen.

lørdag 12. januar 2013

Fladalen med kidsa

I dag var det ein nydeleg vinterdag med kulde og sol, men vi kom oss ikkje på tur nokon stad der sola skein. Eg tok nemleg med meg ungane dit eg gjekk på tur sist søndag: Fladalsetra i Bjørkedalen. På setra rasta vi, og nista var "julemannar".





Då vi kom heim, laga eg pizza, vi brende brising og styra litt inne. Dei to store skal til tettbygde strok i kveld, så dei to små og eg skal ha ein roleg kveld framfor tv-en.

fredag 11. januar 2013

Taco, takk

Vekeslutt, lønningsdag og koseleg cafébesøk, etterfølgt av ein lang tur i den kalde vinterettermiddagen - *den kjensla*, som ungdomen skriv (eller burde skrive, dersom dei nytta nynorsk). Etter at Eldstejenta kom frå jobb, laga dei tre eldste mat medan Gamla slappa av i godstolen (i den grad ein kan slappe av når ungane spelar Justin Bieber-musikk på fullt volum). Eg kan ikkje fordra å lage taco, men hadde skaffa råvarene og sette meg til bords med glupande appetitt.

Kvelden tilbringer vi i sofakroken framfor tv-en. Det er fint å vere heile familien samla og sjå fram mot ei heil helg utan så mykje program.


torsdag 10. januar 2013

Livet på skuggesida

Eg har ingen au pair, og heller inga vaskehjelp. Eg har derimot ein jobb som til tider krev mykje tid på kveldstid og i helgar. I tillegg har eg fire born som er med på mange aktivitetar og skal køyrast til og frå desse. Tre av ungane går på skule, noko som medfører leksehjelp, eller i alle fall ei viss interesse for den faglege utviklinga.

Denne veka har det vore mykje fokus på "kjendismamma" Marte Krogh, som har vore intervjua i bladet Mamma.nohttp://www.mamma.no/mammaliv/livet-p%C3%A5-solsiden Eg, og mange med meg, har irritert oss over uttalane hennar om korleis småbarnsmødrer må ta seg saman og trene meir. Det går deretter fram at ho er heimeverande, men har au pair og vaskehjelp til å avlaste seg. Mannen, deimot, vil ikkje skifte bleier og trille barnevogn, men det synest ho ikkje er problematisk. At han er styrtrik verkar kanskje formildande.

Eg håpar denne sorten artiklar vekkjer irritasjon og sjokk blant dei fleste, men fryktar at slike overklassekvinner kan setje ein standard for korleis unge jenter forventar å leve. Og så håpar eg at dei fleste foreldre evnar og ønskjer å setje eigne interesser og behov litt til sides for å prioritere borna sine.

Nokre av mine finaste stunder har vore på skogstur med ungane, i roleg tempo og med gode samtalar om det dei tenkjer og filosoferer om. Eg har sett pris på å kunne kombinere dette livet med å vere yrkesaktiv, men eg skulle ofte ønskje at eg kunne ha jobba mindre for å ha meir tid til ungane. Sjølvsagt skulle eg gjerne ha hatt vaskehjelp, og sjølvsagt har eg sett pris på å pusle med eigne interesser innimellom, men eg trur ungane har hatt godt av å sjå meg gjere normale ting i og utanfor heimen, i staden for å leige hjelp til det. Ungane mine er ikkje opplærte til at det "sjølvsagt" kjem ei vaskehjelp og ryddar etter dei.

Likestillinga var på god veg inn i kvardagslivet til folk, men kvinner som Marte Krogh set kanskje på bremsa.

onsdag 9. januar 2013

Fisk og frisk luft på fridagen




Minstemann hadde overnattingsbesøk natt til i dag, men kompisen vart henta relativt tidleg. Då fekk han besøk av ein annan kompis, og han vart med oss ut på tur. Ungane gjekk til ballbingen og leika der medan eg gjekk innover mot Mjeltvika. Det var nydeleg sol på den sida, og eg er spent på kva tid vi får sol på eigedomen.

Vel heime laga eg Gamlas spesial, nemleg pestolaks med pasta. Vi kunne i dag innvie dei nye middagsfata vi kjøpte på måndag.

tirsdag 8. januar 2013

Lommerosk på radio

I dag vart "Social education" spelt på Nrk Møre og Romsdal, og bandet vart presentert. Eg fekk ikkje med meg sendinga, men har fått innhaldet referert.

Det er framleis mogleg å gå inn på "Urørt" og stemme på songen.

Bok 1 2013: "Noe til besvær" av Mark Haddon

Dette er ei bok som er annleis enn den første boka eg las av forfattaren ("The Curious Incident of the Dog in the Night-Time", om ein gut med Aspergers syndrom). Det tok litt tid før eg kom inn i handlinga, men det er ei underhaldande bok.

I romanen møter vi ein familie som opplever ei krise. Ektemannen trur han har kreft, sjølv om dokteren seier det er eksem. Kona hans har eit forhold til ein annan mann og vurderer å bryte ut av ekteskapet. Sonen er homofil, og dottera skal gifte seg for andre gong. Alt ser ut til å skjere seg mellom dei alle, og det største dramaet utspelar seg i bryllaupet til dottera.

Eg likte boka godt, sjølv om den neppe går inn i historia som ein stor litterær klassikar.

mandag 7. januar 2013

"Pink is my favourite crayon"

I jula har eg likt godt å pynte med raudt. Det passar veldig godt til det eg har av svart, kvitt og eikefarga. No er jula ute, og eg har leita fram dei cerise/cyklamen-farga kjøkengardinene, cerise pynteputer og diverse anna som matchar i grått og rosa. Det vart likevel noko fargelaust etter jula, så i dag har eg kjøpt ein rosa løpar, to sortar rosa telyshaldarar og rosa duftlys. I morgon skal eg prøve å få tak i rette fargen orkidé.

Elles kan eg melde om at matlysta definitivt har returnert, noko som kom vel med då vi fekk servert verdas beste ballj-måltid i dag. Veslejenta var heldigvis den einaste som måtte danse ballett etterpå!




søndag 6. januar 2013

"Glede-krukker" (Dikta ordet sjølv. Kalla det "gledeskrukker" først, men nokon kunne ha trudd eg meinte smilerynker)

Jentene var i det kreative hjørnet i kveld. Dei bad om kvart sitt tomme syltetøyglas, og så dekorerte dei glasa og skreiv "2013" på. Poenget er at dei skal skrive opp hyggelege hendingar frå dette året på lappar som dei skal legge i glasa. På slutten av året skal dei ta ut lappane og lese dei for å minnast dei hyggelege hendingane.

Ein idé for andre?

Søndagstur til Fladalen




Det er mange fine turmål i området der eg bur, og i dag gjekk turen til Bjørkedalen. Vi parkerte ved skulen, gjekk opp ein skogsveg der og enda i Fladalen før vi tok ein annan skogsveg nedatt. Ein fin tur, og nesten isfrie vegar.