Viser innlegg med etiketten fagbok. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fagbok. Vis alle innlegg

søndag 8. september 2024

Bok 24 2024: "Amerikansk karmageddon - Tanker om mitt fordømte fedreland" av Thomas Seltzer


Denne boka har eg kosa meg med lenge, og delar av den har eg høyrt fleire gonger for å få med meg alt. Eg har sett stor pris på dokumentarprogramma til Thomas Seltzer om USA, og boka omhandlar mykje det same. Polariseringa politisk og den økonomiske situasjonen blir grundig forklart gjennom historiske hendingar og kulturelle fenomen. Forfattaren les boka sjølv, noko som gjer det enda kjekkare å lytte til lydboka. Det var nesten litt trist når boka var slutt, og no håpar eg inderleg det snart dukkar opp ein ny dokumentarserie i høve årets presidentval. Dette er noko eg er svært oppteken av, både som privatperson og engelsklærar.

mandag 27. juni 2022

Bok 22 2022: "Uelskbar" av Harald Vestgöte Kirsebom


Undertittelen på denne boka er "om psykopater, narsissister og andre relasjonstyranner", og det seier det meste om tematikken. Boka er både lærerik og underhaldande for dei som er interessert i relasjonar og menneskeleg åtferd, men eg vil understreke at eg las denne boka av allmen interesse for tematikken, ikkje fordi eg opplever noko eller nokon som samsvarar med skildringane i boka.

mandag 16. oktober 2017

Bok 77 2017: "Deltagende observasjon" av Katrine Fangen

Denne boka ligg litt i ytterkant av det vi har som pensum, då observasjon berre er ein av mange metodar vi kan bruke i masteroppgåvene våre. Deltagande observasjon er ein av variantane av slik observasjon, så derfor blir det svært detaljert om eit lite tema. Når det er sagt, så er denne boka lett å lese og forstå - mykje på grunn av dei mange døma frå Fangens eiga forsking. Spesielt interessant syntest eg det var å lese om korleis ho hadde forska på norske nynazistar.


torsdag 12. oktober 2017

Bok 76 2017: "Forskningsmetoder i utdanningsvitenskap" av Edvard Befring

Nok ein gong har eg lese ei fagbok som var relativt enkelt skrive, med mykje det same innhaldet som i fleire andre pensumbøker når det gjeld metode og etikk. Det som skil denne boka frå andre eg har lese, er at den på mange måtar kan sjåast på som ei handbok i kva metodar og design ein vil/bør velje når ein skriv ei masteroppgåve. Kanskje er ikkje boka så relevant til eksamen, men den er svært inspirerande når ein tenkjer på kva ein vil skrive om. Dei eg studerer saman med som studerer på heiltid, har begynt på masteroppgåva si allereie, så for dei må dette vere meir rette tidspunktet å lese ei slik bokpå enn for oss deltidsstudentane, som er mest opptekne av å greie eksamen i desember.

tirsdag 10. oktober 2017

Bok 74 2017: "Innføring i pedagogisk forskningsmetode" av Thor Arnfinn Kleven m.fl.

Denne læreboka er svært innhaldsrik og nyttig for studiet eg tek. Den omhandlar både kvalitativ og kvantitativ metode, og i tillegg statistikk, etikk og vitskapsteori. Eigentleg burde eg ha lese den før alle andre pensumbøker, men det får så vere. Eg blir nok nøydd til å ta den fram att når det lid mot eksamen, men eg må seie at dette var ei bok som ikkje var så tung å lese som mykje anna eg fordjupar meg i.

lørdag 30. september 2017

Bok 72 2017: "Skapte virkeligheter" av Tor Halfdan Aase og Erik Fossaskåret

Undertittelen på boka er "Om produksjon og tolkning av kvalitative data", og det seier i grunnen mykje. Boka er lett å lese og har mange døme som gjer stoffet forståeleg og interessant. Mykje handlar om etiske dilemma i forskingssituasjonar, og då fortel dei eit døme om ei kvinne på 1800-talet i Bergen som vart motvillig behandla ved at ein sprøyta leprabasillbefengt stoff inn i auget hennar. Resultatet var interessant og gav ny kunnskap om vaksine, men kvinna vart likevel høyrd då ho klaga på behandlinga. Sjølv om ho var spedalsk og dermed på botnen av samfunnet, vart ho høyrd  av dei høgare lag av samfunnet.

onsdag 27. september 2017

Bok 69 2017: "Det kvalitative forskningsintervju" av Steinar Kvale og Svend Brinkmann

Nok ei pensumbok ligg i bunken for ein gongs gjennomlesing, så får vi sjå om det blir fleire. Då eg studerte i min ungdom, las eg alltid pensum fleire gonger, men det blir knapt med tid når ein skal ha andre tidkrevjande aktivitetar i kvardagen. Uansett må eg med eit letta sukk konkludere med at dette var ei bok eg forstod mykje av, og som gav mange gode refleksjonar for seinare bruk. Her var mange gode innspel når det gjeld utforming og tolking av intervju, og boka var dessutan rimeleg lett å lese. No håpar eg at resten av pensum er like lett å kome gjennom, og at det berre blir statistikken eg må slite med.

tirsdag 19. september 2017

Bok 67 2017: "Enhet og mangfold" av Kristen Ringdal

Dette er kanskje litt juks, då eg ikkje har lese heile boka, men "berre" dei 160 sidene av den som er pensum. Det er noko av det tyngste eg nokon gong har lese, og absolutt det eg har forstått minst av gjennom tidene. Emnet er stort sett statistikk, og mykje av boka går ut på å forklare formlar som eg ikkje skjønar bæret av, sjølv om eg skjønar døma og variablane og kan lese og forstå resultata. Det blir interessant å sjå om eg greier å bruke boka i neste omgang, når eg skal utarbeide eigne reknestykke, bruke formlar og jobbe med dataprogrammet SPSS. No veit eg i alle fall kvar eg finn dei ulike formlane, så får eg ta det derifrå. Eg gir ikkje opp. Enno.

fredag 14. april 2017

Bok 26 2017: "Literacy i læringskontekster" av Dagrun Skjelbred og Aslaug Veum

Boka er ei samling artiklar som alle omhandlar literacy, kvar på sitt vis. Fleire viktige forskarar har kome med, både på norsk, svensk og engelsk, og det har vore lærerikt å lese boka. Likevel har nok lesinga mi vore prega av at det snart er eksamen, så eg har vurdert nytteverdien nøye i det eg har lese.

Forlaget skriv:
"Literacy-begrepet står sentralt i samtidens utdannelsestenkning. Hvordan kan vi arbeide for at barn og unge skal utvikle den tekstkyndigheten de trenger for å leve og lære i et komplekst tekstlandsskap? Boka Literacy i læringskontekster presenterer et utvalg artikler fra ny nordisk morsmålsdidaktisk forskning.Utvikling av tekstkyndighet har en viktig sosial og samfunnsmessig side. Den har også en individuell side som angår den enkeltes utvikling og opplevelse av å få tilgang til viktige tekster og kommunikasjonsarenaer, og til selv å kunne ytre seg. Artiklene i denne boka belyser tekstkyndighet både fra et individuelt og et samfunnsmessig perspektiv. Boka gir et mangfoldig bilde av hva literacy eller tekstkyndighet i læringskontekster både er og kan være, for barnet i barnehagen, for eleven på ulike trinn i skolen, for studenten og læreren. Den er derfor aktuell for studenter i lærerutdanningene, lærere og lærerutdannere."

lørdag 28. januar 2017

Bok 9 2017: "Læringsprosesser - dybdeforståelse, danning og kompetanse" av Siv Måseidvåg Gamlem og Wenke Mork Rogne

Det meste av det eg les av pensum er artiklar, men i vår skal eg lese eit par heile bøker òg. Denne boka var ei lita fagbok som fletta saman mykje eg har lært tidlegare om motivasjon og meistring med lese- og skrivestrategiar. Det nye emnet eg studerer skal dreie seg om "literacy", som er eit faguttrykk ein har omsett mellom anna til lese- og skrivekunne, og denne boka er skriven av emneansvarleg og ei anna som òg har doktorgrad. Boka tek føre seg eit vidare emne, og den var relativt lett å lese.

torsdag 8. september 2016

Bok 73 2016: "Språknormer i Norge" av Lars Vikør og Helge Omdal

Denne hausten er eg i gang med eit nytt masteremne. Vi skal for det meste lese artiklar, men hadde denne boka på pensum òg. Det er ei relativt lettlesen pensumbok som handlar om normering av språk, som tittelen røpar.

tirsdag 19. januar 2016

Bok 7 2016: "Skolen som læringsarena" av Einar og Sidsel Skaalvik

Eg les for det meste utdrag av bøker eller artiklar som pensum, men denne boka har eg lese frå perm til perm. Det er ei interessant og lærerik bok, som mellom anna handlar om motivasjon, attribusjon (kva ein skuldar på dersom noko går godt eller gale) og ulike læringsmåtar.

Det eg mislikte i boka, var mellom anna eit lite kapittel som handla om læraren si rolle i det sosiale samspelet mellom elevane, der lærarane vart framstilte på ein måte eg ikkje kjende meg att i. Ved nærare ettersyn viste det seg at skildringa var basert frå utanlandsk forsking frå 1970-talet, noko som provoserte meg. Hadde ein kunna tenkt seg ei lærebok om medias rolle i samfunnet som baserte seg på førti år gamal forsking? Samfunnet har trass alt utvikla seg, og skulen med det. Dessutan er det store kulturelle skilnader på korleis lærarar snakkar til elevar, og omvendt, så forskinga dei hadde brukt var irrelevant for å seie noko om den norske skulen i dag.

Eg trøystar meg med at det ein har hissa seg opp over, hugsar ein.