lørdag 31. juli 2010

Siste stopp Lillehammer

Det er greitt å ha ein kort sisteetappe, så det har blitt ein tradisjon å stogge på Lillehammer. Det var ikkje så langt å kjøre frå Strömstad, men det vart både svenskehandel og dekkskifte før vi kom så langt. Vi roa ned ein ekstra dag og stakk innom badelandet på Jorekstad. Det var ein fin måte å avslutte ferien på, og etter badet smakte det herleg med pizza og oreokake m/is på Peppe's. No er vi heime att, i kulde og skodde, men med håp om nokre fine dagar før skulen begynner.

Wizard of Oz

Tysdag var det igjen teater/show på Daftö, nemleg "Trollkarlen från Oz". Kjekt med litt underhaldning etter ein relativt sløv dag.

Strandliv på Daftö

Piratshow på Daftö camping



Eigentleg skulle vi campe på Daftö camping, men der var fullt. Bror min med familie tipsa oss om å legge oss inn på Lagunen camping i staden. Den ligg kant-i-kant med Daftö, og det var berre ein liten spasertur å gå opp til den gedigne leikeplassen, der dei spelte piratshow måndag kveld.

Skara Sommarland dag 2





fredag 30. juli 2010

Skara Sommarland dag 1

Solnedgang i Skara

Campingplassen ved Skara Sommarland var eit kapittel for seg, der sanitæranlegget sikkert går inn i historia som tidenes verste. I området i nærleiken var det fint og fredeleg å gå tur, noko eg gjorde to av kveldane.

Siljanbad camping

Ei nydeleg, langgrunn strand og ein fantastisk solnedgang var det positive, rånemiljøet bak campingen var det negative.

Bjørneparken i Orsa

Her kan ein sjå mange ulike ville dyr, men dei mest spennande er brunbjørn, tiger og isbjørn. I tillegg var der ein del døme på spor, ekskrement, utstoppa dyr og anna som gjorde parken til ei interessant og spennande oppleving for store og små.

Bok 37 2010: "Bonden" av Kjell Aukrust"

Denne boka var den siste Aukrust skreiv av Alvdalstrilogien, men rekkefølgja er som regel "Simen, Bonden og Bror min" når bøkene vert gjeve ut samla. Lydbøkene er eit unntak; dei kom kronologisk etter utgjevingsår. Toralv Maurstad les på ein glimrande måte, og vi hadde stor glede av lydbøkene heile familien.

Bok 36 2010: "Bror min" av Kjell Aukrust

Innhaldet i denne boka er mykje likt den førre, og stoffet er sikkert kjent for dei fleste. Ekstra artig er denne boka fordi ein veit kven "Bror min" er.