lørdag 30. januar 2016

Ekstreme Tor

Fredag sende vi elevane heim etter lunsj, og mine eigne born vart sende heim frå skulen på Folkestad. Årsaka var ekstremvêret som var varsla. Eg hadde ingen timar etter lunsj, men hadde planlagt å rette ferdig ein bunke før eg gjekk heim. Det klarte eg nesten, men etter kvart vart skulen tømd også for lærarar, og eg skunda meg å handle inn mat før eg kom meg heim att. Der retta eg ferdig og las ein del pensum medan vi enno hadde straum, i tillegg til at eg kokte pasta til pastasalat. Då straumen gjekk i 19-tida, hadde vi både stearinlys og ved klart. Det einaste som var trasig, var at Storegut ikkje kom seg heim frå jobb og måtte bli att i tettbygde strok.

Då vi vakna laurdag morgon, var straumen attende. Ingenting dramatisk hadde skjedd med hus eller hage, så vi kom frå det med minimale problem.

Bok 9 2016: "Bare et barn" av Hanne Kristin Rohde

Det er kanskje dumt å lese den andre boka i ein serie utan å lese den første, men slik gjekk det altså denne gongen. Og kjensla eg sit attende med, er at eg neppe kjem til å lese fleire bøker av forfattaren.

Sakene er spennande nok, med eit mord i politihuset og bortføring av asylbarn, men likevel fangar ikkje boka meg. Det er vanskeleg å setje fingeren på kva det er som manglar, men truleg har det mest med oppbygging av spenning å gjere. Delar av løysinga var dessutan så spesiell at eg sukka tungt og høgt.

onsdag 27. januar 2016

Endeleg fri-onsdag igjen

I førre veke gjekk onsdagen med til politisk møte om kommunesamanslåing. Som om ikkje det var nok, vart det kveldsjobbing og lange dagar i høve karakteroppgjer og foreldresamtalar. På toppen av alt hadde vi bestemt å bruke laurdagen til å arbeide inn ei langhelg i mai, så då vart det Loen att. temaa var mange og interessante, og mellom slaga fekk eg tid til å lese vidare i pensumlitteraturen min. Laurdag kveld kollapsa eg totalt, og søndag vart det berre til at eg rusla ein liten tur ute og vaska huset i all hast. Elles vart lite og inkje gjort.

Denne veka starta med jobb og gruppemøte måndag, og jobb og Vardefest tysdag. Då eg kom heim frå Vardefesten tysdag kveld, var eg letta og glad over at dagen i dag skulle bli ein roleg og fin dag.

Berre det å vakne av seg sjølv, ikkje av vekkjarklokka... Og å sitje med kaffikoppen i ei æve medan ein sender nokre mailar og lagar nokre planar for jobben, når "dagens outfit" er morgonkåpe og tjukkelestar. Minstemann, som har fri onsdagane i mammavekene, fekk òg vakne av seg sjølv og ete ein sakte frukost. Deretter gjekk vi oss ein sakte tur i nærmiljøet, medan vi prata og filosoferte i kjend stil.



Veslejenta hadde fått bestemme middag, så ho kom heim frå skulen til ein stabel pannekaker med bacon og blåbærsylte.

Undervegs fekk eg retta ein liten stilbunke i engelsk, og etter kvart fekk eg lese gjennom nokre sider pensumlitteratur. Ungane styrte med sitt i kjellaren, og Veslejenta vart køyrd til og frå fotballtrening som pause i studiane mine.

Eg er ikkje alltid ei like god mor, og eg er mykje på møte og denslags. Då er det ekstra godt å ha ein fridag der eg først og fremst er mamma, sjølv om eg får tid til mykje anna òg.

torsdag 21. januar 2016

Bok 8 2016: "Hestekrefter" av Lars Mytting

Erik driv ein bensinstasjon, etter å ha droppa ut av studia og flytta attende til heimbygda. No vert grunnlaget for å drive stasjonen trua av ei vegomlegging. Dette er ein roman som handlar om ei bryting mellom "den gamle og så den nye tid", der representantane for den nye tida vert skildra som usympatiske og komiske. Det er òg forteljinga om ein mann som har passert 30 utan å ha oppnådd det han eigentleg hadde tenkt i livet sitt, på grunn av mistydingar, tilfeldigheiter og ein tendens til å ville leve i ei fortid som ikkje lenger ekstisterer.

Debutromanen til Mytting er god, og tematikken var veldig interessant. Eg likte òg at rånemiljø og bilinteresse vart brukt aktivt for å få fram verdiane i bygdesamfunnet. Her var mange poeng og kommentarar om samtida som gav meg noko å tenkje vidare på.

tirsdag 19. januar 2016

Bok 7 2016: "Skolen som læringsarena" av Einar og Sidsel Skaalvik

Eg les for det meste utdrag av bøker eller artiklar som pensum, men denne boka har eg lese frå perm til perm. Det er ei interessant og lærerik bok, som mellom anna handlar om motivasjon, attribusjon (kva ein skuldar på dersom noko går godt eller gale) og ulike læringsmåtar.

Det eg mislikte i boka, var mellom anna eit lite kapittel som handla om læraren si rolle i det sosiale samspelet mellom elevane, der lærarane vart framstilte på ein måte eg ikkje kjende meg att i. Ved nærare ettersyn viste det seg at skildringa var basert frå utanlandsk forsking frå 1970-talet, noko som provoserte meg. Hadde ein kunna tenkt seg ei lærebok om medias rolle i samfunnet som baserte seg på førti år gamal forsking? Samfunnet har trass alt utvikla seg, og skulen med det. Dessutan er det store kulturelle skilnader på korleis lærarar snakkar til elevar, og omvendt, så forskinga dei hadde brukt var irrelevant for å seie noko om den norske skulen i dag.

Eg trøystar meg med at det ein har hissa seg opp over, hugsar ein.

Bok 6 2016: "Om vinteren" av Karl Ove Knausgård

Som boka "Om høsten" er denne boka ei samling korttekstar som handlar om alt frå kråker til Q-tips. Eg må seie at dei fleste tekstane her er ganske kvardagslege, og at spennet mellom filosofiske spørsmål og trivialitetar var større i "Om høsten" enn i denne. Likevel er her nokre artige skildringar og kommentarar som gjer den vel verd å lese.

Også i denne boka bruker han (mykje) ordet "likesom", noko som irriterer meg.

søndag 17. januar 2016

Bok 5 2016: "Primitive pungdyr" av Arne Svingen

Dick er 15 år og vil bli verdsmeister i å vere negativ. Han vil ikkje vere med familien på hytta, for han er interessert i ei jente og vil lage heime-aleine-fest saman med kompisen. Det heile utartar seg, og resultatet er ei fornøyeleg ungdomsbok om korleis det kan vere å vere 15 år. Boka passar kanskje best for lesarar i same aldersgruppe som hovudpersonen, men den var morosam for ein vaksen lesar òg.

Mjeltvika

I dag pakka ungane skøytene i sekken att, denne gongen for å prøve ut isen i ballbingen. Der viste seg å vere mykje snø og svak is, så det vart leik i snøen i staden, og ein liten tur innover i Mjeltvika. Hovudfokus var på leik både hos menneske og dyr i dag, noko som er det mest positive med snø etter mitt syn. Kvit nysnø inviterer til leik og slåsting.


lørdag 16. januar 2016

Folkestadsetra



I dag ville dei to yngste gå på skøyter på Folkestadsetra, for å øve seg litt til skøytedagen på tysdag. I og med at vegen var stengd, måtte vi gå heilt frå Myrane (fotballstadion) og opp til setra, og då vi kom dit, var det så mykje snø på vatnet at det var uråd å gå på skøyter der. Vi gjekk ned langs vatnet og over på den andre setrevegen, som vi gjekk ned att til den andre kanten av bygda. Det vart 15 000 skritt på teljaren, så ingen klaga på det.

Vel heime laga vi ostesmørbrød og varm sjokolade, og så fyrer vi i omnen og kosar oss. Storegut kom heim frå jobb, og familien er samla.

torsdag 14. januar 2016

Bok 4 2016: "Liten fugl. Mors bok. Sangen om skogen og kornet" av Lars Ramslie

Hovudpersonen "Mor" sit ved sjukesenga til ei jente som ligg i respirator. I boka får vi høyre om forholdet mellom jenta og "Mor", som begynner som eit velmeinande forhold mellom ei einsam jente med omsorgsbehov og ein omsorgsfull vaksen. Etter kvart møter jenta ein gut, og "Mor" vert stadig meir dominerande i jenta sitt liv.

Ramslie skal ha planlagt eit større verk, og dette er i tilfelle første del av verket. Boka minner lite om dei tidlegare bøkene hans, men så er det mange år sidan førre bok kom ut ("Uglybugly" i 2004). Dette var ei bok som gjorde meg interessert nok til at eg kjem til å lese resten av verket òg.

onsdag 13. januar 2016

Frisk luft på fri-onsdag

Etter å ha vore halvsjuk i to veker er forma ikkje særleg god, men i dag hadde eg bestemt meg for å gå tur. I 1 1/2 veke har eg stort sett halde meg inne, kreka meg av garde på jobb men heller ikkje særleg meir. No er det mildare ute, og dei fæle hostekulene som følgje av temperaturskilnader uteblei.

Minstemann og eg rusla til Mjeltvika, medan vi snakka om smått og stort som låg oss på hjartet. Det vil i praksis seie at samtaletemaet for det meste var "trommer og trommeutstyr", og at eg lærte mykje om både utsjånad, utforming og effektar. 

Vel heime laga eg lapskaus av julerestar (i forgårs hadde vi brennsnut frå Ørsta laga etter same prinsipp), og så har vi studert, øvd på trommer og slappa av litt. Veslejenta er på fotballtrening i bloggande stund.

Dagens vesle humorhistorie frå heimen:
Gamla sette inn sitt eige fat, bestikk og glas i oppvaskmaskina før ho i ein pedagogisk tone sa:
"No kan dåkke herme etter meg!"

Dagens barn: "Ej vil heller herme etter når du sitte i stolen, drikke øl og sjekka facebook..."

Der fekk eg den, liksom...

tirsdag 12. januar 2016

I teorien motivert

Sidan eg framleis var halvsjuk i helga, og det var svært kaldt ute, heldt eg meg inne og las pensum. Eg var derfor nokolunde budd då eg stilte til forelesningar måndag og tysdag. Hovudtemaet var motivasjon, så det var både interessant og relevant. Likevel - seks timar forelesning x 2 vart noko heftig, og hovudverken senka seg både måndag og tysdag kveld. Akkurat no kjenner eg at eg burde ha rusla ein lang tur og tenkt over det eg har lært, for det er ikkje lite. Og så ser eg fram til ein ny fri-onsdag saman med Minstemann.


mandag 11. januar 2016

Bok 3 2016: "Babettes gjestebud" av Karen Blixen

Denne vesle perla av ein klassikar fortel historia om to ugifte systrer i Berlevåg, om hushjelpa Babette og ein heil bukett andre som samlast til ein festmiddag. Lydboka er svært kort, men glitrande lese av Kim Haugen. Ei nydeleg historie om kva som er dei verkelege verdiane i livet, kan ein kanskje seie, for ikkje å røpe fpr mykje.

søndag 10. januar 2016

Bok 2 2016: "De urolige" av Linn Ullmann

I denne boka fortel Ullmann om foreldra sine, og mykje om sin eigen oppvekst. Mest av alt fortel ho om forholdet til faren, som ho berre hadde kontakt med i sommarferiane gjennom det meste av oppveksten. Mot slutten av livet begynner faren og den no 40 år gamle dottera å ta opp samtalar på band for å kunne skrive ei bok, men han døyr før dette vert realisert. Etter nokre år finn dottera att opptaka, og denne boka blir til.

I skildringa mi kan boka verke noko rotete strukturert, og det er meir min feil enn Ullmanns. Boka er ikkje kronologisk fortald, men som erindringar flest kjem ikkje alt fram i rekkefølgje. Det er ei nydeleg bok, og Ullmann skriv veldig godt. Til tider kan boka verke utleverande, og eg håper mora har godkjent manus. Lydboka er svært godt lesen av Petronella Barker.

lørdag 9. januar 2016

Studium og husmordont

Hosten sit framleis i, og eg hadde ikkje lyst ut i minus åtte grader i dag. Det vart derfor ein roleg dag i godstolen med pensumlitteratur, parallelt som eg har rydda vekk det meste av julepynten. Juletreet skal få stå til i morgon, då dei gode hjelparane kjem heim.

No har eg hengt opp nokre gardiner eg ikkje har hatt oppe på ei stund, og stova er meir fargelaus enn på lenge. Det er i grunnen fint.

fredag 8. januar 2016

Vekeslutt og studiestart

Denne veka har eg kreka meg halvsjuk på jobb, og i fritida har eg sløva eller gjort stillesitjande skulearbeid. Etter endt arbeidsveke var det godt å kome heim, men med minus sju grader ute var det ikkje freistande å gå ein lang tur, slik eg eigentleg hadde hatt lyst til. Hosten er ekkel enno, og det gjer nesten fysisk vondt å puste ute.

Enden på visa var at eg ville gjere noko nyttig og nødvendig medan eg sat i godstolen framfor vedomnen, og då kom det vel med at eg hadde fått låne ei av bøkene frå vårens pensumliste. Tida fauk av garde medan eg las heile det første kapittelet, i nesten fire timar. Det ser ut til at dette halvåret blir vanskelegare, men meir interessant, reint fagleg. I dag las eg om læringsteori, som eg kunne ein del om frå PPU-studiet på 90-talet. Spennande stoff, men mykje (og mange) å hugse. Då hjelper det litt at nokre er gamle kjende, som Skinner, Piaget og Vygotsky. Og det meste gir god meining, og kan brukast allereie neste gong eg er på jobb.

torsdag 7. januar 2016

Bok 1 2016: "Stalker" av Lars Kepler

Ein valdsfiksert seriemordar filmar sine kvinnelige offer og legg filmsnuttane ut på YouTube. Rekk politiet å avverge det neste drapet? Kven er mordaren? Kan det vere presten Rocky Kyrklund, som for ni år sidan blei dømd til psykiatrisk behandling etter eit brutalt mord? Kan det vere Jurek Walter – psykopaten kjend frå dei tidlegare Kepler-thrillarane – eller er han død? Og kvar er politihelten Joona Linna? Er han også død, slik alle trur?
Eg hadde lese mykje positiv omtale av denne boka, forfatta av ekteparet som kallar seg Lars Kepler, men eg vart ikkje heilt begeistra. Løysinga er i og for seg ok, men karakterane og drapsmotiva er ikkje heilt truverdige, synest eg. Etter å ha vore frykteleg begeistra for "Hypnotisøren", er eg gong på gong blitt skuffa over Kepler-bøkene. No trur eg at eg gir opp denne forfattaren, sidan eg har høyrt mykje negativt om den neste boka...

onsdag 6. januar 2016

Første fri-onsdag i 2016: tannlege, besøk og shopping

I dag hadde eg tannlegetime, og Eldstejenta vart invitert med til Ørsta for å besøke besteforeldra. Det vart ei triveleg økt med mat og kaffi, før vi tok oss ein shoppingrunde for å bruke dei pengane eg hadde spart på å ha "null hull". Denne gongen var eg sikker på at eg hadde tannkjøtproblem, ei fylling hadde falle ut og der var eit hol, så eg vart ekstra letta over å sleppe billeg og greitt unna.

mandag 4. januar 2016

4. januar: Back to school

er det noko som er plagsomt når ein er lærar, så er det å vere forkjøla. I dag kreka eg meg av garde på jobb, medan snørra skvatt og eg ville hoste til eg nesten kasta opp. Eg heldt god avstand til kollegaer og elevar, og håpar på å verte fort frisk.

Vel heime la eg meg føre på sofaen, med hunden Charlie som sjukepassar og varmeflaske. Den jobben tok han veldig alvorleg, og vi sov middag saman eit par timar før eg gjenoppstod, litt friskare. No i kveldinga kjenner eg meg bra sylta att, men håpar at ei god natt skal gjere susen. Eg har tannlegetime på onsdag, og då vil eg vere frisk att!

søndag 3. januar 2016

3. januar: Stigedalen

Forkjølinga sit i enno, og det var uaktuelt med ein altfor lang eller bratt tur i dag. Vi diskuterte lenge kvar det kunne tenkjast å vere mest sol i dag, og tanken var at Stigedalen låg så høgt oppe at sola kom til å skine der. Det slo feil. Vi valde å gå på ein anleggsveg frå Tua og opp mot ei monstermast.

Kort oppsummert: ein bratt tur i skugge mot eit relativt uinteressant utsiktspunkt.

Positivt: hundane fekk springe lause utan å skremme andre turgåarar.

Vel heime fyrer eg i omnen og leitar fram lærebøkene. I morgon er det jobb att, etter ein lang ferie. Eg håpar forkjølinga slepp taket ganske raskt, for det er slitsamt å vere forkjøla lærar.

2. januar: Størst av alt er kjærleiken

Dei som kjenner meg godt, veit at eg har hatt litt problem med nyttårsønske og nyttårsfeiring etter at eg fekk ein noko dramatisk start på året 2003. Natt til 2. januar 2003 opplevde eg ein spontanabort som vart eit vendepunkt i livet mitt. Aldri, verken før eller seinare, har eg kjent meg så aleine som den natta og i dei påfølgande dagane.

Det vart derfor ekstra sterkt då han som kjenner meg best valde å gå ned i kneståande akkurat på denne datoen, for å snu den til noko kjekt og skape eit godt minne.

Så no er vi altså trulova, kva no det kan innebere for to gæmlisar som oss. Ein fin start på det nye året.

lørdag 2. januar 2016

1. januar 2016: godt nytt år!



Etter nokre dagar med storm og forkjøling fekk eg endeleg kreka meg ut på tur i dag. Med nullstilt skritt-teljar og friskt mot la vi av garde innover frå Tua i retning Movatnet. Vi snudde ved Langevatnet fordi det var glatt å gå på skaren og fordi det heldt på å mørkne. Det er fint å gå på Stigedalen, då der ikkje er bratt nokon stad og heller ikkje særleg trafikk (vegen var stengd med bom). I og med at det ikkje er skiføre, slapp vi å møte skigåarar, og det var heller ingen andre ute og gjekk. Ikkje det at vi er folkesky, men det er praktisk og greitt å la hundane springe lause.