torsdag 31. januar 2008

"Mengele zoo" - folkets favoritt, men ikkje min


Tredje bok ned frå "skal lese"-haugen på nattbordet i 2008 var "Mengele Zoo" av Gert Nygårdshaug. Boka har ikkje akkurat vore hyggeleg sengelektyre, men eg syntest eg burde ha lese den sidan den vart kåra til "folkets favoritt" av ein eller annan jury i 2007. Faktisk kjøpte eg den til meg sjølv i julegåve. Romanen er ei dyster forteljing om regnskog, utryddingstrua artar og terrorisme, og den blir nok aldri min favoritt, sjølv om temaet dessverre er meir aktuelt no enn då romanen kom ut i 1989.

tirsdag 29. januar 2008

Dancing queen


Eldstejenta dansar seg gjennom livet. Ho begynte aldri på klassisk ballett, men ho har gått nokre år på jazzballett og eit halvt år på "contemporary". I tillegg er ho sjølvlærd koreograf både for solonummer og dansenummer som involverer born i bygda generelt - og søskena spesielt. Til julefesten på skulen øvde ho og systa (nummer 3) inn ein juleinspirert dans som dei også framførte på juletrefesten i bygda. For tida øver dei inn eit nytt nummer som også involverer ein djupt konsentrert 4-åring (nummer 4). Hadde eg fått med meg Gubben på dansekurs, ville idyllen ha vore fullkomen. Som ein kuriositet for blogglesarar på mormorssida av slekta til borna, så var "Dancing Queen" i Volda for å lære nokre studentar å danse linedance i dag - og der møtte ho tremenningen sin frå Os/Eid!

torsdag 24. januar 2008

Ballerina Girl and Billy Elliot



Torsdag er ballettdag. Eg avsluttar timen 13.20, tek 13.30-ferja heim og har middag klar til unge 2, 3 og ein kompis av nummer 2 når dei kjem frå skulen 14.20. Seinast 15.00 kjører vi til ferja att, og så møter Gubben dei på kaia på hi sida. "Ballerina Girl" har først ein time jazzballett i Volda - deretter kjører dei til Ørsta og har ein time klassisk ballett der. I mellomtida har "Billy Elliot" Hip Hop-time saman med kompisen, og dei blir kjørte heim av faren til kompisen etter å ha tatt ferja på eiga hand. Nummer 1 dansar både jazzballett og "contemporary", men ho styrer seg sjølv med buss og ferje. I haust opplevde vi å sjå alle dei tre eldste delta i ei danseframsyning. Nummer 3 gjorde dessutan ein heiderleg innsats i "Nøtteknekkeren" like før jul. Slike stunder gjer stresset i kvardagen uvesentleg, og pengane det kostar ein bagatell.

onsdag 23. januar 2008

Fridag 3: når Gubben er vekk,....



Gubben er bortreist med jobben eit par dagar, og då nytta hestane høvet til å stikke av. Vi har nemleg, som om vi ikkje hadde nok å styre med, gåande to islandshestar på garden. Dei er ikkje våre, men dei har vore her 5 - 6 år no. Unge nummer 1 er den som har styrt mest med hestane i tillegg til Gubben, men ho var sjølvsagt på skulen då det vart oppdaga at hest nummer 1 var laus. Unge nummer 2 og eg hadde eit svare strev med å få tak i hestane - den andre stakk sjølvsagt sjølvsagt av midt i prosessen - men etter to timar var hestane under kontroll. Ein dårleg start på fridagen, som elles gjekk med til å bygge trehytte, lese bøker og lage teikningar til pappaen, som (heldigvis) kjem att seint i kveld.

mandag 21. januar 2008

Charlie and the Chocolate Factory


Som tidlegare nemnt, har eg lese "Boy" av Roald Dahl saman med engelskklassa mi. I denne sjølvbiografiske boka er det eit kapittel der Dahl fortel om tida si på kostskule, der dei som var elevar fekk tilsendt prøver på nye sjokoladetypar for vurdering. I følgje Dahl var det då han fekk idéen til boka "Charlie and the Chocolate Factory", som er blitt filma i alle fall to gonger. I dag begynte vi å sjå 2005-filmen med m.a. Johnny Depp i ei leiande rolle som Willy Wonka. Familien min såg denne filmen på kino då han var ny, og så kjøpte vi dvd-en så snart den kom på marknaden. Den er berre fantastisk. På skulen har vi videokanon, høgtalarar og lerret, så det blir nesten som kino det òg. Med engelsk teksting trur eg elevane lærer vel så mykje som av å lese eit stykke i leseboka. Vel heime fann eg meg ei konfektøskje som var att etter jul.

søndag 20. januar 2008

"Helle og Vera"


Eg plar tilby elevane at eg les ei og anna bok for å hjelpe dei i gang med særemna, og i år vart eg spurd om eg ville lese "Helle og Vera". Dermed vart den bok nummer to i 2008, viss eg då ikkje reknar "Boy" og "Sjur Gabriel", som eg har lese fleire gonger før. "Helle og Vera" er andre romanen til Tove Nilsen, og den er skriven i 1975- noko den ber ekstremt mykje preg av. Det store temaet i romanen er homofili, og ein får inntrykk av at den eine kvinna vel å leve med ei anna kvinne fordi menn behandlar kvinner nedlatande, respektlaust og undertrykkjande. Det heile toppar seg på slutten, då den lukkelege løysinga ser ut til å bli at dei to lesbiske kvinnene vil flytte i kollektiv saman med to homofile menn og ei aleinemor. Ei tidleg utgåve av "Friends"?

lørdag 19. januar 2008

Harpefossen


I dag var vi ein liten tur til Harpefossen, som ligg like utanfor Nordfjordeid. Vi hadde med oss ein kompis av unge nr.2, og dei hadde snøbrett. Gubben, nr. 1 og 3 hadde vanlege slalåmski, og nr. 4 og Mora hadde turski. På Harpefossen er der mange ulike løyper, så eg gjekk meg ein tur medan dei andre styra seg i bakkane. Deilig å vere ute og få ei kjensle av vinter - det har vore mykje fokus på klimaendringar denne vinteren, og vi lyt visst berre nyte årstidene medan dei enno finst.

fredag 18. januar 2008

Get up, get down


Ny semifinale i melodi grand prix i kveld, og her i heimen har vi no kåra årets vinnarmelodi. Som gammal MGP-entusiast har eg for lengst lytta til alle semifinalistane, men det blir noko anna live. Den songen son hadde festa seg i skallen på meg, var balladen "I'm in love". Songen var fin den, men vokalisten song direkte surt innimellom. Bandet "Crash" imponerte derimot; dei hadde blitt mykje meir scenevane enn i fjor, og songen var skikkeleg bra, sjølv om dei minte om ein bleik kopi av "My Chemical Romance" i stilen. Det hadde vore kjekt å kunne heie på Noreg - i fjor vart det norske bidraget berre pinleg.

GRATULERER, FJORTISNEVØ


I løpet av det siste om lag tjue åra har eg blitt tante til fem flotte gutar og ei like flott jente. Ein kan ikkje anna enn glede seg over dei friske og kjekke borna som utgjer neste generasjon. I dag er nevø nummer tre fjorten år, og eg helsar så mykje til han! Eit minne som dukkar opp frå då han vart fødd, er at mor hans og eg var på nyttårssal i Bya og gjekk til feil kai då vi skulle ta hurtigbåten heim. Vi fekk sjølvsagt hastverk og måtte springe, og Systa tok dei sju stappfulle posane sine og heldt dei framfor magen når ho sprang så ingen skulle sjå at ho var høggravid og oppførte seg slik. Det vart mykje fliring på veg heim. Han vart dessutan sprek til å springe han som vart fødd eit par veker seinare.

onsdag 16. januar 2008

Fridag 2: finst det dårleg vêr?


I helga avtalte eg med borna at vi skulle gå på skitur etter skuletid i dag, slik at dei fekk sjå korleis det er å gå i lysløype. Då storeungane kom heim, år vi middag og sette oss i bilen - trass i at det var sur vind og regn. På Stigedalen var det litt vind med det same, og mykje snø. Det vart gradvis mørkare etter kvart som vi gjekk innover, men lyktene kom ikkje på! Eg sende nummer 2 attende til bilen for å hente ei hovudlykt som låg der då eg såg at vi kom til å mørkne heilt bort, og vi fekk ein litt skummel retur til parkeringa. Nummer 4 og eg var baktropp, og vi grudde oss litt til å gå forbi trollgjerdet utan anna lys enn det flakkande hovudlyset. Men så, akkurat då vi kom til trolla, slo lyktene i alle lysløypene seg på, og verda vart som eit julekort rundt oss. Merkeleg kor forandra perspektivet på omverda vert med litt meir opplysning.

tirsdag 15. januar 2008

La korpset leve!


Vi bur i ei lita bygd, der butikk og skule er blitt lagt ned, og der pendling til andre stader er nødvendig både for små og store. Noko av det vi framleis har, er korpset. Ei lita samling av musikalske idealistar møtest kvar tysdag året rundt, og så poppar dei opp på høgtidsdagar som jul og 17. mai. Gubben hadde ein karrière i Volda skulekorps i sine yngre dagar, og etter at vi flytta hit har han delteke i korpset med både tuba, stortromme og kubjelle - alt etter kva behovet er. Ungar nummer 1 og 2 er òg med i korpset, på barryton og trombone. Det blir vel til at nummer 3 begynner å spele eitt eller anna til hausten ho òg, så då utgjer familien om lag 20 % av korpset. Til slutt går eg sikkert aleine bakarst i 17. maitoget. Alternativet er å begynne å spele sjølv. Dirigenten foreslo ein gong at eg kunne begynne å spele klokkespel, og då sa eg det var greitt viss eg fekk høge, kvite støvlettar, kvitt mini-plisséskjørt og høg hatt med pelskantar (slik var det nemleg mi gamle klassevenninne gjekk kledd då ho spelte klokkespel tidleg på 80-talet). Etter dette har eg ikkje høyrt noko.

mandag 14. januar 2008

Every step you take


Eg har det med å bli hekta. Ein gong var det dataspel, ein annan gong var det ein spesielt vanskeleg kabal. For tida går det i skritt-teljing. Eller, for tida? Bakgrunnen for denne "fema" var ei litt lite romantisk julegåve frå Gubben i jula 2006, så eg har vore hekta ei stund. Julegåva vart øydelagd etter ei stund, men eg kjøpte ny og talde ivrig vidare. Irriterande nok ville den nye ikkje telje skritt i bratte oppoverbakkar, så det var vanskeleg å oppnå dei daglege 10000 skritta som er målsetjinga. I november mista eg heile skritt-teljaren - og saman med den noko av iveren. Ein heil månad lata eg meg på sofaen, gjorde skulearbeid og syntest eg hadde eit hav av tid. Alle stilbunkar var retta då jula kom, noko som er heilt uvanleg. Eit par dagar før jul kjende eg trangen kome - det var ein dimensjon i livet som var borte, og eg mangla eit prosjekt. Ein liten, raud og lekker skritt-teljar vart hekta på linningen. Den nye tel litt rausare enn den eg mista, og samlivet mellom oss er dermed heilt uproblematisk.

søndag 13. januar 2008

Familietreff



I og med at jula vart prega av sjukdom, vart det ikkje noko treff då. No går det mot bursdagen til nummer 3 i søskenbarnflokken på Hareid, og i dag varta Systa opp med sosakjøt og mykje anna godt for å feire han. Det er alltid godt med tradisjonell og god mat, og det er alltid kjekt å møtast. I min barndom sat søskenbarna ofte på timesvis og såg på kvarandre før vi fann tonen, og då vi hadde funne tonen, var det på tide å reise heim. Dagens yngre garde har litt lettare for å kome raskt i gang med leik og spel.

lørdag 12. januar 2008

Ut på tur


Når det regnar i lavlandet, er det ofte fint på fjellet. I dag var nummer 2 og 3 i barneflokken med mora si på ski på Stigedalen. Der er det mange opptrakka løyper, og i dag undersøkte vi litt nærare kvar dei gjekk, kvar som var lysløyper o.l. Eg er ikkje spesielt god til å gå på ski, men eg synest det er kjekt. Så lenge bakkane ikkje er så frykteleg bratte.

Musikksmaken er som baken: heilt ræva


Norsk semifinale i Eurosong/MGP i Stavanger i går, og eg er heilt sjokkert. Kva er det med norske bidrag i denne konkurransen? Vi er liksom 10 år for seint ute med det meste. Når dei andre europeiske landa har droppa det kommersielt etniske kjem Noreg på banen med denne sjangeren, slik som i fjor, då vi kasta oss på latinobølgja som herja for ein heil del år sidan. Kvar er nytenkinga? Og kvar er sceneshowa? Kva skal vi med "syngende husmødre anno 2008"? Etter mitt syn var det berre ein verkeleg sceneartist og ein song med ein viss appell i går, og så gjekk den ikkje vidare ein gong. Det er berre å belage seg på å heie på Sverige i den internasjonale finalen i år, for Noreg blir neppe med.

fredag 11. januar 2008

London calling


Så er det altså i boks! To kollegavenninner og eg skal til London første helga i vinterferien! Vi har snakka om det lenge, og heretter kjem vi neppe til å snakke om anna! Planlegginga er i full gang, og vi ser allereie fram til å seie "hugsar du London?" i alle samanhengar i etterkant. Akkurat som i "Friends".

torsdag 10. januar 2008

Verdas beste jobb vol.2


I dag følgde eg elevane på teater i Ørsta! Stykket vi såg var "Lampedusa" - forfatta av Henning Mankell. Ei muslimsk lesbisk kvinne skal vere med i eit talkshow, og stykket handlar om møtet mellom denne kvinna og talkshowvertinna. Tematikken var både fordommar mot muslimar og etikk i media, og eg hadde inntrykk av at skodespelarane nådde fram til elevane. Mange av elevane har truleg større fordommar mot teater enn mot muslimar.

onsdag 9. januar 2008

Bearded collie


Tida er kanskje inne for å introdusere familiens to hundar av rasen Bearded Collie. Vi kjøpte vår første i år 2000, men den døydde av hjartefeil for tre år sidan. Vi var då snare med å kjøpe oss ein ny liten tispekvelp, og året etter vart vi "fosterfamilie" til ein hanhund som eigaren ikkje hadde plass til i kennelen sin. Vi reiser rundt på utstillingar med desse to, og først og fremst har vi mange fine turopplevingar saman med dei. Rasen er ivrig og lystig, og våre to er utruleg snille og barnevenlege, men dei hoppar opp på folk som kjem på besøk og er eit mareritt for folk som ikkje er så begeistra.

Fridag


Eg er så heldig å ha undervisningsfri onsdagane, og då er eg heime med dei tre yngste. Mykje av dagen går med til skulearbeid og klesvask, for ikkje å snakke om å ta att noko svevn, som det blir lite av elles i veka. Vanlegvis står eg opp klokka 6.00, og det held hardt for eit utprega B-menneske. Det er flott for ungane å ha ein fridag, for dagane elles er fylte med meir eller mindre organisert leik og aktivitet. I dag har dei tre yngste og nabogutane leika i trehytta si og hoppa i høyet inne i løda når vinden ute vart for sterk. Då eldstejenta kom heim, fekk ho setje seg rett til middagsbordet saman med oss andre. Ho hadde hatt godt av å ha ein fridag ho òg, slik at ho fekk tid og ro til å gjere unna skulearbeid. Heimearbeidet er minst like effektivt som det som vert gjort på jobb - det trur eg mange med heimekontor kan skrive under på.

tirsdag 8. januar 2008

Verdas beste jobb



Ein kan seie mykje negativt om læraryrket. Vi har mykje stress og mas, utakksame elevar, krav frå alle kantar som vi umogleg kan innfri innanfor den avsette arbeidstida og bunke på bunke med stilar og prøver som må rettast. Løna er heller ikkje noko å rope hurra for når ein samanliknar seg med andre som har tilsvarande lang utdanning. MEN: i kva anna yrke kan ein lese dikt og romanar og få løn for det? Og kanskje til og med få elevane til å lese med ein viss entusiasme?
No skal ikkje eg påstå at mine elevar er så uhorveleg entusiastiske - det er ein viss fare for at eg er den mest entusiastiske - men denne veka les eg "Boy" av Roald Dahl med engelskklassa og "Sjur Gabriel" av Amalie Skram med norskklassa. Eg har lese begge bøkene saman med elevar tidlegare, og det har vore relativt vellukka. Når ein skal velje bøker som ungdom skal like, er det mi erfaring at dei bør anten vere morosame eller tragiske. Så får ein smette inn litt faktastoff om skulesystemet i England og naturalismen i Noreg når dei har lese ferdig. For mange er sjølve leseprosessen hardt arbeid i seg sjølv, og for å hjelpe på har eg spelt "Sjur Gabriel" på lydbok for dei. I dag vart vi akkurat ferdige med å føde Vesle-Gabriel og banke drengen Aslak. Tidlegare på dag hadde eg saman med den andre klassa leita etter stoff om Roald Dahl på internett og lese vidare om morosame episodar frå oppveksten hans.
Og slikt får ein løn for.

Damenes detektivbyrå nr 1

Første roman vekk frå nattbordet mitt i 2008 var denne søte detektivromanen av Alexander McCall Smith. Handlinga er lagt til Botswana, der ei kvinne løyser små og store mysterium i lokalmiljøet. Boka har verken stor litterær verdi eller er nokon særleg spennande kriminalroman, men det er interessant å lese litteratur frå andre kulturar.

mandag 7. januar 2008

Jul er ut


Når eg begynner på jobb att etter jul, er eg som regel ivrig etter å få ut alt som minner om nissar, raude lys og julestjerner. Laurdag 5. knuste vi peparkakehuset heime hos oss, og då hadde far i huset vaska til helga og rydda ut det han fann av julepynt. Denne veka er det, typisk nok, tilbod på primula på Mega, så no er det berre å fylle opp huset med vårfargar!

Ja, så gav eg etter for bloggpresset, då...


Ariel var namnet på vår første bearded collie, som døydde av hjartefeil for tre år sidan. Ho var oppkalla etter hovudhavfrua i Walt Disney-filmen "Den lille havfruen", som truleg hadde fått namnet mellom anna frå ein av karakterane i "The Tempest" av Shakespeare. Faktisk vert dette samansuriet ein presentasjon av nokre av dei viktigaste elementa i livet mitt; hundar, god litteratur og eit barn(s)leg element som eg aldri veks av meg.
Denne bloggen blir til etter sterkt press frå andre i familien som er ivrige bloggarar. Eg er redd eg kjem til å skuffe alle handarbeidsentusiastar og gourmetkokkar som kjem innom, men det blir vel desto meir hundestoff, turrapportar, bokmeldingar og kvardagsliv på Bjørneset.