søndag 25. september 2016

Arbeidshelg

Det hender at eg ønsker meg ein jobb der eg kunne ha tatt fri i fritida.

Denne veka fekk eg inn to prøvebunkar, og dermed gjekk jobben over frå å ha mykje å gjere til å ha uhorvelege mengder med arbeid. min måte å løyse slike flokar på, er å sette meg føre. Torsdag kveld retta eg i fire timar etter ein vanleg arbeidsdag på 7 timar. Fredag retta eg mykje på jobb, men tok resten av den første bunken då eg kom heim frå fotballkampen om kvelden. Laurdag gjekk vi tur, som førre blogginnlegg viser, og så sette eg meg til med bunke nummer to til klokka var over 20.00 om kvelden. Søndag morgon tilbragte eg saman med Veslejenta - vi såg ein film ilag. Det var faktisk jobb det òg, sidan eg skal jobbe med den filmen saman med ei klasse. Eg har sett den før og laga nokre arbeidsoppgåver og funne youtubeklipp med bakgrunnsstoff, men det var no greitt å ha den friskt i minne i morgon tidleg. Ikkje minst fordi vi skal tolke opningsscenen, noko som krev at ein har tenkt nøye gjennom den på førehand.

Det er litt sårt å sjå bilete på facebook av flotte turar som folk går på saman med familien sin, men her i huset er det verken tid eller stemning for denslags. Viss eg får ferdig bunke nummer to i løpet av dagen/kvelden, skal eg ta att noko meir husarbeid som står på vent. I komande veke skal eg på tre politiske møte på ettermiddags/kveldstid OG ha vinklubb på fredagskvelden, så det blir ikkje akkurat ei roleg veke heller.

Ein slepp å kjede seg!

lørdag 24. september 2016

Rasområdet reparert

I dag var vi på synfaring i rasområdet mellom Mjeltvika og Kile, der vi har høyrt gravemaskiner heile dagane i det siste.





Utsikt frå hovudvegen

tirsdag 20. september 2016

Bok 77 2016: "Den siste dansen" av Jan Mehlum

Forlaget skriv:
"Han plages iblant av stamming, men Tønsberg-advokaten Svend Foyn gjorde like fullt en vellykket debut i Radioteatret med "En nødvendig død" høsten 2004. Og nå er Jan Mehlums populære krimhelt tilbake i en ny påskekrim, basert på romanen "Den siste dansen".
Svend Foyn er skilt, middelaldrende, bekymret pappa til en tenåringsdatter, og advokatpraksisen er ikke særlig å skryte av. Men han har et stort hjerte for dem som livet har fart ille med, og en teft for kriminalmysterier, ikke minst saker som politiet ikke bryr seg særlig med. En regnvåt, svart juninatt plukker han opp noen haikende ungdommer. Da han har satt dem av, er også samleboksen med Patti Smith-CDer borte. Den dukker opp igjen på merkelig vis - minus en skive - men nå er hun som hadde den, Sara Beyer, forsvunnet. Nølende påtar Foyn seg å lete etter henne. Er Sara involvert i narko-omsetning? Saken tar en stadig mer uhyggelig vending, med innbrudd, overfall og så: mord.
Den siste dansen er en NRK-dramatisering av den sjette, frittstående kriminalromanen i serien om Svend Foyn fra Jan Melhum.
Medvirkende: Øystein Røger, Lasse Lindtner, Rebekka Karijord, Kaja Varjord, Jørgen Langhelle, Marit Østbye, Sigmind Sæverud, Minken Fosheim, m.fl"
Dette var god underhaldning, men altfor mykje bakgrunnslyd/støy på opptaket, etter min smak. Høyrespel er verkeleg kjekt, men her var det til tider vanskeleg å få med handlinga fordi det var så mykje musikk og gatelydar saman med dialogane.

lørdag 17. september 2016

Bok 76 2016: "Brevet til Rosalin" av Øystein Orten

"Brevet til Rosalin" er ei vemodig forteljing om ein aldrande, einsam lærar som i brevs form tek eit oppgjer med si eiga fortid. Men kven er så denne Rosalin som han skriv til? Dette kjem fram i små hint utover i teksten og får si forklaring til slutt.

Eg likar godt skrivestilen og språket til forfattaren, og denne boka var ikkje noko unntak. Hovudpersonen kjem tydeleg fram, og eg rakk å bli glad i han i løpet av boka. Brevforma gav teksten ei framdrift, sjølv om eg gissa slutten. Eg likar ofte korte bøker, fordi dei er meir fortetta og dermed meir intense enn tjukkare bøker, og denne var ikkje noko unntak. Det er ei lang forteljing med mange undertonar, men skrive på om lag hundre boksider. 


Boka har allereie fått gode kritikkar, og det blir spennande å sjå mottakinga vidare. Svigerinna var i alle fall begeistra!



Ein kveld med Odd Nordstoga på Folkestad

Fredag var det duka for konsert og fest på Folkestad. Ferjeselskapet sponsa med ekstra nattferje, minibussar og privatbilar dukka opp frå fjern og nær og salen var smekkfull. Det vart ein minimalistisk, men flott konsert. Artisten hadde berre med seg eit munnspel, eit trekkspel, ei basstromme og to gitarar, men han fekk mykje lyd og stemning ut av dette.

Eg legg ved eit youtubeklipp av den songen som verkar sterkast for tida. Klippet er frå ein annan konsert, men songen var like fin i går. Sjølv om songen handlar om ein farfar, tenkjer eg at alle besteforeldre og andre som er nære omsorgspersonar for born kan ta den til seg, for songen handlar kanskje aller mest om å ha ein god og trygg barndom.

fredag 16. september 2016

Bok 75 2016: "Alltid tilgivelse" av Anne B Ragde

Då "Berlinerpoplene" kom ut i 2004, var eg svært begeistra. Eg brukte romanen i fleire år som pensum på VG3, og elevane lærte mykje om spesielt synsvinkelbruk og komposisjon då dei analyserte boka. Dei to neste bøkene i serien hadde, etter mitt syn, ikkje den same litterære verdien, men det var no kjekt å lese om korleis det gjekk vidare med personane. Slik er det òg med den nyaste boka, men handlinga er svært triviell og føreseieleg. Torunn gjer det slutt med typen og får eit nærare forhold til onkelen, Erlend og Krumme lever vidare som småbarnsfamilie og bestefaren er på institusjon. Kort sagt er det lite spennande som skjer, og det kan verke som om Ragde har lyst til å skrive fleire bøker om familien berre for å dikte vidare om liva deira - ikkje fordi ho har noko viktig å formidle.

tirsdag 13. september 2016

Bok 74 2016: "Livet, til det betre" av Anna Gavalda

I denne boka møter vi tre unge menneske; Mathilde, Yann og Billie. Sistnemnde kjenner vi frå før, frå romanen med same namn. På lydboka er forteljingane lese av tre ulike opplesarar, noko som gjer det greitt å halde dei frå kvarandre. Problemet mitt var at eg gløymde forteljingane etter kvart, og at eg eigentleg ikkje likte tekstane så godt. Unntaket er forteljinga om Billie, som fekk meg til å ville lese romanen om henne på nytt. Ho er ein spennande karakter, medan Mathilde og Yann var relativt uinteressante.

lørdag 10. september 2016

Familielaurdag

Laurdagen starta med styrtregn, men så klårna det fint opp. Medan Storegut var på jobb, tok vi andre oss ein tur til Volda, der vi gjekk rundt Rotevatnet. Då Storegut var ferdig på job, åt vi pizza på Marias og vitja gravplassen. Deretter tok vi oss ein tur til Ørsta, der vi besøkte besteforeldra. Ein fin dag for familien!


torsdag 8. september 2016

Bok 73 2016: "Språknormer i Norge" av Lars Vikør og Helge Omdal

Denne hausten er eg i gang med eit nytt masteremne. Vi skal for det meste lese artiklar, men hadde denne boka på pensum òg. Det er ei relativt lettlesen pensumbok som handlar om normering av språk, som tittelen røpar.

Bok 72 2016: "Om våren" av Karl Ove Knausgård

I årstidsserien sin har forfattaren no kome til våren, og dottera vert fødd. Boka handlar meir enn dei føregåande om ting som skjer i livet, og ikkje minst om sjukdomen til kona. Knausgård skriv sjølvsagt svært godt, men denne boka er langt meir tradisjonell og meir i stil med dei tidlege Min Kamp-bøkene.

onsdag 7. september 2016

Besøk frå Eid

Tusen takk til onkel og tante som kom på besøk i kveld. Eg sette stor pris både på blomane og besøket.

tirsdag 6. september 2016

La læraren vere lærar!

Eg har vore student i to dagar, og i dag vart studiegjengen min send på foredrag med Trond Giske. Etter foredraget gjekk eg på møte i Utdanningsforbundet, der vi fekk høyre eit foredrag med Trond giske. Dagen vart avslutta med eit møte i arbeidarpartiet, der vi hadde besøk av Trond Giske. med meg heim kjøpte eg boka til Trond Giske om norsk skule og læring. Det vart ein lærerik dag!

søndag 4. september 2016

Bok 71 2016: "Den hemmelige elven" av Kate Grenville

I denne boka møter vi Wiliam Thornhill, som endar opp i Australia etter eigentleg å ha blitt dømd til døden som følgje av tjueri. Med seg på ferda har han kona, og dei får eit stritt liv på vegen mot fridom og økonomisk sjølvstende. Ikkje mist får dei problem med dei innfødde.

Boka er ikkje nobelprismateriale, men det er kjekt å lese historiske romanar. Eg håpar denne er basert på ein del kunnskap om historia til Australia, som eg personleg synest er utruleg spennande.

torsdag 1. september 2016

Postvegen på Bjørkedalen (igjen)

Måndag kveld var det opplett, for å seie det slik. Elles ausar det stort sett ned her, og både hund og folk trivst best inne. Det går fort mot haust, og eg er stort sett oppteken med jobb, møte og pensumlesing.