søndag 30. november 2014

Første søndag i advent

Dagen i dag starta brått med at Storegut skulle køyrast på ferja. Han skulle på fotballcup, der dei kom så langt at dei tapte kvartfinalen. Vi hine brukte dagen til å gå tur med hunden og montere meir lys ute, og om ettermiddagen hamna vi på julegrantenning på to ulike stader. Veslejenta skulle spele saman med korpset på folkestad, men Minstemann ville helst tenne gran på Straumshamn, der det òg var korpsmusikk, mat- og loddsal.. Vi tende dessutan det første lyset i adventsstaken, slik tradisjonen tilseier.

lørdag 29. november 2014

Laurdag før advent

Storegut kom heim til middag, han var på fotballcup i dag
Etter ei hektisk skule- og jobbveke tok vi oss ein roleg morgon i dag. Etterpå gjekk vi tur med Charlie, så vi fekk oss litt frisk luft medan det var dagslys.

Juleførebuingane i dag var stort sett å henge opp ein del julelys ute. Ikkje alt har kome på plass i bloggande stund, men det meste er i alle fall leita fram. Inne har adventsstjerna kome opp, men vi tenner den ikkje før i morgon. Ein av dei elektriske adventsstakane virka ikkje lenger, så litt shopping blir det i år òg. Lysa er det beste med heile førejulstida, synest eg.

Medan vi likevel dreiv og henta ting ut av kott og buder, leita vi fram golvteppa til stova. Eg trur vi skal ta sjansen på at Charlie er nokolunde reinsleg no.

Og apropos Charlie: han skjønar lite av tradisjonar med julemusikk og pynt, men adventsstemninga er på topp i hundegarden...

Bok 96 2014: "Konge i snø" av Tove Nilsen

Tove Nilsen har skrive ei vakker bok om forholdet til far sin, ein mann ho har skildra i fleire bøker før som alkoholisert og einsam. I denne boka skriv ho mellom anna om ei reise til farens heimland, Tyskland, der dottera ser faren på ein ny måte.

Boka er lett å lese og forstå, men eg synest likevel den er litt masete og triviell til tider. Det kan verke som om det er umogleg for forfattaren å la vere å skrive om eigne flyktige kjærleiksforhold, forholdet til borna med meir. Eg trur eg ville ha likt boka betre om den hadde hatt sterkare fokus. perioden ho skriv om er mykje tida rundt Kong Olavs død, og reisa til Tyskland skjer kort etter opninga av Aust-Europa. Her er etter mitt syn nok av spennande tema å ta opp, og forfattarens eigne møte med bartendarar vert relativt uinteressant fyllstoff i forhold.

onsdag 26. november 2014

Bok 95 2014: "Hotellet på hjørnet av bitter og søt" av Jamie Ford

Denne romanen er ei fin, men noko søtladen, bok om eit emne eg visste lite om frå før. Hovudpersonen er ein amerikansk kinesar som under andre verdskrig var forelska i ei amerikanskfødd japansk jente. Fordi USA var i krig mot Japan, vart mange amerikanarar av japansk opphav internerte. Dette skjedde med venninna til hovudpersonen, og dei miste kontakten.

Eg likte boka svært godt ei stund, men mot slutten vart det altfor mange klisjéar å forhalde seg til.

mandag 24. november 2014

Minstemann 11 år


Etter å ha blitt feira i to store selskap, vart kanskje sjølve bursdagen ein nedtur. Minstemann måtte vere aleine heime med hunden medan mora køyrde ballerinaer, men han hadde kosa seg saman med naboguten og ete opp snoprestane frå selskapet laurdag. Elles har vi berre slappa av etter skule og jobb, for det er travle tider både her og der.

Nokre gamle bilete må til på ein bursdag - vi gratulerer den superkjekke nerden vår med dagen.
Straumsdalen juni 2007

lørdag 22. november 2014

Bursdagsfeiring på grendahuset

Laurdag feira Minstemann 11-årsdagen sin eit par dagar før tida, for kompisen hadde bursdag og mora og eg fann ut at vi skulle slå saman dagane og feire på grendahuset. Dei vart 13 til bords, og då hadde vi invitert alle gutane i 4., 5., 6. og 7. klasse. På menyen stod pizza, kaker, snacks, gelé og godteri, og det vart rikeleg av alt saman. Etter maten vart det leik både inne og ute - det er kjekt med ein opplyst ballbinge slike dagar. Mødrene rydda og vaska, og jubilantane verka nøgde med dagen. på menyen i kveld står det stort sett restar...


tirsdag 18. november 2014

Bok 94 2014: "Harpesang" av Levi Henriksen

Ein plateprodusent er gjest i ein barnedåp, og i kyrkja blir han overvelda av den vakre songen til tre eldre søsken. Det viser seg at søskenflokken har vore artistar tilknytt pinsekyrkja, og eg-personen bestemmer seg for å prøve å få gitt ut ei plate med dei. Det viser seg at særleg broren er ein sær og vanskeleg type, og vi får innsyn i både hans liv og livet til systrene.

Eg plar like bøkene til Levi Henriksen. Han har ein lågmælt og sår skrivemåte - ei diffus skildring, kanskje, men eg finn ikkje betre ord - og denne stilen vert forsterka når han sjølv les på lydboka. Dette er ei rørande bok som eg kjem til å hugse godt, trass i at handlinga ikkje er spesielt dramatisk eller spektakulær.

Det einaste negative eg har å seie om lydboka, er at dei godt kunne ha kutta ut musikkinnslaga. For det første fordi søskenflokken song finare i min fantasi, og for det andre fordi nokre av oss lydboklesarar les på senga og somnar, og då er det ikkje så kjekt å vakne av song.

mandag 17. november 2014

Bok 93 2014: "En ny grevinne" av Fay Weldon

Sidan eg var så godt i gang, las eg like godt den tredje og førebels siste boka i serien om huset Dilberne. I denne boka ventar grevinna på at kongen skal kome på besøk, medan sonen er mest oppteken av bilane sine. Ektefellane deira kjenner seg med rette noko tilsidesette. I tillegg kjem dottera til greveparet heim frå Australia med manuskriptet til ei bok om seksualvanane til aboriginarane. Det blir også i denne boka mykje drama, og mykje humor. No står det att å sjå om den over 80 år gamle forfattaren rekk å skrive fleire bøker i serien.

Eit lite sitat som smakebit på skrivestilen (orda kjem frå grev Dilberne):
"Det finnes noen ganske få kvinner som er lidenskapelig anlagt, sant nok, men i likhet med intelligente kvinner utgjør de et mindretall, og samfunnet både misbilliger dem og synes synd på dem."

søndag 16. november 2014

Bok 92 2014: "Leve kongen!" av Fay Weldon

Året er 1901, og det går mot jul. Den langt meir puritanske og yngre broren av grev Dilberne døyr i ein brann saman med kona si, og dottera Adela får endeleg ete seg mett. Framtida hennar er svært usikker, men ein kan ane at tapet av dei strenge foreldra vil få henne til å skrinlegge planane om å gå i kloster. Våren 1902 dreiar seg mykje om planlegging av den komande kroninga av Edvard 7. for den engelske overklassen. Kven skal bli inviterte, og kven må for all del haldast utanfor? Det jødiske ekteparet Baum prøver framleis å få innpass, medan grevedottera Rosina er ambivalent til det heile.

Denne boka er del 2 i "Dilberne-serien" til den aldrande forfattaren. Den er like underhaldande som den første, og kan trygt anbefalast til alle som har sansen for "Downton Abbey". Eg vart både letta og glad då eg fekk melding frå biblioteket i går om at den tredje boka endeleg kunne hentast. Eg har stått på venteliste, og det blir kjekt å kaste seg over den medan bok 2 er fersk i minnet.


I

Søndagstur til rasområde

Søndag gjekk ungane, hunden og eg tur til rasomådet mellom Mjeltvika og Kile. Eg hadde trudd at raset ville ha blitt ein del større etter at det har regna ein heil del i periodar, men stoda var omtrent som sist. Vi fekk rikeleg tid til å snakke om laust og fast, og hunden fekk springe fritt mykje av turen. Appetitten til middag var det ingenting å utsetje på verken for folk eller dyr.




lørdag 15. november 2014

Familieselskap for to novemberjubilantar




Tradisjonen tru har vi feira bursdagane til pappa og Minstemann med julemiddag i Starevegen. Systra mi og eg stilte med tre "born" kvar, den eldste kom etter fotograferinga, og vi hadde ein triveleg dag med prat og mat slik tradisjonen òg tilseier.

fredag 14. november 2014

"Til ettertanke" med Veronica Akselsen

I dag fekk elevane våre sjå ei framsyning frå "den kulturelle skulesekken". Det var Veronica Akselsen med fleire som heldt ei framsyning med tekst, bilete, musikk og song, og temaet var korleis den norske staten har behandla taterfolket gjennom tidene. Det var ei gripande stund, og Akselsen snakka ein heildel om arbeidskolonien Svanviken i Eide, der eg var tidlegare i år, då det var fylkesmønstring i UKM. Eg synest dette er ein interessant og tabubelagt del av norsk historie som vi har godt av å lære meir om, og eg håpar elevane sat att med både kunnskap og kjensler etterpå. Akselsen framførte både tekst og melodiar med svært stor grad av patos, og det er ikkje lett å vite om denslags når fram til målgruppa.

torsdag 13. november 2014

Kyrkjekonsert med musikklinja

I kveld var besteforeldra, ungane og eg i Volda kyrkje for å høyre Storegut og resten av musikklinja framføre eit svært variert utval av musikk, frå gamal, engelsk renessansesong til gladjazz. Storegut bidrog mellom anna med solosong på "Holy Man", ein gamal Deep Purple-song. Slike kveldar er eg stolt av jobben min og elevane mine. Dei er litt borna mine dei òg, og det er så kjekt å sjå dei stråle. Min eigen Storegut er eg sjølvsagt aller mest stolt av, slik det høver seg ei myrsnipemamma.

tirsdag 11. november 2014

Bok 91 2014: "Den fantastiske reisen til fakiren som gjemte seg i et Ikea-skap" av Romain Puértolas

Denne vesle boka fortel ei surrealistisk historie om ei danningsreise noko utanom det vanlege. Ein indisk fakir reiser til Paris for å kjøpe seg ei ny spikarseng. På grunn av dårleg økonomi planlegg han å overnatte i sengeavdelinga på Ikea, men så vert han innestengd i eit skap som vert send til Storbritannia. Det heile er temmeleg sprøtt, men her er nokre alvorlege undertonar òg. Eg likte boka godt, for den minte litt om bøkene til Arto Paasilinna og traff humoren min. Som eit lite døme kan eg nemne at det vert snakk om ein gammal afrikansk dialekt som er nesten utdøydd - det er faktisk berre to gjenlevande personar som snakkar dialekten, og dei er ikkje på talefot... Slikt morar meg, sjølv om eg òg forstår at nokre er blitt skuffa over boka dersom dei har lese omtalar av den på førehand. det er ikkje ei fantastisk bok, men den er artig.

Hund som hobby

Eg har fått meg ein hobby, ikkje berre ein hund. Etter å ha delteke på kvelpekurs i sju veker tidlegare i haust, tok eg meg eit par, tre veker fri før eg førre tysdag tok turen til Hovdebygda for å trene med Charlie. Han hadde gløymt absolutt alt han hadde lært på kvelpekurset og oppførte seg som ein idiot. Eigaren fekk verkeleg varmen i seg!

I dag var det ingen instruksjon på treninga, men folk og dyr styrte seg sjølve. Charlie hadde vore ute og herja ei stund med Veslejenta før vi for, og han roa seg litt såpass vi fekk trena litt skikkeleg. Vi trenar mellom anna på å gå fint medan andre hundar og menneska deira omgir oss på alle kantar, og det gjekk relativt greitt, sjølv om eg kjem til å bli temmeleg krokrygga viss eg må trene mykje på den måten. Til slutt fekk han leike fritt saman med ein Jack Russel-terrier som vi gjekk på kvelpekurs saman med.

Vel heime okkuperte Charlie godstolen og eit pledd, og der blir han visst liggande resten av kvelden. Verken mat eller kos freistar, og i alle fall ikkje tur.

søndag 9. november 2014

Bok 90 2014: "Den lange, hvite skyens land" av Sarah Lark

Settingen er London 1852. Unge kvinner frå dei britiske øyane, alle utan særleg lyse framtidsutsikter, reiser til New Zealand for å gifte seg eller ta jobbar som hushjelper. Nokre av dei vert skuffa, andre gjer det kanskje betre enn frykta og nye generasjonar vert fødde. Det er  problematisk med arrangerte ekteskap, og kjærleiken finn ofte sine eigne vegar. Vi møter fleire sider ved samfunnet i New Zealand, og boka er spennande og dramatisk.

Grensa er ofte tynn mellom "kiosklitteratur" og bestseljarar, og mellom drama og melodrama. Mykje i romanen er føreseieleg og klisjéprega, men boka er aldri keisam eller stilleståande. Dette er ei bragd når lydboka er på om lag 25 timar! Eg vil halde fram med å lese denne romanserien, for eg synest eg lærer mykje om New Zealands historie samtidig som eg syntest boka var spennande og dramatisk. Det er ikkje Nobel-materiale, men det er heller ikkje alltid nødvendig.

På hyttetur med speidarane

For å markere slutten på speidarsesongen, reiste ein gjeng frå bygda på hyttetur i helga. Vi hadde leigd to av "Nipehyttene" på Håvoll - fine hytter med rikeleg plass og utstyr. Planen var eigentleg å reise ut i båt og fiske, men det bles ganske kraftig, så vi heldt oss på land i staden. På programmet stod mellom anna laging av taco, fisking frå land, oppdaging av ulovleg dumping av bos (NB: ikkje så lurt å dumpe innramma dimplom med namn på ulovleg), baking av bollar, pizzalaging, bading i badestamp og mykje kos og leik. Det har vore ei strålande helg for både små og store, og vi kan anbefale Nipehyttene på det varmaste. Vi reiser gjerne attende for å vere ute på sjøen ein annan gong!







Liadalsnipa sett frå hamna - liknar på skraphaugen i Fraggleberget, eller Hufsa



onsdag 5. november 2014

Bok 89 2014: "Huset Dilberne" av Fay Weldon

Denne boka kom ut i 2012, og eg var litt spent på korleis den aldrande forfattaren skriv no. Ho er fødd i 1931, og på mange måtar hadde ho si stordomstid som forfattar på 1970- og 80-talet. På 70-talet hadde ho stor suksess som manusforfattar til TV-serien "Herskap og tjenere", og på 80-talet var det spesielt feministiske bøker som "En hunndjevels bekjennelser" som gjorde henne populær. Eg var sjølv ihuga fan av bøkene hennar på slutten av 80-talet og byrjinga av 90-talet, og meiner framleis at hennar skarpe humor har gjort underverk for feminismen.

Dilberne-serien, som eg no har lese første bok i, har handling som minner om "Downton Abbey", med kvardagslivet til overklasse og tenarskap i sentrum. I Weldons univers er problema litt meir direkte knytt til pengar og seksualmoral, og ho har alltid ein viss brodd når ho skildrar personane. Eg har likt boka svært godt, sjølv om mykje er føreseieleg og enkelt, og anbefaler alle Downton Abbey-tilhengjarar å lese den. Fay Weldon er ikkje så frisk i pennen som ho ein gong var, men ho har likevel ein humor som overgår mange yngre forfattarar i liknande sjangrar.

Fri-onsdag på Postvegen

Det er fint å kunne nyte dagslyset ein dag midt i veka - særleg no når det vert mørkt så tidleg.

I dag skulle vi gå tur på den gamle Postvegen mellom Bjørkedalen og Harpefossen. Det viste seg at vegen no er vinterstengd, så vi fekk nokre ekstra bakkar med på kjøpet. Fordelen var at det då var liten sjanse for å møte folk og bilar. Trudde vi. Då vi kom opp forbi Langedalsbroe, møtte vi på ein lastebil og ei gravemaskin. Sjåførane dreiv og reparerte veg der det var naudsynt. Vi gjekk forbi dei ein gong, men deretter fekk dei passere slik at vi fekk gå i fred. Hundane set stor pris på å få springe lause, og det er langt meir avslappande for oss menneska å gå utan hundar i band.

Det vart ein nydeleg tur i vakker novembersol - kanskje den siste turen der oppe i år?
Vegarbeid utanfor allfarveg


Hundar på tur

Ei skogløde frå 1930 som overlevde orkanen "Dagmar"

lørdag 1. november 2014

Halloween på Straumshamn 2014

I år vart niandeklassingane utfordra til å arrangere den tradisjonelle Halloweenfesten i bygda. Det har vore eit strev med arrangering av leikar, pynting og planlegging, men festen fredag kveld vart ein stor suksess. Vi deler kvelden i to puljer, der aldersgrensa vert heva til fjerde klasse når klokka blir 20. Det var leikar, skummel labyrint, dans og kiosksal, og overskotet frå festen skal gå til neste års Polentur.