onsdag 21. juni 2023

På kvelpebesøk

Albert

Dennis og eg

Endeleg fekk vi møte peøsdottane våre, som skal få namna Albert og Dennis. Min heiter Dennis, og det var kjærleik frå første stund. Vi skal overta dei 17. eller 18. juli, og nokre av oss får problem med å vente så lenge...

Storehornet/Sandviktua ved Larsnes, 271 moh

Laurdagen kom med varme og sol, og etter ei veke med mykje jobb og måling/beising var det freistande å stikke av garde på tur. Vi enda opp med å køyre nesten til Larsnes, ein stad der vi har gått tur før, men då på den andre sida av hovudvegen, til Veten.

Det var ein nydeleg ettermiddag med fantastisk utsikt rett vest, om enn med noko skoddedis. Vi var der til pm lag klokka 19, og enno stod sola høgt på himmelen. Nokon solnedgang vart det ikkje snakk om, men heller ein burger før avreise.









søndag 11. juni 2023

Movatnet



Etter ei hektisk veke med mykje jobb og ein del politikk for min del, og med jobb og studium for Veslejenta, gjekk vi i dag tur frå Tua og inn til Movatnet (11 km tur-retur). Det var over 20 grader og berre bittelitt vind, så det gjekk fint å gå i t-skjorte. Vi nytta turen til prat og gjekk i roleg tempo, så det var kjekt for oss alle tre. Det var nokre sauer på beite, men dei ensa vi knapt.

Bok 18 2023: "Felâtun bey og Râkim efendi" av Ahmet Mithat


Denne kuriositeten av ei bok fekk eg låne av ein kollega. Det er spesielt den dialogiske forteljemåten som gjer denne boka så spesiell. Forlaget skriv: "Felâtun bey og Râkim efendi" (1875) er eit av dei mest kjende verka til den folkekjære tyrkiske forfattaren Ahmet Mithat. Det er ein samtidsroman frå Det osmanske riket, skriven i ein periode prega av vestleggjering. Romanen kan både lesast som ein parodi på feilslått europeisering og som eit bidrag til å setje tradisjonelle samfunnsordningar under debatt. For å balansere impulsane frå aust og vest, skaper forfattaren to parallellfigurar. Felâtun bey, den europeiserte snobben, lever eit dekadent liv, med alvorlege følgjer. Motspelaren Râkim efendi representerer tradisjonelle, muslimske verdiar og arbeidsmoral. Stilistisk kombinerer Ahmet Mithat impulsar frå populære europeiske føljetong-romanar med ironien i den orientalske forteljartradisjonen og skuggeteateret. Romanen er også eit interessant tidsdokument som gir lesaren eit unikt innblikk i Istanbul på slutten av 1800-talet.