Viser innlegg med etiketten ballett. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ballett. Vis alle innlegg

mandag 8. juni 2015

Danseshowet "Hope of Silence"

Det er ikkje ofte døtrene mine og eg går på danseshow saman, sidan dei har dansa i mange år. I dag baud sjansen seg, då VG1 på musikklinja skulle ha si danseframsyning saman med dansar og koreograf Renata og nokre av elevane hennar. Tematikken var andre verdskrig, offer og død, så det var ikkje akkurat lystig, men eg var uendeleg stolt av "barna mine" og vart gripen av dramatikken i dansen.

fredag 29. mai 2015

Ballettshow på 15-årsdagen til Veslejenta

I dag har vi hatt ein aktiv dag. Sjølv var eg eksamensvakt på jobb, medan Veslejenta hadde sidemålstentamen før ho for på ballettshow. Vi hine kom etter, og besteforeldra i Ørsta stilte òg opp som ivrig publikum. veslejenta var med på to nummer, og det var steppenummeret som merka seg mest ut. Elles var det mange artige og vakre dansar, men ikkje så spektakulært mediashow som det pla vere tidlegare.

Etter showet for vi på Rosabella og åt pizza, før vi for heim. Her kosar vi oss med is og film og ranglar fælt.

søndag 14. desember 2014

Tredje søndag i advent

I dag stod mora først opp, som vanleg, og retta ein liten bunke før ungane vakna. Etter kvart reiste vi til Ørsta, der Veslejenta skulle opptre på ballettframsyning. Sidan ho har slutta på jazzballett, fekk vi berre med oss ei framsyning i år, i contemporary og klassisk dans. Det var eit flott show, trass i at kulissane og lyseffektane ikkje var på det nivået vi har vore vane med. Særleg kostyma til dei klassiske dansarane imponerte meg.


Vel heime har eg retta ferdig den fjerde bunken i advent, bortsett frå eit par, tre elevsvar som ikkje hadde blitt med i utskriftsbunken. Eg satsar på å få dei unna før timane i morgon, slik at eg får delt dei ut så fort som mogleg. Det er fantastisk å sjå enden av rettingsarbeidet, noko som medfører ekte juleferie frå og med neste helg.

lørdag 13. desember 2014

Langpannekake på laurdag

Ballerinaen var borte frå heimen til langt på kveld i dag - først skulle ho øve, og deretter besøke venninner. Storegut og eg fekk sendt ein pakke og handla litt, kombinert med lærekøyring, og Minstemann og eg gjekk deretter lang tur med hunden medan Storegut las til prøve.

Eg har nesten ferdigstilt siste bunken med heildagsprøver i løpet av dagen, og håpet er å få retta dei ferdig og skrive vurderingar i morgon slik at eg får delt dei ut på måndag. Det verste stresset på jobb er nemleg rettingsarbeidet, og det kjem som regel på ugunstige tidspunkt.

Like før eg skulle hente Veslejenta på 20.30-ferja kom eg på at eg skulle lage kake til i morgon. "Lag di beste langpannekake", står det så kjekt i brevet frå ballettskulen. Det blir kake frå Toro denne gongen - mest fordi hjernen ikkje er heilt i vater og husmorskillsa ligg på vent, men òg fordi eg synest folk kan kome og sjå eit ballettshow utan å måtte proppe seg med kake i pausen. I beste fall blir eg no svartelista av ballettskulen på grunn av manglande bakekunstar, eller så blir eg degradert til trappevakt att. Det var ei oppgåve eg syntest eg hadde dreisen på, sidan eg delvis lever av å hysje og skjenne.

søndag 15. juni 2014

Ballettshow 2 2014: klassisk og contemporary

Veslejenta har vore oppteken med ballettøving nesten heile veka, og søndag dansar ho på vekas tredje show. Laurdag kveld var brørne, mora og besteforeldra på showet, og det var ei kjekk oppleving. Tidlegare har vårshowa vore basert rundt ei forteljing eller eit tema, men denne gongen var det sjølvstendige dansar. Resultatet var at ein kanskje sakna den raude tråden, men at dansinga og kostyma vart svært varierte. Her var indisk inspirert dans, klassisk ballerinaballett, tangoinspirert dans og mykje anna. Dei eldste elevane vart sette litt ekstra i fokus, spesielt dei som skal studere dans til hausten. Fleire av dei har dansa i over ti år, og dei er svært talentfulle. Veslejenta var sjølvsagt flink ho òg, og eg er glad ho vil halde fram med "contemporary" til hausten.

søndag 1. juni 2014

Laurdag: innhaldsrik, variert og svært god. Over middels refleksjon.

Dagen i dag starta med sensur, slik vanen er på denne tida av året. Vidare vart det ein tur inn til raset ved Kile saman med Minstemann, då veslejenta skulle til Ørsta på ballettshow. Gutane og eg kom til Ørsta noko seinare for å sjå showet saman med mormora og morfaren, og så vart det pizza på Maria's for å feire overstått 14-årsdag og ballettshow.

Vel heime tok gutane i bruk slagverket som vi hadde henta tidlegare på dagen. Gutane bruker øyreproppar, og det lyt eg visst til med eg òg, dersom eg skal kome i mål med sensuren. Laurdag kveld kan eg telje 60 stk ferdig sensurerte, noko eg er særs nøgd med. Jobben er verst før ein begynner.







lørdag 14. desember 2013

14. desember: ballettshow med samtidsdans og klassisk

I dag heldt Veslejenta på med ballett frå klokka 10.00 til 18.30. Mora måtte også til pers; først kledde eg på ein flokk små ballerinaer, deretter var eg gestapistisk garderobevakt for dei store ballerinaene. På show nummer to hadde eg fri, og eg fekk dermed med meg gutane og foreldra mine som publikum.

Ei venninne av Veslejenta dansa rolla som Nøtteknekkaren og imponerte stort!


søndag 28. april 2013

Hektisk helg for Ballerinatroll

Veslejenta har hatt ei hektisk helg, med mykje dansing og venting. Det første vårshowet har gått av stabelen, og Veslejenta deltok på to av tre delar. Den første delen var klassisk, med nydelege kostyme og Vivaldi-musikk. Andre del var resultatet av ei helg med "workshop", der den skotske koreografen Andy hadde laga ei utruleg flott framsyning som Renata hadde vidareført. Tittelen var "Prinsessa og dvergane". Denne delen av programmet skal kanskje synast på Aasentunet under dei nynorske festspela, og då skal eg nytte høvet til å sjå det att, viss eg har høve til det.  Tredje del var contemporary-dansing, og den hadde tittelen "Mytologi". Denne framsyninga var òg flott, spesielt bruken av bakgrunnsfilmane gjorde den spennande. Veslejenta dansa troll, og ho var sjølvsagt flink og skjønn som alltid, i følgje mora. Det er imponerande å sjå kva ballettskulen får til år etter år, og kor mange nye stjerner som vert tende etter kvart.

lørdag 9. februar 2013

Voggesong og zombiedans

I dag har nokre av oss hatt det relativt hektisk. Minstemann fekk vere med faren sin på Reset, skitrekket i Volda. Storegut skulle spele med bandet sitt på Eid, og Veslejenta skulle først spele på konsert i Volda og deretter danse i Ørsta. Eldstejenta og eg stilte som publikum, og deretter vart det eit lite besøk i Starevegen.

No har vi benka oss ved tv-en alle fem, kosar oss med god mat og snacks - og med den norske finalen i MGP.

fredag 7. desember 2012

7. desember: Snødronninga


Etter dagens dont og eit cafébesøk var det i dag tid for ballettshow att. Denne gongen var det den klassiske framsyninga "Snødronninga", basert på eit eventyr av H C Andersen. Det var eit nydeleg show, og eg kunne reise heim som stolt mamma til Veslejenta, som i likheit med dei hine gjorde ein flott innsats.

Fin biletserie frå smp.no finn du her

søndag 25. november 2012

Ein historisk dag med (fot)ballett

I dag var vi opptekne med ballettshow i Ørsta det meste av dagen, blant anna då Hødd vann cupfinalen mot Tromsø. Trass i den spennande finalen var teatersalen fullsett på begge showa.

Les meir om balletten her 

eller her

torsdag 28. juni 2012

Besøk og ballett

Denne dagen vart solrik og fin, og eg fekk lokka Storegut til å klippe plenen medan eg steikte vaflar til han og dei to smågutane. Minstemann hadde nemleg overnattingsbesøk for aller første gong, og det var stor stas!

Om ettermiddagen tok vi turen til Ørsta, der Morfar og gutane heldt seg i heimen medan Mormor og eg var på ballettshow. "Besta" skriv om dette på sin blogg, og eg legg berre ut eit bilete Eldstejenta tok av seg sjølv mellom lyd- og lysmann Jiry og koreografen Andy. Det var ei flott framsyning, og det dukkar nok opp stoff i lokalpressa etter kvart. Eg går dessverre glipp av elitedansarane si framsyning på Aasentunet i morgon, då dei skal danse på dei nynorske festspela.

søndag 3. juni 2012

Fleire bilete frå showet

finn du her    

Veslejenta viser på bilete nummer 11, Eldstejenta på nummer 13 (eg likte det nummeret med russebuksene svært godt).

fredag 1. juni 2012

A chance to dance



I dag var det première på jazz- og hiphop-framsyninga "A Chance to Dance" på Ørsta Kulturhus. Begge jentene mine deltok på fleire nummer, sjølv om Eldstejenta kuppa meg som fotograf så eg ikkje fekk fotografert Veslejenta. Begge gjorde ein glimrande innsats, og det var der mange andre òg som gjorde. Alle besteforeldra, begge foreldra og begge brørne sat i salen, og alle heldt seg vakne.

søndag 29. april 2012

Vårshow i vårvêr

Søndagen vart minst like strålande som laurdagen var ufyseleg, og eg rakk å sitje litt ute i sola før eg la i veg til Ørsta på ballettshow. Denne gongen var det Mormor, Morfar og Gamla som hadde ein ballett-date, for gutane og Barnefaren var blant publikum laurdag. Dei skulle i konfirmasjon i dag, så det passa best at vi gjekk kvar vår dag (eg måtte jo kjøre jentene i dag uansett).


Showet var verkeleg bra; først ein nydeleg og sjarmerande klassisk del, deretter ein del med "contemporary" dansing. Den klassiske delen heitte "Vår i landsbyen", den moderne delen heitte "Portrett" og handla om målaren Frida Kahlo. Begge jentene våre deltok, og dei var berre to blant mange dyktige dansarar.

Etter showet fekk dei eldste dansarane blomehelsing som takk for innsatsen, sidan dei aller fleste av dei skal vidare i livet med skulegang andre stader i landet.

søndag 22. april 2012

Ballett-besøk med brennsnut

Søndag var det ekstraøving for ballerinaene, og Minstemann og eg nytta tida til besøk hos besteforeldra. Etter kvart dukka dei tre eldste opp, då Storegut kom att frå fylkesmønstringa i UKM. Alle fekk servert deilig brennsnut og is, og så vende vi nasen heimover. Helga har vore blant dei meir aktive, i alle fall for dei tre eldste ungane. Stilbunkane mine ligg trygt i sekken.

fredag 16. desember 2011

16. desember: Snødronninga

Etter ein relativt lang jobbdag, ein roleg cafédate og middag i Ørsta tok eg med jentene på ballettframsyninga "Snødronninga" på Ørsta kulturhus. Litt uvant å gå på ei danseframsyning utan å sitje og speide etter ungane sine, men absolutt ei flott framsyning med mykje vakker dans, lyssetjing og kostyme. Veslejenta dansar ikkje klassisk i år, men ho vurderer sterkt å begynne på att til hausten. Det støttar eg - det er nydeleg å sjå på, sjølv om jazz er artigare og har meir fengande musikk.

Meir informasjon om framsyninga finn du her

lørdag 3. desember 2011

3. desember: ballettshow

I dag var det tid for den årlege vintermatinéen til ballettskulen. Begge jentene deltok i den første delen av programmet, som var eit contemporarystykke med tittelen "Evolution". Veslejenta var luft, medan Eldstejenta var eld. Alle elementa gjorde ein flott innsats. Stykket har vore synt for nokre år sidan, men der var gjort ein del endringar. Etter ein pause dansa tre jenter saman i ein eigen moderne dans, og så kom ein sekvens med jazzdans. Vi såg berre den første framsyninga, og då var det dei yngste dansarane som kom på scenen. Veslejenta deltok blant ein del andre, utkledd som leopard.

Etter showet vart det handla inn til resten av helga, og så fekk vi middag hos Mormor og Morfar før vi for heim og tok kveld.

Biletserie frå Sunnmørsposten finn du her

onsdag 26. oktober 2011

Og to par strømper...



På grunn av ei generøs gåve frå Saniteten til Ballettskulen, stilte tre dansegrupper opp og underheldt på sanitetsbasar i Volda i ettermiddag/kveld. Veslejenta var med i ei av dei, så vi var programforplikta til å stille opp. Gutane fekk velje sjølve, og Minstemann vart freista av tanken på lodd og kaker.

I min oppvekst var eg van til tombola, med samanrulla papirlodd, men i Bygda bruker vi gamaldagse tre-årar på basar. Ungane synest derfor det er ekstra kjekt å få rulle ut papirlodd. For ein femtilapp vann vi ein matboks og to par tjukkelestar, så det var god butikk. Når ein tek med ferjebillettar og Minstemanns kakeutgifter, vert reknestykket eit anna.

søndag 29. mai 2011

Dance Into Love

Femte helg på rad med ballett - men jammen er det verd kvar ei krone, kvar ein kilometer, kvar ein time ein set av til kjøring, venting og henting. Showet i dag var svært imponerande, for å seie det mildt. Sceneskifta var raske og innøvde, og nytt av denne gong var at dansane var vevde inn i kvarandre slik at dansarane var på scenen i kortare periodar men kom heller inn att. Begge jentene deltok, og gjorde ein flott innsats.




Begge par besteforeldre, foreldra, brørne og Kompis T var med på ballettshow først og restaurant etterpå. Då feira vi Veslejentas bursdag slik ho ønskte.