lørdag 31. desember 2016

På tampen av 2016

I det eg har fått pinnekjøtet på damping, set eg meg ned og kjenner litt etter. Eg blir alltid vemodig og likar ettertanke på tampen av eit år, og dette året har på mange måtar vore spesielt.

Det har vore eit år mykje prega av sjukdom i storfamilien, og ungane miste ein kjær farfar som ikkje blir med vidare inn i det nye året.

Jobben har vore minst like utfordrande som tidlegare år, og frå mars hadde eg full jobb. Frå og med august har eg vore tilsett i 100 % stilling fast stilling.

Dei tre yngste borna avslutta det skuleslaget dei gjekk i, og dei begynte såleis på nye utfordringar i haust Også Eldstejenta og eg har studert, så kvardagane har vore ein del prega av skule, tentamenar og eksamenar. Alt har gått bra i så måte, og det er vi sjølvsagt både glade og stolte over. Eg veit at mange familiar slit med å få gode skuleprestasjonar, og at det ikkje er sjølvsagt på nokon måte. Vi har jobba hardt og fått løn for strevet, men det er det ikkje alle som får.

Politikken har tatt mykje tid og krefter for min del, og høgdepunktet var debatten og avstemmingane om kommunesamanslåinga. Internasjonal politikk har òg engasjert meg mykje i år, der flyktningkrisa, Brexit og presidentvalet i USA har vore høgdepunkta.

Eg har verken reist mykje, trent mykje eller gått på svært høge fjell dette året, men det har vore eit godt år når det gjeld gode samtalar, familietreff og fine kosestunder.

Håp for det nye året for min eigen og familien sin del er sjølvsagt at vi skal vere friske, og at vi skal halde fram med å ha fredelege og gode forhold til andre menneske og kvarandre. Eg håpar dessutan på å kunne halde fram med å jobbe hardt, vere politisk aktiv og studere, sjølv om det til tider har vore uuthaldeleg slitsamt.

Og så håpar eg på at den Londonturen vi planlegg i vinterferien vil bli eit hyggeleg minne for livet for ungane og meg, og at eg kanskje får meir tid og energi til å reise og gå på tur.

Når det gjeld verda rundt meg sjølv og familien, håpar eg på meir fred, solidaritet og medkjensle i verdssamfunnet, og at vi  unngår ein valkamp med liknande retorikk som dei hadde i USA.

Lasso er skotredd, så ho likar best å feire nyttår på Straumshamn 

Godt nytt år til alle der ute!

fredag 30. desember 2016

Bok 104 2016: "Nærmere høst" av Marianne Kaurin

I denne ungdomsboka møter vi Ilse Stern, ei 15 år gamal jente med jødisk bakgrunn som bur i Oslo på 1940-talet. Ho lever der saman med familien sin, og ho har ein ven i naboguten. Tidene er vanskelege i det okkuperte Noreg, og ikkje uventa kjem nokon for å hente familien til Ilse for å frakte dei til Auschwitz.

Dette var ei spennande bok som det var vanskeleg å legge frå seg. Den er såpass "truskuldig" at den kan passe for ungdomsskuleelevar som er interesserte i emnet, og den vil òg kunne ha interesse for eldre ungdomar og vaksne som likar å lese romanar frå krigen.

torsdag 29. desember 2016

5. juledag

Dagen starta tidleg for min del, med Voldatur på 8.45-ferja. Bilen skulle på EU-kontroll, og det tok om lag ein time. Tida brukte eg til vindusshopping i Volda sentrum, så då eg kom heim, var eg temmeleg frostig. Etter ein time med pledd på sofaen, gjekk eg tur med hundar og dei to yngste ungane. etterpå har eg retta stilar, laga middag og slappa av med tv og bok. Livet er ikkje så verst!

Bok 103 2016: "Stillheten" av Jens Bjørneboe

Denne tredje boka i trilogien om "bestialitetens historie" handlar mykje om revolusjon, inkvisisjon og "oppdaginga" av Amerika. Her er grusomme skildringar av forhøyrsmetodar og tortur, og boka sluttar med ei religiøs problemstilling om at Gud ikkje finst og at alt er meiningslaust. Ikkje særleg lystig lesing, men interessant som fenomen.

onsdag 28. desember 2016

4, juledag: tur på Bjørkedalen

I dag skulle vi eigentleg gå tur på Sigedalen, men der var trakka løype, og den kunne vi ikkje øydelegge. Det vart dermed ein tur frå forsamlingshuset på Bjørkedalen inn til enden av vegen på nordsida av vatnet og attende. 10 000 skritt på flat veg gjorde godt, og då vi kom heim, sette ungane i gang med å rydde og lage taco, medan eg retta ein halv bunke. Storegut var på jobb i dag, så dagen har ikkje vore like sløv for alle, men ettermiddagen/kvelden kan fort bli roleg for alle.

tirsdag 27. desember 2016

3. juledag: kino i Ørsta

I dag gjorde vi det vi eigentleg skulle gjere i går: for på kino i Ørsta og såg den nye filmen om Hakkebakkeskogen (og drog dermed opp gjennomsnittsalderen). Filmen var svært nær opp til teksten, og vi var positivt overraska (dei av oss som innrømte å ha likt å gå på barnekino).


Etter filmen for vi på kaffibesøk til besteforeldra, før vi handla litt og henta med oss Lasso heim.
Moro på ferjeturen

mandag 26. desember 2016

2. juledag: mine sine fine

Planane for dagen vart lagde til side på grunn av vêrvarselet, og vi vart i staden heime og kosa oss fram til dei to eldste skulle til Volda på fest. Eg synest det er greiast å vere heime dersom noko skulle skje med hus eller eigedom, sjølv om vi sjølvsagt har gjort ein innsats for å sikre at ikkje det skal bli for mange øydeleggingar.

Er dei ikkje fin, mine sine?

Bok 102 2016: "Et øye rødt" av Jonas Hassen Khemiri

"Sverige har fått en spennende, ung forfatter som setter ord på følelser og opplevelser hos annengenerasjonsinnvandrere", står det på omslaget av boka, som kom ut i 2003 (norsk omsetting 2005). Eg hugsar godt då boka var ny, for eg har lese utdrag av den både i eksamensoppgåver og antologiar, noko som òg fører til ei "déjà lu"-kjensle når eg les boka. Eg har sjekka bloggen her for å sjå om eg har lese den før, men trur det berre er utdrag.

Handlinga er at den unge guten Halim får ei skrivebok som han skal notere i. Han er fødd i Sverige, men bruker likevel ein slags gebrokken svensk ispedd ungdomsuttrykk frå innvandrarmiljø. Faren vil at Halim skal bli meir assimilert inn i den svenske kulturen og språket, men for Halim er det viktig å skape sin eigen identitet.

Skrivestilen er svært spesiell. Omsett til norsk vert dette sjølvsagt noko endra, men omsettaren skriv på det ein kallar "mellomnorsk", altså eit norsk slik dei som enno ikkje har lært norsk fullstendig bruker språket. Det er litt tungt å lese i starten, men verkar ganske overtydande. Det er i tillegg ein del humor i boka, noko som gjer den lett å lese. For dei som har lese Jussi Adler-Olsen, kan det minne litt om stilen til "Assad" i bøkene om Avdeling Q.

Elles tek eg avstand frå omgrepet "annengenerasjonsinnvandrere", i og med at dette er menneske som er innfødde, men som har ein annan etnisk bakgrunn. Det er interessant å sjå korleis dette emnet i 2003 var nokså uskuldig i høve til den oppheta samfunnsdebatten vi har no.

søndag 25. desember 2016

1. juledag: femte søndag i advent

Så kom Eldstejenta og tende det siste lyset - i år vart det fem søndagar i advent, for i dag var dagen ungane kom heim til jul!

Begava

Av gåvene eg fekk var der mykje fint og godt, og det er kanskje feil å drage fram døme. Heimelaga gåver står uansett i ei særstilling, og her er dei fine vottane systera mi hadde strikka, med Bukkane Bruse på. Imponerande arbeid med mange detaljar!

Julaftan 2016

Denne jula feira eg julaftan saman med Bladfyken, utan born. Det var mi første julaftan utan ungeflokken, og eg var litt spent på korleis det ville bli, men det vart veldig fint. Vi laga oss eit herremåltid beståande av pinnekjøt, svineribbe og mor - altså meir styr enn eg er van med, men det vart både godt og rikeleg med mat. I gåve hadde eg kjøpt akevitt og tilhøyrande glas, med atterhald om spandering. Eg hadde aldri smakt akevitt før, og den var veldig god. Elles hadde vi det stille og roleg, noko som gjorde godt etter den travle førjulsvinteren. I bloggande stund er det første juledag, og vi har gått ein lang tur med hundane i ruskevêret. No skal eg rydde og ordne litt, ete litt restar og vente på at ungane kjem heim.
Juleakevitten "Arvesølvet" 

fredag 23. desember 2016

Vesle julaftan

I år skal eg for første gong ikkje feire julaftan saman med ungeflokken min: Det er sjølvsagt vemodig, men det er på høg tid dei får feire saman med faren sin òg. Det var litt rart, men mest kjekt då dei kom på besøk med pakkar og julehelsing til si gamle mor på vesle julaftan. Dei kjem att første juledag, så eg skal sleppe å sakne dei så lenge.

Eldstejenta meinte det var så sterk grønsåpelukt i huset at det nesten var for mykje av det gode, noko eg er djupt ueinig i. Lukta av grønsåpe, sviblar, røykelse og gløgg er nesten overveldande no, og det høyrer jula til.

Så står det att å ønske alle blogglesarar der ute ei retteleg god jul frå oss i Casa Margarita :)


torsdag 22. desember 2016

Bok 101 2016: "Angrep fra alle kanter" av Tore Renberg

Denne boka er eit framhald av "Vi ses i morgen", som eg nyleg leste om att for å ha den friskt i minne når eg las denne. Her møter vi mellom andre att den kriminelle gjengen på Hillevåg, i tillegg til nokre nye karakterar. Det viktigaste tilskotet til persongalleriet er Rudis bror Frank Martin og familien hans. Desse brørne har vore fiendar i lang tid, og Rudi og gjengen planlegg å rane den rike broren, saman med nevøane Ricky og Ben. Dei har eit sterkt ønske om å få vere med i gjengen til onkelen, og spesielt Ben ser ut til å ha gode utsikter om eit liv som kriminell.

Eg har likt begge bøkene svært godt, ikkje minst fordi Tore Renberg les svært godt. Dialektbruken hans gjer tekstane meir autentiske, og personane får tydelegare personlegdomar.


onsdag 21. desember 2016

Bok 100 2016: "The Complete Short Stories Volume One 1944 - 1953" av Roald Dahl

I år er det 100 år sidan Roald Dahl vart fødd, så då passar det ekstra godt at denne boka er bok nummer 100. I høve jubileet har eg lese fleire tekstar og sett eit par filmatiseringar av Dahl-tekstar i Vg1 engelsk, noko eg trur elevane har sett stor pris på. No har eg lese denne første novellesamlinga, som er tekstar for vaksne. Her er nokre klassikarar blant novellene, som "Lamb to the Slaughter", "Man from the South", "Skin" og "Neck", men mange av novellene var heilt ukjende for meg. Ikkje alle var like interessante heller - spesielt ikkje dei første, som handla om krigen.

Det er spesielt artig å lese somme tekstar etter å ha jobba med sjølvbiografien "Boy", sidan ein finn att element derifrå i novellene.

tirsdag 20. desember 2016

Jingle Bell Rock på Folkestad

Og Minstemann spelar bass.

15 studiepoeng i boks

Om eg ikkje har baka ei einaste kake, så har eg i alle fall studiepoenga i boks. I dag hadde eg munnleg eksamen, for første gong sidan 1989. Det var spennande å sjå korleis det kjendest å vere på den sida av bordet, sidan eg har vore eksaminator og sensor nesten kvar einaste vår eg har jobba. På førehand hadde vi fått vite at berre éin student hadde fått endra karakteren sin frå oppgåva si til munnleg, så eg var relativt avslappa. Eg hadde fått karakter på oppgåva sist fredag, og den var eg godt nøgd med. Etter ein halvtimes samtale om utviklinga i norskfaget sidan innføringa av reform 1994 vart eg jaga på gangen, og då eg kom inn, hadde dei sett meg opp ein karakter. Eg vart mildt sagt overraska, men sjølvsagt svært overvelda og glad.

Etter eksamen for eg til Ørsta på besøk. Der var også Eldstejenta, som kom heim seint i går kveld.

I kveld har vi vore på skulejulefest på Folkestad. Eg gjekk etter programmet, for no skal eg setje meg og kvile og puste på ei stund. Kvile på mine laurbær, kanskje.

mandag 19. desember 2016

Bok 99 2016: "Vi ses i morgen" av Tore Renberg

I og med at eg skulle lese den andre boka i serien, las eg no om att denne første kollektivromanen om familiefaren som har fått gjeld på grunn av speling på nett, ungjenta som skal synge på konsert, det unge paret som møtest i løynd og ikkje minst den kriminelle gjengen Ceci, Rudi og Jan Inge. Boka var minst like god denne gongen, og den tolte godt å bli høyrd på nytt. Forfattaren les sjølv, delvis på dialekt, så det gir boka eit ekstra autentisk preg.

søndag 18. desember 2016

Fjerde søndag i advent

Mor har ferdigstilt nok ein tentamensbunke medan dei søte små har rydda og vaska romma sine til jul. Sidan lystennaren ikkje har kome heim enno, måtte småsøskena stille opp og tenne dei fire lysa i staken før dei to yngste skulle til volda og spele på kyrkjekonsert saman med resten av korpset.

lørdag 17. desember 2016

Laurdagshandel og tur

I dag tok eg med meg dei to yngste på ein liten førjulshandel på Eid, før vi stoppa på Stigedalen på heimveg og gjekk tur innover til Sagesetra og litt til. Der var ein del is på vegen, så vi orka ikkje gå så langt.

Charlie måtte få eine gåva si på førehand. Mykje moro med pipeleiker!

tirsdag 13. desember 2016

Om eksamen og tentamen

I dag, tysdag, var det leveringsfrist på eksamensoppgåva på masteremnet eg har teke i haust. Eigentleg hadde eg ikkje tenkt å ta ut dei fridagane eg hadde rett på, men så trengde eg brått noko tid til å ta meg att på reint fysisk, etter nokre svimlebyger som tyda på at eg var sliten. Dei siste dagane har eg derfor sete pal med oppgåveskriving, gått lange turar med hunden i dagslys og retta tentamenssvar- i tillegg til at eg har prøvd å kvile meg.

No er oppgåva levert, og eg har fått ferdig den eine tentamensbunken, slik at den kan delast ut i morgon. Neste veke er det munnleg eksamen, og så blir det ferie. Det blir godt å få fleire høve til å gå tur medan det er dagslys, for eg er rett og slett i elendig form.

mandag 12. desember 2016

Tredje søndag i advent

Tida går fort fram mot eksamen, skuleslutt og ferie... Storegut er ferdig med eksamenane sine og kan slappe mykje av framover.

lørdag 10. desember 2016

Bok 98 2016: "Kruttårnet" av Jens Bjørneboe

I denne andre boka i serien "Bestialitetens historie" er forteljaren vaktmeister i eit galehus. Skildringa av "det ondes problem" kjem til uttrykk i ei rekkje foredrag haldne av tilsette og innlagde ved galehuset. Svært mykje handlar om avrettingsmetodar, død og elende knytt til straff og underhaldning. Dette er ikkje ei bok for pyser, og ein kjem ikkje verken i julestemning eller "feelgood" modus av den, men Bjørneboe var noko for seg sjølv, noko som gjer bøkene vel verde å lese.

Også denne lydboka er glitrande innlesen av nils Ole Oftebro, noko som gjer leseopplevinga ekstra givande.



onsdag 7. desember 2016

Bok 97 2016: "Søstrene" av Margit Söderholm

Eg trur dette er den siste boka i serien om folka på Hellesta og Tyrsta, og eg er temmeleg sikker på at det blir den siste eg les i serien. Nok er nok, og i denne boka vart det svært mykje vekt på kjolar, kavalerar og ball. Det går ei grense for kva eg kan kose meg med.

tirsdag 6. desember 2016

Bok 96 2016: "Frihetens øyeblikk" av Jens Bjørneboe

Trilogien "Bestialitetens historie" har stått på "skal lese"-lista mi i mange år, men ein måliksom vere i ein viss modus for å orke å lese den. I dei tre bøkene prøver Bjørneboe å kome til botnen av det ondes problem, og det heile går mykje ut på å skildre forferdelege ting som menneske kan vere i stand til. Som eit døme kan eg nemne at  han skildrar korleis foreldre kjøpskår for å selje borna sine som seksuelle objekt. Nils Ole Oftebro les på lydboka, og det på ein glimrande måte.

Andre søndag i advent

Det var umåteleg kjekt at ungane var heime då eg kom att søndag kveld, så fekk eg helse på dei og tenne lys denne andre søndagen i advent.

Førjulstur til København

Sist helg reiste eg til København saman med åtte kollegadamer - midt i førejulsstria. Det var fantastisk å ta eit friminutt i kvardagen og berre kose seg med god mat, latter, julegløgg i Tivoli og vandring i butikkar og på julemarked, Sidan eg ikkje hadde med kamera, har eg stole bilete frå kollegaer.


onsdag 30. november 2016

Bok 95 2016: "Jerusalem" av Selma Lagerlöf

Dette var verkeleg ei flott leseoppleving! Eg har ikkje lese mykje av Lagerlöf tidlegare, og heller ikkje blitt så imponert, men dette var ei bok som traff meg veldig. Vi møter menneske i ei svensk bondebygd, som er knytte til heimane og gardane sine og opptekne av arv, skikk og bruk. Då ei vekkingsbølgje tek til i bygda, bestemmer ein flokk bygdefolk seg for å selje alt dei eig og flytte til Jerusalem. Dette fører med seg små og større sorger og gleder. Boka var ganske lang, om lag 20 timar, men den vart aldri keisam. No ser eg at det finst ein film, og eg vurderer om eg skal sjå den.

tirsdag 29. november 2016

Gåvedryss over Minstemann

Minstemann og Gamla har mange tradisjonar, og ein av dei er bursdagsgåva. Han er ikkje gamal nok til å handle på internett sjølv, men han har god greie på kva han ønsker seg på diverse musikkbutikkar i inn- og utland. Før bursdagen sin får han derfor lov å velje ut varer for ein viss sum, og så bestiller mora i sitt namn. I år var vi litt for seint ute til å få gåva før bursdagen, men i dag fekk eg ein gledesstrålande sms om at pakken var komen. Guten hadde funne hentelappen i postkassa etter skuletid, og han ville vel forhindre at mora kom heim utan pakke og ikkje ha lyst til å køyre ut att på butikken. Mora henta pakken, og guten hadde mykje jobb med å strekke på nytt trommeskinn og montere splash-cymbal. Merkeleg nok vart det veldig stille resten av ettermiddagen, og eg spurde til slutt om han ikkje ville prøve den nye cymbalen. "Eg har ikkje trommestikker," var svaret. Vi må visst handle meir...

mandag 28. november 2016

Bok 94 2016: "Perlen" av John Steinbeck

Eg kunne ha gjort eit lite vesen av at dette er ei lita perle av ei bok, men eg vel å la vere. Boka er kort, berre knapt tre timar speletid, og den er fantastisk innlesen av Toralv Maurstad. Sjølve historia er enkel nok, men den er like fullt god. Ein fattig familie blir avviste av legen fordi dei ikkje kan betale, og babyen står dermed i fare for å døy av eit skorpionstikk. Foreldra vert dermed desperate etter å finne ei perle for å kunne betale, sjølv om guten ser frisk ut, og dei finn ei diger perle som dei forventar vil gi dei rikdom og lukke. Sjølvsagt går det ikkje slik, og perla blir meir eit problem enn ei velsigning.

Rocka vottar til Minstemann


Systera mi er ei flink og kreativ tante, og i dag fekk vi henta ei gåve til minstemann som tanta hadde strikka. Han vart direkte begeistra for vottane, og etter å ha tatt biletet såg vi kor godt antrekket passa til vottane - eventuelt kor godt vottane passa til Minstemann.

søndag 27. november 2016

1. søndag i advent

Etter å ha fullført rettinga av ein bunke leita eg i dag fram julegardiner og diverse. Advent kom litt brått på, så eg hadde ikkje så godt som ei peparkake i hus, men litt kongerøykelse gjorde susen for førjulsstemninga. Tradisjonen tru skulle Minstemann tenne det første lyset, og bilete leggast inn som framsidebilete på moras facebookside. Nokre tradisjonar er enklare å halde på enn andre.

Elles går det mot tentamen, eksamen og budsjettmøte, så noko særleg adventskos blir det neppe tid til i år heller. Faktisk lurer eg på kva jobbar dei har som har så god tid til å kose seg siste vekene før jul, for dei fleste har vel travlaste tida no. Ja, no har ikkje eg eksamen kvart år, men fire tentamensbunkar betyr om lag femti timar rettingsarbeid i tillegg til den vanlege undervisninga. Noko lyt nok ligge til romjula, men eg håpar på å få litt ferie òg. 

Berre vi får ha helsa nokolunde god, skal vi nok greie oss i år òg.

Bok 93 2016: "Slekters gang" av Jan Kjærstad

Kjærstad er ein fantastisk forfattar, men bøkene hans krev litt konsentrasjon frå lesaren si side. Dette var ei omfangsrik bok, og eg burde ha høyrt den på eit kortare tidsrom, sidan eg gløymde noko av samanhengen undervegs. Uansett er dette ei god bok som først og fremst skildrar ulike kvinneskikkelsar som er fletta inn i kvarandre, sjølv om her òg er nokre menn blant karakterane. Den kinesiske overbygningshistoria forstod eg lite av, må eg innrømme.

Forlaget skriv:
"Kan menneskeskjebner være flettet sammen på andre måter enn vi tror? Er det mulig å velge hvem vi vil være i slekt med? Agnes legger ut på en pilegrimsreise. Rita samtaler med Fridtjof Nansen i tårnet på Polhøgda. Maud seiler på en flåte nedover Kongofloden. Bjørg skriver dikt på Gaustad sykehus. Laila er lugarpike på MS Bergensfjord. Ingri blir den yngste ministeren i regjeringen. I Villa Bohre på Lysaker har seks generasjoner levd og elsket og slåss gjennom det 20. århundret. I sentrum står Rita Bohre og et livsverk kalt "Femina erecta". Det handler om at kvinner må stå oppreist. Alltid oppreist. Samtidig er det et oppgjør med menns krokodillementalitet. "Slekters gang" er ikke bare en slektsroman, det er også fortellingen om en liten, merkelig nasjon som gikk under navnet Norge. Jan Kjærstad en er av Norges fremste skjønnlitterære forfattere. «Slekters gang» er en originalt komponert slektskrønike fra det 20. århundrets Norge."

fredag 25. november 2016

Oppdatering

Dette må vere ny rekord i manglande blogging frå mi side - eg har ikkje lese ferdig ei einaste bok, eingong, og eg har hatt frykteleg mykje å tenkje på.

For det første har pappa vore innlagd på sjukehus. Besta har blogga om sjukdomen, så dei som vil lese meir om det, bør gå til hennar blogg. Vi er einige om at ho legg ut informasjon til slekt og vener der, så slepp ho gjenta seg sjølv i telefonen.

Jobben er som vanleg hektisk på denne tida av året, med prøver og tentamenar i haug og dunge. No har eg i tillegg vore eit par dagar med kurs med Utdanningsforbundet, dermed gjekk eg glipp av eit par politiske møte. Slik går det når ein stikk nasen sin bort i alt mogleg.

I neste veke skal eg ha levert inn andreutkast til eksamensarbeidet mitt, og i kveld fekk eg tid og høve til å kome inn i "bobla" som må til for å konsentrere seg om denslags. Eg skriv om litterær kanon, lesemåtar og tekstpresentasjon i tre norskbøker frå 2005, 2007 og 2014, med vekt på tekstar frå 1800-talet. Det er langt meir interessant enn ein skulle tru, og tida flyg når ein først er komen i gang.

Var det nokon som sa noko om julestemning? Ikkje her i heimen, i alle fall. Eg skal prøve å få kjøpt nokre lys og leita fram adventstaken på søndag - elles blir det verken kokt eller baka, og julehandelen er sett på vent til etter neste helg. Minst.

Elles er det lenge sidan eg har lese ferdig ei bok, mykje fordi eg held på med to skikkeleg lange lydbøker (ei inne og ei anna i bilen). Begge går mot slutten no, så det kan bli fleire blogginlegg om ikkje så lenge.

mandag 14. november 2016

Pappa 80

Det er tøffe tider i familien, og det har vore lite freistande å blogge om fjas så lenge ein hadde alvoret hengande over seg.

I dag vart pappa 80 år, og feiringa har blitt utsett fordi han er sjuk. Sjølve kreftsjukdomen var nokolunde i sjakk, men så vart han dårleg av influensavaksinen han tok i førre veke. Eg stakk innom ein tur i dag, og så tok systera mi ansvar då ho for innover seinare og fekk tak i lege og ambulanse. No får vi berre håpe alt kjem seg, og at vi får ta att feiringa når jubilanten blir betre. Det vart ein stusseleg dag.
Jubilanten slik vi helst vil sjå han

søndag 6. november 2016

Bok 92 2016: "Gudmoren" av Hanne Kristin Rohde

Denne boka var ei positiv overrasking, då eg eigentleg hadde gjeve opp denne forfattaren. Boka er ikkje strålande, men den er underhaldande og relativt godt skriven - etter mitt syn.

Frå forlaget sin omtale:

Wilma Lind står overfor en ny, intrikat drapsgåte. Uteliggeren og politikjenningen Bønna blir funnet skutt i Spikersuppa på selveste nyttårsaften. Snart dukker det opp enda en uhyggelig drapssak; en hardt trafikkskadet kvinne er brakt til sykehus for operasjon på intensivavdelingen. Neste morgen er pasienten forsvunnet. De finner henne etter hvert i sykehusets likkjeller. Hun er ennå ikke obdusert, men har et stort arr over brystet. Overlegen forklarer situasjonen til politiet: «Hun var i live helt til noen opererte ut hjertet hennes.» Wilma stirrer på den døde kvinnen. Et kaldt gufs går gjennom rommet.

fredag 4. november 2016

Bok 91 2016: "Om sommeren" av Karl Ove Knausgård

No har eg lese ferdig årstidsserien til Knausgård. Dei to første var veldig spesielle, og eg var spent på kva lei det gjekk i. Den tredje var meir tradisjonell i forma, og fortalde meir om kvardagslivet til familien, og spesielt om dei psykiske problema til kona. Nummer fire er ei blanding av den spesielle stilen frå dei to første, med skildring av ulike ting/dyr, og ei meir ordinær forteljing om episodar i kvardagslivet. I tillegg har han blanda inn ei historie om ei gamal kvinne som han heldt på å skrive. dette siste syntest eg var noko malplassert, og heller ikkje særleg godt skrive, men resten av boka var god - spesielt likte eg slutten.

Bok 90 2016: "Skyer over Hellesta" av Margit Söderholm

Denne boka er lagt til notida då den vart skriven, altså på 1950-talet. Unge Margareta er eg-forteljar og trulova med Carl, arving på Hellesta. Han har vore trulova før, men jenta døydde på mystisk vis, etter å ha blitt skremd av spøkelse på Hellesta...

Denne boka var noko annleis enn dei tidlegare bøkene, men det var no lettlese og underhaldande dette òg. Her var femtitalsstemninga svært sterk, og eg fekk lyst til å sjå filmatiseringa.

tirsdag 1. november 2016

Bok 89 2016: "Arven fra Hellesta" av Margit Söderholm

I denne boka følgjer vi for det meste Caro, dottera til Will, som i yngre år dreiv skule for husmannsungar på Hellesta. Ho har heile tida vore litt annleis, i og med at ho ikkje er så oppteken av menn og av giftarmål, men heller vil arbeide. Boka vert noko interessant då Caro overtek ein forfallen gard som høyrer til godset, men så ramlar heile historia saman i tidenes mest klisjéprega avslutning. Eg måtte nesten le høgt, så dumt tykte eg det var.

mandag 31. oktober 2016

Bok 88 2016: "Losen og hans hustru" av Jonas Lie

Jonas Lie var tidlegare rekna som ein av dei "fire store" realistiske forfattarane frå slutten av 1800-talet, men plassen hans i den litterære kanon er mildt sagt utrygg. Personleg har eg hatt ein teori om at det kunne skuldast barnebarnet ved same namn, som var nazist. Eg hugsar at eg las "Familien på Gilje" som ei av bøkene til særemnet mitt i førre årtusen, og no fall eg for freistinga til å lese nok ei bok av forfattaren - mest for å sjå om han burde verte medrekna blant dei store att.

"Losen og hans hustru" er i og for seg ei god historie om eit ungt par som får kvarandre etter ein del forviklingar, der ho mellom anna vert trulova med ein annan. Boka startar lenge etter dette har skjedd, og temaet er den mistrua som ligg mellom ektefellane.

Historia er god, men komposisjonen drep det meste av spenninga. Slutten vert dessutan noko "tam" i høve til resten, som er skikkeleg dramatisk og har psykologisk botn. Ein lever seg verkeleg inn i kjenslene til dei to ektefellane. Sjølve kjærleikshistoria vert føreseieleg i og med at boka startar seinare ute i liva til paret, og det vert litt masete med forteljaren, som er til stades og kommenterer "når vi så møter igjen den unge mannen...". Dette er noko utdatert, og heller ikkje så elegant gjort. Etter mitt syn ligg Lie på fjerdeplass av dei "fire store", og kan med fordel erstattast av Amalie Skram.

torsdag 27. oktober 2016

Bok 87 2016: "Våren kommer til Tyrsta" av Margit Söderholm

Denne boka handlar mest om unge Wilhelm, nevø av Will, som vi møtte mykje i førre bok. Wilhelm er bekymra for sin eldre bror Jacques, som har arva Tyrsta. Jacques har opparbeidd seg enorm gjeld, men garden forfell. Verken Jacqus eller kona er spesielt interesserte i skikkane på Tyrsta, og dei behandlar husmenn og tenestefolk dårleg. Wilhelm gremmar seg over alt dette, men må likevel akseptere at broren er arving, medan han sjølv må gifte seg til pengar. Oppvakte lesarar har kanskje allereie gissa kva utfallet blir...

Onkel 75

Onkelen min som brudgom tidleg på 60-talet. 
Tysdag tok eg med meg gutane og "kræsja" selskapet til onkelen min på Eid. Han vart 75 år, så familien der var samla, og vi stilte på vegner av Ørsta-slekta. det vart ei kjekk stund med mykje god prat, og gutane syntest det var veldig kjekt å treffe så mange frå den sida av slekta. Mormor gifta seg då ho var 35 og fekk to born og seks barnebarn. No er det i alt 22 oldeborn etter henne og morfar, som døydde før nokon av barnebarna var fødde. Eg fekk mimre mykje både saman med slekta og med gutane mine på vegen til og frå Eid. Det var alltid kjekt å vere på Eid i oppveksten, der mormor budde i andre etasje hos Onkel og Tante. Og jammen var det kjekt å vere der no òg, med gjestfrie og hyggelege slektningar fulle av artige replikkar og godt humør. Og så var det kjekt å treffe Lappetausa live - ein trur ein har hatt mykje med folk å gjere berre fordi ein har følgt dei på bloggar og facebook, men det var svært lenge sidan eg hadde møtt henne. Storegut påstod han aldri hadde vore på besøk hos Onkel og Tante før, og det seier vel sitt om kor flinke vi er til å gå på besøk.

Takk for laget!

mandag 24. oktober 2016

Bok 86 2016: "Sommer på Hellesta" av Margit Söderholm

I denne boka har Will blitt enkjemann, noko han synest er stusseleg. Han har fleire kvinner som er interesserte i han, men vil han ende opp med å gifte seg med nokon av dei? i tillegg til denne enkle hovudhistoria følgjer vi livet blant familiane til Will og Carl vidare. God underhaldning, og litt å tenkje på når det gjeld kvinnene si stilling i denne romanen òg.

søndag 23. oktober 2016

Sagesetra

Med tre ungdomar i hus blir det ikkje noko tidleg avreise, så i dag vart det berre ein liten rusletur i nydeleg haustsol frå parkeringsplassen på Tua og inn til Sagesetra før middag. Vi gjekk verken langt eller bratt, men eg synest det beste er å gå alle ilag, prate og kose oss.

Bok 85 2016: "Verdens beste bygd" av Arto Paasilinna

Eg blir alltid glad når eg finn ei Paasilinna-bok eg ikkje har lese tidlegare, men sant å seie er dei sjeldan gode. Dei første eg las var langt betre enn dei som seinare har blitt lese inn på norsk lydbok. Når det er sagt: denne boka begynner bra. Ein gamal kyrkjebrennar bestemmer på dødsleiet at han vil testamentere all eigedomen sin til bygginga av ei kyrkje. Dette er eit morosamt og passeleg absurd utgangspunkt for ei bok, men så tek det heilt av med tredje verdskrig og verdas undergang og eg veit ikkje kva. Kan hende er dette så subtil samfunnskritikk at eg ikkje skjønar anna enn små glimt, med små stikk til EF og USA, til dømes, men i tilfelle går det meg hus forbi.