onsdag 30. mai 2018

Bok 33 2018: "Kalypso" av Ingar Johnsrud

Dette er andre bok i serien, og eg likte den langt betre enn "Wienerbrorskapet" - kanskje fordi historia var litt enklare, eller så har eg vent meg til skrivemåten med dei parallelle handlingane og samansette problema. Framleis meiner eg at bøkene er for lite konsentrerte og rotar inn for mange element til å fungere optimalt for meg, mendenne var altså mindre komplisert enn den førre.

Handlinga tek føre seg ein mystisk aksjon i Russland, og det er snakk om bakteriologisk krigføring, blant anna. Det var til tider svært spennande.

R(h)ododendron

I fjor kjøpte eg to nye buskar: ein rosa rododendron og ein raud jyvel. Frå før hadde eg to lilla rododendronar og to gule jyvlar. Det merkelege no er at alle dei tre jyvlane ser fullstendig daude ut. Eg tenkjer å sage dei av ved rota og sjå om det er håp for dei neste år, men eg har mine tvil. Den nye rododendronen har stått med ein knopp ganske lenge, men i dag spratt den ut. Naboane sine har sprotte ut for lenge sidan, så eg har venta ivrig på å sjå korleis den ser ut. Eg trur berre det blir ein blome i år, men der er knoppar som kjem til å bli nye blad, så neste år blir den truleg større. Fin er den i alle fall!

Møte i Hornindal

Tysdag kveld var partiet på tur til Grodås i Hornindal, snart ein utkant i Volda kommune. Vi var innom to bedrifter; ei Ekornesavdeling der dei laga møbeldelar og ei lokal bedrift der dei lagar våpen. Etterpå møttest vi på klubbhuset og hadde møte, der vi mellom anna diskuterte det utkastet til partiprogram som eg skreiv på laurdag og var i møte og diskuterte førre tysdag. Eg kan òg nemne at vi hadde gruppemøte måndag kveld, og at eg las sakspapir innimellom slaga i helga. Det er mykje som tek tid innanfor politikken, men det er spennande òg.

Veslejenta 18 år

Tysdag hadde Veslejenta sin attande bursdag. Dagen feira ho ved først å ha eksamen i tysk skriftleg, deretter øvde ho med nokre andre musikkelevar før vi møttest for å gå ut og ete. Planen var å ta med mormora òg, men ho hadde anna program og får kome attende til date og feiring seinare.

Planen var å ete indisk mat, men så ville dei plutseleg ha kebabrull i staden. Det kunne vi ha fått i Volda òg, men vi fekk no oss ein tur til Ørsta, om ikkje anna. Maten smaka godt, den, og ingen orka dessert....

søndag 27. mai 2018

90-årsfeiring

Mora til Bladfyken vart heile 90 år sist fredag, og søndag var det klart for storfeiring på Kvilehytta ved Åheim. Vi var mange samla, både unge og gamle, men alle etterkomarane var det ikkje mogleg å samle. Seks søsken gir mange barnebarn og oldebarn, og dei er spreidde for alle vindar nokre av dei. Uansett hadde vi ein hyggeleg dag med middag på Kvilehytta før vi reiste heim til eldstedottera på Slagnes og slappa av i hagen hennar (som er fantastisk). Der var mange eg ikkje hadde helst på før, men det var ein flokk det var lett å bli litt kjend med, i alle fall.

Under Linda

Noregs minste poesifestival fann i år stad litt tidlegare enn normalt, på grunn av storfint besøk frå Shetland. Gjestepoeten var Christine De Luca, som har vore på Hareid før, og som svogeren min og andre har omsett tekstar av. Det vart lese dikt både på norsk og shetlandsk dialekt, som er eit fantastisk velklingande språk, og det var som vanleg musikkinnslag og mykje god kaffimat. Det er alltid kjekt å kome til Hareid, ikkje minst når ein får treffe att gamle kollegaer og vener.

Vinklubb i mai

Fredag var det duka for ny vinklubb. Eg gjekk glipp av den førre vinklubben fordi det var like etter at Pappa døde, og det var veldig kjekt å vere saman med vinvenninnene igjen. Vi har halde på sidan 2000 dei fleste av oss, og vi har det alltid kjekt saman. Denne gongen vart lydnivået svært høgt, og vertinna tok fyr. Før det serverte ho nydeleg mat og vin, og det var i det heile ein svært vellukka kveld - utanom den vesle brannen som oppstod då vertinna bøygde seg bakover for å ta bilete og fekk håret opp i ein telysestake. Det gjekk relativt bra, men lukta ille.

lørdag 26. mai 2018

I Loen med Utdanningsforbundet

Torsdag og fredag var eg i Loen saman med andre tillitsvalde frå Nettverk 1. Det er alltid kjekt å vere saman med kollegaer, og der er imponerande mange flinke folk i fagforeininga. Eg er berre varatillitsvald no, men stiller av og til når ATV ikkje har høve til det. Det set eg pris på å få sjansen til, for ein får diskutert mange interessante saker på slike møte. Den uformelle og sosiale biten er òg verd å få med seg, og ikkje minst maten.

Vêret var fantastisk, og eg fekk eit utruleg stort og flott hotellrom med to bad (det har eg aldri opplevd før). Fredag hadde alternativet vore å sitje eksamensvakt på norskeksamen, og eg syntest eg gjorde eit godt bytte.

søndag 20. mai 2018

Bok 32 2018: "The Book of You" av Claire Kendal

Clarissa er blitt valt ut til å vere jurymedlem i ei kriminalsak der ei kvinne er blitt valdteken. Denne saka har mange parallellar til hennar eige liv, sidan ho blir forfølgd av ein mannleg kollega som oppfører seg som om han trur dei er eit par. Clarissa er skremd av situasjonen, og ho begynner å føre dagbok over det som skjer i livet hennar, ho tek vare på gåver han gir henne og fotografi han sender til henne. Ho vil ha prov når ho går til sak mot mannen. I rettssalen møter ho ein mann ho vert interessert i, og det heile utviklar seg til eit sjalusidrama.

Denne boka var relativt enkel i innhaldet, og det var derfor ei kriminalbok det var lett å lese - slik eg likar at krim skal vere.

Bok 31 2018: "Wienerbrorskapet" av Ingar Johnsrud

I denne boka vert ei kvinne bortført. Fleire i ei religiøs sekt vert massakrerte, medan resten av sekta er sporlaust forsvunne. Mykje tyder på at det er muslimske fundamentalistar som står bak, men dette kan òg vere spor som er planta med vilje. Parallelt får vi tilbakeblikk til eit miljø med rasehygienikarar før andre verdskrig.

Boka har fått god kritikk, men for meg vart det for mange trådar å halde greie på. Boka er den første i noko som skal bli ein trilogi, og eg har sikra meg bok nummer to allereie.

torsdag 17. mai 2018

17. mai 2018





Dei tre heimebuande borna



Charlie har visst vakse, eller så har eg krympa...

16. mai

Tradisjonell 16. mai på jobb


tirsdag 15. mai 2018

Hagevandring 15. mai

Ein ny liten blå blome

Ein av narsissane eg sette ned i fjor haust

Kusymre er ein vakker blome

I dag planta eg bordpynten frå konfirmasjonen i eitt av beda

Godkjent arbeidskrav

I det normale løpet til mastergradsstudiet skulle eg levere 7000 ord i eit teorigrunnlag denne våren. Det var eit tungt arbeid, for den rette teorien måtte finnast i dei rette bøkene. Før jul skreiv eg 6000 ord på ein 6-timarseksamen, så eg skriv eigentleg både fort og lett, men dette arbeidet kravde ei heilt anna form for innsats. Somme dagar kunne eg jobbe i timesvis for å produsere 200 ord, til dømes.

Då pappa var på det sjukaste og vi såg kva veg det gjekk, tenkte eg at det var best å få unna mest mogleg skrivearbeid i god tid før leveringsfristen. Det var dessutan lurt å planlegge konfirmasjonen òg i god tid, fann eg ut. Siste vekene har vore prega av sjukdom, død, gravferd og konfirmasjon, og eg var inne på tanken om å be om utsett frist på arbeidskravet. I staden beit eg tennene saman og fekk ned nok ord, med den tanken at eg kunne få ein ny frist i juni dersom teksten ikkje vart godkjend. Eg leverte over ei veke før fristen, som var 14. mai, og allereie i dag, 15. mai, fekk eg melding om at den var godkjend. I tillegg fekk eg nyttige kommentarar og svært gode tilbakemeldingar frå rettleiaren, så no er eg gira på å halde fram. 

Dagen derpå

Søndagen var strålande, og eigentleg hadde eg planar om å rette ferdig ein bunke. Då eg leita etter bilnøklane og fann dei att i søppelposen, tenkte eg at hovudet mitt truleg trengde ein kvil. Det vart derfor slying i sola det meste av søndagen, med litt rusling og rydding innimellom.

søndag 13. mai 2018

Minstemanns konfirmasjon 12. mai 2018

Siste dagane har gått med til førebuing av det store selskapet. Om lag 55 gjestar skulle sessast og matast, og det skjer ikkje av seg sjølv. Alt har vore planlagt lenge, men det er likevel nokre spenningsmoment ein ikkje har kontroll over. Det var til dømes ingen som kunne føresjå at eine kjøkenhjelpa vart sjuk, men mora til den andre stilte sporty opp og gjorde ein fantastisk innsats. Eg er henne evig takksam!

Nokre få av oss var til stades i sjølve seremonien på samfunnshuset i Ørsta. Der var set song og talar, og det var ei fin stund.

Gjestane kom til grendahuset i Kilsfjord, og der fekk dei servert koldtbord, dessertar og kaker. Koldtbordet var levert av Osdal catering, og maten derifrå kan hermed anbefalast. Eg hadde i tillegg bestilt karbonader, eg dei var fantastisk gode. Eg hadde berre laga nokre dessertar og eit par kaker sjølv, pluss at eg bestilte kransekake og marsipankake, men i tillegg hadde slekt og vener stilt opp med kaker dei òg. Det vart rikeleg mat og mange gode restar.

Allsongen var rimeleg laber, men Veslejenta, konfirmanten, faren og nabokompisen hadde eit fint song- og musikkinnslag. I tillegg talte både Eldstejenta og eg. Veret var optimalt, gjestane hyggelege og det vart alt i alt ein svært vellukka dag i følgje konfirmanten og oss i næraste familie.  Spesielt mi side av familien hadde eit stort behov for eit hyggeleg samkome etter ein elles trist vår, og det trur eg vi fekk alle saman.

Takk til alle frammøtte, alle bidrag og alle hyggelege helsingar!



Nydeleg dekorasjon frå Aarflot blomster





Familien minus Storegut, som dessverre ikkje var til stades

lørdag 12. mai 2018

Bygdepride 2018

Verdas første bygdepride vert arrangert i Ørsta/Volda denne veka, og fredag var det stor parade. Ein motstandsparade fann stad for ei tid tilbake, med om lag 20 deltakarar, og det var derfor ekstra viktig for bygdefolket å markere at samfunnet er og skal vere inkluderande. Mellom 1500 og 2000 gjekk i paraden, og langs gatene var det fullt av folk som støtta saka. 50 lag og organisasjonar hadde meldt seg på, og eg gjekk under fanen til Utdanningsforbundet.

Eg burde eigentleg vere oppteken av andre ting dagen før konfirmasjonsselskapet, men etter intens jobbing tidlegare på dag laga eg meg ei tidslomme der det vart tid for parade og deretter tid til å hente Eldstejenta, som kom med bussen frå Oslo akkurat i tide til å sjå folkehavet i Volda. Bussen kunne ikkje svinge innom haldeplassen, for der var stappfullt av folk.

Dette var ein stor og stolt dag for bygdene!


torsdag 10. mai 2018

Førebuing av fest

Mange timars arbeid, men enno ikkje ferdig
Laurdag brakar det laust med konfirmasjonsselskap, og i dag nytta dei to yngste og eg høvet til å gjere delvis klart på grendahuset. Det tek si tid å sette ut bord og stolar, dekke på og plassere bordkort/songhefte når ein skal ha stort selskap, og det er veldig greitt med alt som er gjort. Spesielt tunge løft er greitt å få unnagjort litt på førehand.

Eg er ikkje spesielt oppteken av pynting, og føler meg ikkje heilt i komfortsonen når eg held på med denslags. Då er eg langt flinkare til å skrive tale og lage songhefte, trur eg. Spørsmålet er om eg greier å halde talen i år - etter den emosjonelle talen til Eldstejenta i 2008 har eg stått over i to konfirmasjonar, No skal eg prøve igjen, og eg skreiv den førre fredag medan elevane mine hadde heildagsprøve i norsk.

Det er mange som har takka ja til å kome, og det er eg glad for. Spesielt mi side av slekta treng verkeleg eit triveleg selskap no, etter ei lang og trist tid med sjukdom og død. Også den andre bestefaren er borte sidan førre konfirmasjon, så vi var redde det vart eit lite selskap. I staden blir det mellom 55 og 60 til bords, og det er stor stas.

Bok 30 2018: "Verden som var min. Åttitallet" av Ketil Bjørnstad

Dette var eigentleg to band av same bok, så den er ganske lang. Og kanskje litt langdryg. Det er kjekt med eit tilbakeblikk til det som skjedde på åttitalet, men det ergrar meg når boka inneheld openberre faktafeil som at Paul McCartney spelte inn "Ebony and Ivory" saman med Michael Jackson. Det er òg noko forvirrande at innlesinga er gjord av same mann (Anders Ribu) som las Knausgårdserien "Min Kamp", for eg har ein tendens til å samanlikne dei to. Eg synest Ketil Bjørnstads liv er svært annleis enn mitt, og Knausgård er for meg ein langt meir spennande person å lese om av mange årsaker. Når det er sagt, vil eg berre seie at den historiske sida av boka er interessant, spesielt den delen som handlar om Treholtsaka.

onsdag 9. mai 2018

8. mai

På jobb har vi festlege dagar med russefeiring, og tolmodet til lærarane vert testa. Tysdag var det ein nydeleg sommardag, og då passa det godt med russebilkåring. Ingen stad er finare enn Sunnmøre i mai, og ingen månad er vakrare heller. Grøn natur, kvite fjelltoppar og russefeiring er eit perfekt bakteppe for alle flaggdagane.

Eg fekk elles levert ein nydeleg bukett frå to studievenninner, det sette eg stor pris på!


Om kvelden gjekk vi tur på Stigedalen. Der var framleis ein del snø på vegen, men vi gjekk inn til Asbjørnhytta. Den var eit sørgjeleg syn, for heile den fine grillhytta hadde falle saman i løpet av vinteren. Eg reknar med det var snømengder som tok knekken på den.



Hagevandring 7. mai

Planta i fjor, heiter noko med bjelle. Denne er lilla


Ein av mange tulipanar eg planta i fjor, berre eit par har sprotte ut

Fekk av mamma i fjor

Kjøpt i fjor, får grågrøne blad med kvite striper - og i tillegg rosa blomar

Den andre bjellevarianten er burgunderraud

Kanskje fekk eg denne av Solveig

Desse er utruleg søte