søndag 25. oktober 2020

Søndag i Steinsvika



Søndag fekk eg endeleg på vinterdekk. Når det gjeld dekkskift og snømoking er det ikkje rom for feminisme, spør du meg.

Med nyskodd bil vart det freistande med ein køyretur, og turen gjekk til Steinsvika, der vi gjekk tur på ein anleggsveg og gjennom bygda. Det vart etter kvart svært surt og kaldt, så det var eigentleg greitt å kome seg heim etter ei stund. Klokka vart stilt om til vintertid sist natt, og det mørknar no i 16-17-tida. Det synest eg er veldig trasig, for det blir lite dagslys for oss som er i arbeid. 

Laurdag på Stigedalen


Eigentleg hadde eg ikkje så mange ærend denne laurdagen, men ein må ofte ein tur på butikken. Eg har køyrt med sommardekk på tvilsame vegar siste dagane, og eg var derfor redd for å fare for langt eller for seint. Ein liten tur på Stigedalen vart det høve til, men det var ikkje ideelle forhold. Spesielt ikkje då vi bestemte oss for å gå bort til saga på Sagesetra. Der var vått og gjørmete, og ikkje så spesielt interessant heller, når sant skal seiast.

Bok 82 2020: "Den misunnelige frisøren" av Lars Saabye Christensen


Novella om den misunnelege frisøren er filmatisert, og den filmen er minneverdig god. I tillegg til tittelnovella inneheld samlinga fleire gode noveller med varierande innhald og tematikk. Alle tekstane er gode, og denne gongen fungerte det godt å lese noveller på lydbok, noko eg ofte synest er vanskeleg.

torsdag 22. oktober 2020

Bok 81 2020: "Albertine" av Christian Krohg


Dette er ei bok eg har lese utdrag frå tidlegare, men eg har ikkje lese heile før. Sidan det er ei bok eg ofte nemner når vi har om naturalismen i norskundervisninga, tenkte eg at det var ei bok eg burde lese, sjølv om eg kjende til mykje av handlinga frå før. 

Albertine er ei fattig, ung kvinne som lever på austkanten i Oslo. Broren er sjuk, mora gamal og systera har blitt prostituert, og Albertine arbeider hardt for å tene pengar til livets opphald. Ho passar seg vel for å gjere noko upassande, slik venninna gjer, og ho er livredd for å ende opp som systera. Samtidig er ho glad i vakre klede, og ser korleis ein kan skaffe seg mykje fint dersom ein skaffar seg ein "sugar daddy".

Sossen Krohg les lydboka, og det gjer ho svært godt. Eg har likt denne opplesinga og boka godt!

tirsdag 20. oktober 2020

Bok 80 2020: "Møte ved milepælen" av Sigurd Hoel


Denne boka er ein klassikar, og i lydbokversjonen eg fann på Storytel er den omarbeidd til radioteater. Det er ikkje ofte eg har høyrt radioteater anna enn på nokre få lydbøker, men det er eit veldig hyggeleg format!

Handlinga i boka tek føre seg opplevingar under andre verdskrig. Eg har lese om denne og samtidige bøker at dei ofte tok føre seg psykologiske forklaringar av kvifor nokon valde den galne sida under krigen, sidan dette var noko som opptok folk like etter krigen. Eg-personen fortel om kvinnehistorier, vennskap og konfliktar, og det vert ei spennande forteljing. Eg fekk litt lyst til å lese heile boka, for å få med fleire detaljar, men radioteater var altså veldig kjekt. Der ligg fleire slike ute på Storytel, og eg kjem til å leite fram fleire.

søndag 18. oktober 2020

Bok 79 2020: "Hyttebok frå helvete" av Are Kalvø


Denne boka har eg liggande i papirform, men no valde eg å høyre den på lydbok, sidan det er forfattaren sjølv som les. Boka tek føre seg nordmenns syn på natur og friluftsliv, og mykje av boka handlar om turar på turisthytter. Kalvø overdriv sjølvsagt noko og set på spissen, men det er ustyrteleg morosamt å høyre om sjargongen blant turfolk. Ein kan lett kjenne seg att i mange av samtalane og problemstillingane, til dømes korleis ein aldri får eit sannferdig svar på kor lett/tung ein tur er, kor bratt det er og denslags. 

Eg var på teater og såg framsyninga til Kalvø om same tema. Den ligg ute på nrk.no, for dei av lesarane som er interesserte. 

Stigedalen revisited




Denne helga har eg hatt arbeidshelg - det vil seie at eg det meste av tida har sete med nasen i ein rettebunke. Laurdag hadde eg eit par ærend på butikkar på Eid, og eg tok då med meg hunden slik at vi kunne gå ein tur på Stigedalen på veg heim. Vi gjekk frå Tua og inn til Asbjørnstova i vêr som veksla mellom sol, regn og hagl, med og utan vind. Det var ikkje særleg mange ute på tur, men vi møtte på eit par med tre hundar, der den yngste var ein kvelp som gjerne ville leike. Charlie var nokså våt og skiten då vi kom heim, så han måtte ligge til tørk i buret sitt. Likevel vart det eit par sandflekkar i stova, noko som er svært uvanleg når det gjeld han. 

fredag 16. oktober 2020

På kaia med Jonas


Torsdag kom han eg håpar blir vår neste statsminister til Sunnmøre, og eg vart med på kaia for å snakke om korleis det er å vere ferjependlar. Det vart òg snakka om fylkeskommunal økonomi. Møtet vart kort og hektisk, men eg fekk no nemnt det viktigaste: ein lågare sum for å fylle på ferjekort, i tillegg til betre ruter.

tirsdag 13. oktober 2020

Bok 78 2020: "Hjertetrøbbel" av Roy Jacobsen


Denne relativt korte boka handlar om Peder og Anita, og deira ekteskap og problem i og med det. Peder trur han har hjarteproblem, og han slit med rare tankar og fantasiar. Samtidig oppfører kona seg rart òg, så mykje av tida lurte eg på kva som var "ekte" og kva som var fantasiar. Andre menneske i boka er heller ikkje heilt A4, og etter å ha lese eit par enkle chick lit-bøker på rad, vart denne boka noko krevjande. Likevel vil eg seie den gav nokre tankar å tygge på når det gjeld meininga med livet og destruktive forhold.

Bok 77 2020: "Who's that Girl?" av Mhairi McFarlane


Edie er gjest i eit bryllaup, noko ho ikkje er så begeistra for, i og med at ho er desto meir begeistra for brudgomen. Brått kjem han bort til henne og kyssar henne, noko den nyslåtte kona hans ser. Edie får skulda, og det heile vert uuthaldeleg, spesielt fordi dei alle tre jobbar saman. Sjefen løyser problemet ved å sende Edie til heimbyen, der ho skal bu saman med systera og faren medan ho skriv ei bok om ein kjend skodespelar. Det vert mykje drama og mange interessante møte undervegs, og boka er både underhaldande og tankevekkjande. Opplesaren av denne lydboka las mykje tydelegare, med mindre innslag av dialekt og i rolegare tempo enn den førre. Det var derfor mykje lettare å følgje med.

lørdag 10. oktober 2020

Movatnet igjen





Turen i dag gjekk til enden av vegen ved Movatnet, men i dag var det strålande sol på heile turen. Somme synest kanskje det er rart at eg går langs same vegen tre gonger på ei veke, og at eg heller burde velje ein fjelltopp. Til dei kan eg seie at turen til endes er om lag 6 kilometer lang, så eg har gått over ei mil både i dag og torsdag. I tillegg er det ein fin tur med mykje kjekt å sjå, og sola skin lenge fordi der ikkje er høge fjell. På toppen av det heile møter ein folk langs vegen, og i dag fekk Charlie helse på ein nydeleg hund som ville springe saman med han. Vi møtte òg den same elghundkvelpen vi møtte på torsdag, så han fekk ein spennande tur reint hundesosialt òg. 


torsdag 8. oktober 2020

Bok 76 2020: "You had me at hello" av Mhairi McFarlane


Rachel jobbar som journalist i Manchester. Ho gjer det slutt med sambuaren etter at dei har krangla om bryllaupsplanane, og brått dukkar ein tidlegare ven opp i Manchester. Rachel er ivrig etter å møte han att, og vi får gradvis innsyn i korleis forholdet mellom dei var, ti år tidlegare. Ho møter dessutan nye menn, opplever konfliktar og drama både på jobb og privat og slit med å etablere eit nytt liv utan kjærasten, som ho har vore saman med i 13 år. Rachel har ikkje alltid teke dei rette vala i fortida, og vi som lesarar lever lenge i uvissa om kor vidt dette vil gå greitt for Rachel.

Dette er ei bok i sjangeren "chick-lit", og er såleis lett å lese. Det som gjorde den litt vanskelegare tilgjengeleg, var at opplesaren las med ganske brei dialekt, og frykteleg raskt. Det tok litt tid å venje seg til dette, men etter kvart gjekk det bra. Forfattaren er ny for meg, men der ligg fleire bøker av henne på Storytel, både på engelsk og norsk. Ho er opprinneleg skotsk, men har studert og bur i Manchester. 


Movatnet




 I dag gjekk vi tur frå parkeringsplassen på Tua til enden av vegen, ved Movatnet. Det er kjekt med skogsvegar når det er så vått i marka, og fargane i naturen var nydelege, trass i det grå vêret.

tirsdag 6. oktober 2020

Bok 75 2020: "Ingen tid å miste" av Tore Renberg


Renberg er ein av mine favorittforfattarar, spesielt når han les bøkene sine på lydbok. Vanlegvis skriv han om menn i ulike situasjonar, men denne gongen har han skrive ei nydeleg bok om ei eldre kvinne og den middelaldrande dottera. I starten har den eldre kvinna nyleg blitt enke, og dottera skal kome for å hente henne til den første onsdagsavtalen deira. Dette var ein tradisjon Renberg kjende til frå eigen familie, men han forsikrar om at karakterane er oppdikta. Det mest spesielle er forteljemåten, der forteljaren vender seg til lesaren og ber han om å bli med inn i forteljinga. Eg likte boka svært godt.

Romedalen


Eg er ikkje fullstendig restituert, sjølv om eg ikkje lenger kan kalle meg sjuk heller. Derfor passa det godt med ein rusletur i vakre Romedalen i ettermiddag. Mange hadde teke turen, og fleire låg i telt langs elva. Det er ein vakker dal og ein fin tur utan særleg mange bakkar, men med mange flotte fjell på begge sider. Det næraste eg kjem fjelltur denne haustferien, ser det ut til.

mandag 5. oktober 2020

Bok 74 2020: "Krigshistorier" av Øystein Orten


Svoger Øystein er ute med ny bok, denne gongen ei samling tekstar med handling frå andre verdskrig. Innhaldet er variert og basert på verkelege hendingar, men forfattaren understrekar at det heile er fiksjon, eller fantasering rundt desse verkelege hendingane. Eg likte spesielt godt dei tekstane som handlar om folk eg har kjent til, som den jødiske guten som gjekk på skule i Volda, min eigen grandonkel Sjur og Øysteins far. Boka er velskriven og har dette autentiskklingande, gamalmodige språket som høver så godt for historiske tekstar, og som eg meiner Øystein meistrar så godt.

Bok 73 2020: "Den mørke hemmeligheten i Tysfjord" av Anne-Britt Harsem


For nokre år sidan kom ei grusom sak fram i media, og dette er grunnlaget for handlinga i denne boka. Liv veks opp i eit lite, avstengt bygdesamfunn der dei fleste er lulesamar og læstadianarar. Barndomen hennar er prega av fattigdom, vald og alkohol, og etter kvart også seksuelt misbruk. Det er nesten ingen ende for kor grusomt ho og andre born i dette miljøet er blitt behandla, og korleis skepsisen mot "øvrigheita" hindrar nokon i å slå alarm.

Boka er ikkje spesielt godt skrive, då den hoppar i tematikk og gjentek seg sjølv (til dømes alle fakta om det lulesamiske miljøet som vert lista opp både først og sist i boka. Likevel er dette ei bok som grip fatt i ein, og som minner ein om at ein må slå alarm viss ein blir vitne til at born har det vondt. 

søndag 4. oktober 2020

Haustferie!

Laurdag kom Veslejenta og kjærasten heim på ferie, og vi var derfor seks personar samla rundt ei gedigen gryte med fårikål. Vi hadde deretter ein hyggeleg kveld med Stjernekamp og mykje hyggeleg prat.


Søndag samla vi oss til ein solid frukost. Deretter fekk eg gjennomslag for idéen om å gå ein tur, så dei fire ungdomane og eg gjekk tur på Stigedalen, inn til Asbjørnstova. Eg hadde gløymt telefon, og dermed kamera, heime, men veslejenta tok eit bilete av Charlie, såpass vi har eit fotominne om den fine turen. Vel heime åt vi meir fårikål, og no har ungdomane reist til faren. 

Eg har ikkje lagt andre planar for ferien enn å slappe av og kome meg til att etter sjukdom og plager, og det i seg sjølv er eigentleg veldig greitt. No har eg ein del rydding og vasking å få unna.

fredag 2. oktober 2020

Ha det på badet!

 Sidan eg har sete heime og jobba siste dagane, har eg fått sendt nokre mailar hit og dit for å ordne litt diverse. Om morgonen i går sende eg ein mail til røyrleggarforretninga der eg bestilte nytt badekar 29. juli. Eg var ikkje ufin, men spurte om dei visste kva tid dei trudde dei fekk tid til å kome. Etter nokre timar ringde dei og spurte om dei kunne kome i dag. Det passa svært godt sidan eg skulle ha fri frå jobb, og fordi eg snart får huset fullt av folk.

Slik såg det ut i dag tidleg

Røyrleggar og lærling kom 8.30, og fire timar seinare stod badekaret ferdig til bruk. Dei tok dessutan med seg restane av steamdusjen, så no er den ute av boda. 

Slik såg det ut 12.30

Det var sjølvsagt kjekt å få badet forflegra, men så fekk eg lyst til å pynte litt òg. Sidan eg skulle til Eid for å handle uansett, stakk eg innom Jysk og kjøpte ei ny skittentøykorg, ei hylle, knaggar og ei søppelbøtte. Det kosta ikkje all verda, men så stakk eg også innom Biltema, der eg kjøpte meg ein ny drill. Minstemann nytta drillen og fekk på plass både knaggar og hylle, så no har badet fått ei skikkeleg oppgradering.





Bok 72 2020: "Fordi jeg elsker deg" av Helene Uri


Denne boka valde eg på grunn av forfattarnamnet, som eg kjenner frå før. Undervegs viste det seg at det er ein ungdomsroman, og den var kanskje litt i enklaste laget for meg, men eg trur faktisk den kan fungere godt som ei bok for unge jenter spesielt. Hovudpersonen er ei jente som fortel gjennom tilbakeblikk om korleis ho vart saman med verdas beste gut, og korleis dette forholdet utvikla seg til å bli eit mareritt. Når eg seier den er enkel, er det fordi her ikkje er behov for så mykje tolking for å få med seg handlinga, og det er handlinga som står i sentrum, ikkje språket. For yngre lesarar kan komposisjonen vere spennande, sidan den retrospektive metoden gir glimtvis innsyn i kva som har skjedd tidlegare og kva som er stoda i notida.