torsdag 30. mai 2013

Bibliotektvang

Som ledd i førebuinga til neste års fordjupingsemne, tok eg i dag med meg gjengen min på skulebiblioteket. Vi har eit flott bibliotek og ein særs dyktig og hjelpsam bibliotekar, som eg sjølvsagt hadde kontakta på førehand. Mål for timen i dag var at dei skulle sjå seg omkring og finne/låne noko dei ville lese. Fleire tilstod då at dei allereie heldt på med ei bok eller ein bokserie, og eg fekk snakke litt med nokre av dei på tomannshand. Nokre "hatar norsk", men fortalde at dei hadde lese store mengder Bobseybarna-bøker då dei var yngre.

Dei fleste tok med seg ei bok. Nokre valde å bruke timen til å lese teikneseriar og aviser, og eg prøvde å formidle at det òg er norskfag (som dei same "nokre" altså hatar). Andre fann kjærleiksromanar, biografiar, filmar og dokumentarromanar.

Tilfeldigvis kom eg over denne artikkelen, og den trur eg blir dagens tekst på måndag!

onsdag 29. mai 2013

Kjensla av sommar og sensur

I dag tidleg sjekka eg at eg hadde fått inn dei nesten 200 eksamenssvara som eg skal sensurere dei næraste tre vekene. Superenkel forsking tilseier at eg bør ligge på eit minimum på ti svar per dag, i tillegg til anna arbeid. Gleda var derfor stor då eg hadde fått unna ti svar før klokka tolv, og dei to yngste ungane og eg gjekk ein tur med hunden Lucas.

Om ettermiddagen skulle Veslejenta bruke bursdagen sin til ballettøving. Storegut reiste på Hødd-kamp med morfaren, og Eldstejenta var ute med vener. Minstemann og eg lufta Lucas litt til, i min barndoms nærmiljø, og så drog vi på besøk medan vi venta på ballerinaene.







tirsdag 28. mai 2013

Veslejenta vert tenåring 29. mai 2013!


Flinke, kjekke, vakre, tøffe og snille Veslejenta fyller 13 år 29. mai, og dermed har eg igjen to tenåringar i huset. Det er faktisk mykje kjekkare enn det høyrest ut! Vi gratulerer godjenta, som skal feire dagen med ballettdansing og lufting av hund. Fest og moro får vi ta att ved eit seinare høve.



Salukien Lucas på besøk igjen

I dag var det den kjedelegaste jobbdagen i året for oss lærarar, som måtte sitje rett opp og ned i nesten tre timar og sjå på elevar som skreiv hovudmålseksamen. Heldigvis var oppgåvene gode, og det blir spennande å sjå dei svara eg skal sensurere. Stresset er at ein må lese og sensurere om lag 200 elevsvar på tre veker, i tillegg til anna arbeid. Det blir godt å kome i gang, og ikkje minst å bli ferdig.

Etter jobb henta eg salukien Lucas, som skal vere på besøk hos oss eit par dagar. Dei to yngste og kompisen til Minstemann synest Lucas er veldig søt og morosam, og vi gjekk oss ein lang ettermiddagstur før Veslejenta skulle på korps. Heimen vår manglar verkeleg ein hund.

mandag 27. mai 2013

Kva er eit bibliotek?

I ein norsktime i dag snakka vi om neste års fordjupingsemne i norsk. Digresjonar blir det ofte mange av ved slike høve, og eg kom etter kvart inn på idéen om bibliotek.

På eit bibliotek kan ein gratis låne varer til rundt 300 kroner pr stk, og levere dei attende etter fire veker. Vert du for sein med å levere dei attende, må du kanskje betale eit lite gebyr, men stort sett er heile tenesta gratis. På det lokale biblioteket i Volda har dei ei god nettside der eg kan reservere bøker eg har lyst til å lese, og så sender dei meg ein sms når boka er tilgjengeleg.

Sjølv les eg mellom 50 og 100 bøker i året. Dette hadde blitt ein temmeleg stor utgiftspost for meg dersom eg måtte kjøpe alle bøkene til full pris, og eg hadde måtta bygd på huset for å få plass til fleire bokhyller. Ved å vere bibliotekbrukar kan eg lese dei bøkene eg har lyst utan å absolutt måtte eige dei.

Elevane mine synest ofte eg er litt rar. Nokre av dei hatar norsk, synest det er ei plage å måtte lese litteratur og ser ikkje det heilt store ved å kunne låne bøker gratis. Når ein veks opp med internett og parabol vert ikkje magien i bøkene like stor som når ein veks opp med bokbåt og bibliotekfilialar som små kulturelle oasar. Sjølv vaks eg opp i Ørsta, med biblioteket i det då nybygde samfunnshuset som ein naturleg møtestad etter endt skuledag. Framleis set eg ofte meir pris på ei god bok enn eit halvgodt tv-program, og eg skulle gjerne hatt mykje meir tid til å lese.

Korleis får ein så ungdomar til å like å lese?
Er det for seint å begynne å lese når dei er 18?

I første omgang har eg no snakka ein del om bøker som andre elevar før dei har likt å lese. Nokre har tilstått at dei har lese nokre av dei bøkene eg har nemnt, og vi har snakka litt om kva typar bøker som finst, ulike sjangrar og liknande. Neste skritt blir kanskje å ta dei med på skulens flotte og nyoppussa bibliotek.


søndag 26. mai 2013

Bok 35 2013: "Ute av verden" av Karl Ove Knausgård

Etter å ha lese alle "Min Kamp"-bøkene fann eg ut at eg måtte lese tidlegare verk av Knausgård òg.

"Ute av verden" er historia om den 26 år gamle læraren som forelskar seg i ein 13 år gammal elev. I tillegg rommar den voluminøse romanen spekulasjonar og litterære refleksjonar som ein kjenner att frå "Min Kamp"-serien, men som verkar noko malplassert i ein roman. Eg-personen har klare likheitstrekk med eg-personen i "Min Kamp"-serien, noko som vert påfallande og nesten litt irriterande til tider. Ein kjenner til dømes lett att personar og hendingar som forfattaren seinare har presentert som sin eigen familie, og "Henrik" er minst like sjølvhøgtideleg og keitete som "Karl Ove".

Denne boka kom før "Min Kamp", og i det første bandet av serien problematiserte Knausgård skriveprosessen sin fordi han eigentleg ville fortelje si eiga historie, ikkje dikte opp noko som likna. Ein kan lett sjå at det er det forfattaren gjer i "Ute av verden", og etter mitt syn vert til dømes den lange passasjen om "kva som vil skje dersom du vaknar opp og verda er heilt annleis" noko langdryg og utanom saka. I "Min Kamp" godtok ein slike lange digresjonar fordi bøkene gir inntrykk av ei skriving etter innfallsmetoden, men romanar bør etter mitt syn ha ein strammare komposisjon.

Søndagstur i skoddeheimen








I dag gjekk turen til Bjørkedalen, der vi mellom anna såg innskripsjonar i olivinstein. Vi prøvde dessutan å gå ein tur forbi Laurdalssetra, men utsikta var mildt sagt einsformig på grunn av skodde. Vanlegvis kan ein der sjå Voldas mest spektakulære fjell, Lisje-Toren, men i dag såg ein absolutt ingen fjelltoppar.

lørdag 25. mai 2013

Bok 34 2013: "Tirsdagsdamene - Reisen til Lourdes" av Monika Peetz

Dette er ein lettlesen roman som er skriven om og for kvinner, og då kanskje spesielt kvinner midt i livet. Såleis burde den passe godt for meg, og eg har kosa meg veldig med lesinga.

Handlinga dreiar seg rundt fem kvinner som har møttest på franskkurs og deretter innleidd eit nært vennskap, trass i at dei er svært ulike. Ei av kvinnene har mist mannen sin etter lengre tids sjukdom, og ho er fast bestemt på å fullføre den pilgrimsvandringa til Lourdes som han måtte avbryte då han vart altfor sjuk. Venninnene bestemmer seg for å følgje henne, og dermed er det duka for intrigar, avsløringar og aukande sjølvinnsikt blant kvinnene.

Personane kan verke noko stereotypiske, men det gjer det lettare å halde dei frå kvarandre medan dei les. Min favoritt er den forfengelege Estelle, som ofte har ein humoristisk replikk når problema tårnar seg opp. Handlinga er somme tider føreseieleg, men alt i alt er det ein artig roman som høver godt som solsenglektyre.

fredag 24. mai 2013

Folkestad - Tjørvåg: 7 - 5 til heimelaget

Torsdag kveld var det fotballkamp på Folkestad. Laget der Storegut er med, eit lag med gutar og jenter fødde i 1997 - 1999, vann over gjestelaget frå Tjørvåg, til stor glede for den frammøtte heiagjengen.

onsdag 22. mai 2013

The Great Gatsby 2013

Det er snart 25 år sidan eg las boka "The Great Gatsby" for første gong. Vi la den opp som pensum på engelsk grunnfag, og eg las den fleire gonger for verkeleg å kunne forstå og analysere den. Eg har dessutan sett den mest kjende filmatiseringa til no, med Robert Redford i tittelrolla.

I kveld såg eg den nye filmversjonen, i 3D, med Leonardo DiCaprio i den same tittelrolla. Det er ein spektakulær og imponerande produksjon, og eg syntest husa og festane var i overkant storslått framstilde. At musikken var så moderne, var òg forstyrrande for illusjonen min. Ikkje skjønar eg poenget med 3D heller, for å vere ærleg. Når alt dette er sagt: dette er ei av dei vakraste forteljingane i litteraturhistoria, og filmen formidlar den heilt framifrå. Språket i romanen er ofte teke vare på i voiceover, og skodespelarane passar svært godt til rollene sine. Hovudpersonen Nick er dessverre unntaket, for der har ein endra karakteren for mykje i høve til Nick i boka. For dei som ikkje har lese boka først, kan dette vere mindre forstyrrande.

Uansett er dette ein film ein bør få med seg!

tirsdag 21. mai 2013

Andre pinsedag i Lodalen

I dag kom rastløysa og utferdstrongen sigande, dermed vart det langtur til Lodalen. Eg har lenge hatt lyst til å reise dit for å sjå stadane der dei store rasa frå Ramnefjell utløyste flaumar som så å seie utsletta bygdesamfunn i 1905 og 1936. Landskapet rundt vatnet er dramatisk og vakkert, og vi tok dessutan turen inn til Kjenndalen for å sjå på isbreen der.

















søndag 19. mai 2013

Første pinsedag: grilling og kake

Ein totalt avslappa dag med grilling av folk og mat på verandaen, før vi toppa ettermiddagen med ei sommarleg pavlovakake.

lørdag 18. mai 2013

Pinseaftan i Lisjedalen

Etter ein handlerunde i tettbygde strok gjekk Eldstejenta og eg oss ein tur i Lisjedalen. Sola skein og det var varmt, så Eldstejenta hadde tenkt å bade i sjøen då vi kom ned att. Det vart med litt vassing.




I kveldinga har vi så langt kosa oss med grilling på verandaen, og snart er det Eurovision-finale. Eldstejenta skal møte vener i Volda.

fredag 17. mai 2013

Straumshamn 17. mai 2013

Feiringa av nasjonaldagen tok til med gudsteneste i Kilsfjord kyrkje. Svein Prest er noko for seg sjølv nr det gjeld å gjere gudstenestene minneverdige, og i dag var høgdepunktet då han fortalde om den paradisiske hagen dei hadde hatt i Hardanger. Eitt av epletrea bar fantastisk gode eple, og ein dag kom den muslimske naboguten Ali og spurte Svein Prest om det var sant som prestesonen sa, at treet bar svine-eple?

Etter det obligatoriske toget var det tid for feiring på grendahuset. Der vart servert nydeleg brennsnut, noko som hadde vore svært kjærkome viss det ikkje hadde vore for 18 varmegrader ute og kanskje det doble inne.

Ungane og eg reiste til Volda og fekk så vidt med oss folketoget, tale for dagen og russetalane.








Både Eldstejenta og Storegut hadde planar for kvelden, men dei to små og eg kosar oss no med relativt rolege aktivitetar i heimen.