Viser innlegg med etiketten hus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hus. Vis alle innlegg

søndag 2. august 2020

Prosjekt badekar 2: nedvask

Etter å ha fått stengt av slik at det ikkje lenger rann vatn ut av hola i veggen, fekk eg sjølvsagt nytte av vatn elles i huset. Dette gjorde òg at eg fekk vaska ned "oppebadet" - det vil seie tak, vegger og golv. Det var sjølvsagt skitnast i kråa bak dampdusjen, men det var relativt fort gjort å vaske resten òg. Golvet vart skrubba etter alle kunstens reglar, og alt står no klart til montering av badekar. Det vert ein del rot elles i huset òg medan eg held på, men det er greitt å gjere skikkeleg det ein gjer.

fredag 31. juli 2020

Prosjekt badekar 1: Eve of Destruction

For nokre dagar sidan bestilte eg meg badekar med dusjvegg til "oppebadet". Planen var eigentleg å få rørleggarane til å demontere den defekte dampdusjen, men så tenkte eg at det ville vere greitt å vaske skikkeleg der den har stått før badekaret vert montert, og det vart for dumt å få rørleggarane til å vaske for meg òg. Dermed sette eg i gang. Arbeidet tok tre timar, og det var tallause skruar og ein del tunge tak for ei lita kjerring. I bloggande stund står det att ein liten, men viktig detalj: å skru av nokre slangar og tette med pakningar så eg kan opne vatnet att. Pakningane fekk eg med frå rørleggarforretninga då eg bestilte badekaret. Det viste seg at skiftenøkkelen min rett og slett er for liten, så no har eg på ein måte dumma meg litt ut. Eg får klare meg utan fri vassføring fram til i morgon, då får eg kjøpe meg ein dertil eigna reiskap.
Før: ein stk defekt dampdusj 

Etter: ein del skrap som lyt leverast

lørdag 6. juni 2020

Måling, beising, retting...

I
Midtvegs i prosessen
dag har eg arbeidd ganske hardt, etter ein sløv start på dagen. Planen var å måle eit strøk til på gripelista, men den var klissvåt av nattedogg. Det vart derfor ein handletur til Eid først, og då var det mogleg å måle då eg kom heim. Det kom nokre dropar i lufta, så eg skunda meg med å bli ferdig. Men det regna ikkje skikkeleg, så då leita eg fram terassebeiden og gav verandaen på nedsida eit første strøk. Eg hadde kjøpt ein mørk beis denne gongen, og eg trur det kan bli fint. Gripelista skal få eit strøk eller to til, og golvet skal få så mange strøk som eg har beis til, har eg tenkt.

Då eg var ferdig, sette eg meg til med årets siste rettebunke, og eg kom meg halvvegs i den før eg gav meg litt før 20. 30. Då kom eg på at eg ikkje hadde ete sidan frukost, så no er eg døden nær av svolt.

tirsdag 2. juni 2020

Pinseprosjekt

I dag fekk eg endeleg måla første strøk med kvitt på gripelista på verandarekkverket. Det har vore ein lang prosess med førearbeid som spyling, skrubbing, skraping og grunning. Dei sistnemnde arbeidsprosessane var så stillegåande at eg kunne arbeide i helga utan å forstyrre helgedagsfreden, og i dag hadde eg ikkje undervisning. Det vart dermed mogleg å nytte dagslyset til måling utan forstyrringar av noko anna slag enn at eg måtte bli ferdig før eg skulle på møte.
Etter første strøk på gripelista


Dagens møte var på den lokale skulen, der eg har hatt born som elevar i 19 år. No sit eg i samarbeidsutvalet, og dagens møte var ei evaluering av nedstenginga og oppstarten av skulen i høve koronapandemien.

Vel heime tok dagens arbeidsøkt til for alvor, då eg såg og høyrde ein bunke presentasjonar som elevar har laga som avsluttande munnleg vurderingspunkt i norsk. Det var veldig interessant, og elevane har vore flinke, men det tek si tid å høyre gjennom 25 x 15 minutts opptak.

tirsdag 28. april 2020

Sjuande koronaveke, dag 2

Hunden Charlie fyller seks år i dag, og det måtte han sjølvsagt feire!

Minstemann og eg hadde skule 8.15 - 15.00 i dag, men Veslejenta sette i gang med å skrape maling av gripelista på verandaen og spyle verandagolva. Håpet er at vi dei komande dagane skal få male og beise, og at verandaen skal vere fin til sommaren kjem for alvor.
Før-bilete

Før-bilete


Etter skuletid raka og klipte Minstemann plenane. Der låg diverse smårusk att etter materialdungen eg har bore vekk, og engkarsen stod klar til å sprette ut, så det var godt å få klipt graset no. Vi kjøpte gjødsel i går, og i morgon skal det regne, så det er gode sjansar for at plenen skal bli finare i år enn i fjor.
Etter raking og klipping, der materialen før låg. Mest mose.

Sjølv gjorde eg litt av kvart, som å klippe ned buskar, luke ugras og rake vekk småkvist, og etter kvart sykla eg ein tur med bursdagshunden før eg laga middag. Eg er godt nøgd med innsatsen vår i dag!

mandag 20. mars 2017

Dagens gledelege trivielle

Etter over eit halvt år utan, fekk vi i dag endeleg på plass ny tørketrommel. I bloggande stund held eg på med dagens tredje klesvask, og det er rett og slett ei fryd å skulle sleppe å ha ståande tørkestativ i gangen til ei kvar tid. Førsteprioritet i dag var sengetøy, som har vore ekstra vanskeleg å få unnatørka. Eg hadde dessutan spart opp nokre skitne handdukar så eg skulle få tørka dei - eg er mektig lei av sandpapirkjensla etter kvar dusj.

mandag 8. august 2016

Maleprosjekt del 10

Sist onsdag avslutta vi årets maleprosjekt - i alle fall når det gjeld gråfargen. Vi har fått ferdig tre sider av huset, medan målet var to, så det er vi godt nøgde med. På nedsida av huset vart det mykje arbeid med verandaen, som også vart mala på undersida. Den fungerer som tak over inngangen. Rekkverket var òg tidkrevjande.

Det som no står att, er eit strøk kvitt på vindauge og dører i kjellaren og på oppsida av huset. I tillegg må muren få eit strøk til på siste sida av huset, som òg må målast. Sjølve malinga der tek truleg ikkje så lang tid, men vi treng stillas. Det har heile tida vore planen å utsetje dette til neste år, så det kjennest ikkje som noko nederlag å la den stå att.

Eg er tom for gråmaling, men har att ein rest kvit vindu/dør-maling, så det kan hende eg flikkar litt på vinduskarmar og denslags framover. Det kan òg hende at eg er så lei at eg ikkje gidd å ta fram penslane att. Vi får sjå - ingenting står på skade, noko som er det aller viktigaste.

mandag 1. august 2016

Maleprosjekt del 9

I dag fekk eg hjelp, noko som gjorde arbeidet meir effektivt enn elles. Bladfyken begynte å male undersida av verandaen, der fjølene ikkje såg så fine ut akkurat, og eg la på eit lag til med murmaling på fasadesida. Etter fem timars iherdig arbeid gjekk vi tome for maling av både den eine og andre sorten, og planen no er å kjøpe ti liter til med grå husmaling. Med litt ok malevêr vil fasaden dermed kunne ferdigstillast i løpet av eit par dagar. Det er ein del pirkearbeid rundt vindu og dører, og dørene må òg få eit par strøk til. Det hadde vore kjekt å få rydda vekk plasten og denslags snart...

søndag 31. juli 2016

Maleprosjekt del 8

Mellom slaga og bygene har eg flikka litt her og der, klipt ned nokre busker langs husveggen, vaska med kraftvask på muren og hatt på primer. I dag skunda eg meg ut og fekk på eit første strøk med murmaling før et skya over og begynte å regne. Det hadde vore lurare å velje ein lysare farge, for dte skal bli eit pirk å få vekk all den lyse fargen der muren er ruglete. tanken min var å ha ein farge som minte om sement, slik at det ikkje synte så godt viss og når malinga begynner å flakke av att. Det var nokre flekkar med avskala maling på muren frå før, og det såg ikkje bra ut.

Eg er svært nøgd med dagens innsats, og kviler no på mine laurbær. Det er ingenting så godt som å kvile etter å ha gjort ein god jobb!

onsdag 20. juli 2016

Maleprosjekt del 7

I dag vart det ein nydeleg sommardag, og eg nytta høvet til å male i skuggen. Ein blir i alle fall ikkje solbrend... Fargen i dag var kvit, og eg fekk mala heile gripelista på verandaen + 11 vindu, ei verandadør og utedøra nede. Det går framover her, sjølv om det går sakte! No skal det regne fram til neste fredag, så eg får nokre rolege dagar med andre aktivitetar.

mandag 18. juli 2016

Maleprosjekt del 6

I dag var det opplett att, og Bladfyken og eg måla vidare. Resultat så langt: to strøk på rekkverk og veggen på nedsida, i tillegg til halve veggen mot den store verandaen. Over overbygget har Bladfyken måla eitt strøk, så der trengst eit strøk til før vi begynner på dei resterande to veggane.

For å sitere eitt av borna: Det einaste du mangla e et skilt ved inngangen der det ste "Arbeit macht frei"

torsdag 14. juli 2016

Maleprosjekt del 5

Vi maler og vi maler og det blir så fint og flott, når vi bruker...grått...

Ein nyanse mørkare (ikkje akkurat 50 shades), og vi er snart ferdige med første strøk på nedsida og i solveggen. Dei to sidene er mål for årets maling, så eg ligg godt an (sjølv om vinduslister og denslags tek meir tid enn ein trur. I dag var det berre dei to yngste og eg som var heime, og vi held ut omtrent like lenge. Det har vore mykje pirkearbeid så langt, spesielt med rekkverket på verandaen, og det ser ut som om vi får eit visst arbeid med andre strøk òg.

søndag 10. juli 2016

Maleprosjekt del 4


I dag var det meldt opplett til ut på kvelden ein gong, så derfor stod vi tidleg opp og gjorde klar til maling, sjølv om det var søndag. Vêret vart ikkje heilt etter meldingane, for kveldsbygene kom allereie klokka 13, men vi kom i gang med rekkverket og har teke ein del under tak. Gutane held på enno, i bloggande stund. Det ser ut til at det skal regne fram til onsdag, så vi får kvile oss nokre dagar òg. Det er ein del styr med å lage klart og leite fram, for ikkje å snakke om å rydde opp og vaske, så det er greitt å kunne halde på ei stund når ein først set i gang. Arbeidshjelpa blir her berre ei veke til, og det hadde vore kjekt om vi fekk ferdig ein del av pirkearbeidet før dei fær.

Fargen er svært lik den som er brukt tidlegare, noko som var planen. Det er greitt å sjå kvar ein allereie har mala, men ikkje at det lyser mot ein at ein ikkje er ferdig...

fredag 8. juli 2016

Maleprosjekt del 3

Eg hadde venta på regn som etter meldingane skulle kome i 17-tida, så vi hadde fått unna noko utearbeid i hagen og skrapa litt maling av rekkverket på verandaen. Sjølve malinga hadde eg venta med, men då det enno ikkje hadde regna ein drope då vi kom heim frå tur, pensla eg på noko oljegrunning på berre flekkar i treverket.

Nokre lesarar vil nok hugse Minstemanns store interesse for tape for nokre få år sidan. Guten er no ein skikkeleg arbeidskar, og i dag fekk han oppgåva med å ha på maskeringstape på vindauge og verandadører. Førebels konsentrerer vi oss om to av husveggene, på ned- og sørsida av huset. Klarer vi desse sidene før vinteren, skal eg vere godt nøgd. Alt anna er sjølvsagt bonus.