Viser innlegg med etiketten sakprosa. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sakprosa. Vis alle innlegg

mandag 6. april 2026

Bok 8 2026: "Opprørerne" av Kristin Gjesdal

 


Denne boka har eg hatt liggande ei stund, men det var greitt å ha noko litt meir meiningsfullt å lese når ein var sjukmeld. I denne boka møter vi forfattaren, som er professor på eit universitet i USA. Ho skriv ein del om jobben sin og studentane, men aller mest om dei kvinnene som gjerne får for lite fokus i filosofifaget. Eg lærte mykje av å lese denne boka, og eg fekk òg ein del tips til tekstar eg kan lese av nokre av dei. Boka er ikkje tung å lese, men eg las fort gjennom dei delane som handla om studentane.

fredag 11. juli 2025

Bok 8 2025; " Kompani Linge - med døden som følgesvenn" av Christopher Hals Gylseth


Når ein først les ei bok om krigen, dukkar det fort opp andre som algoritmane tenkjer vil passe for ein. Denne gongen var det ei bok om Kompani Linge, og nokre av dei som var med og dei aksjonane dei var med på. Boka er skriven på ein måte som gjer den spennande å lese, men den tek òg tydeleg side og problematiserer lite. Nytt for meg var nokre av dei intrigane som pågjekk innanfor motstandsrørsla, mellom Milorg og Kompani Linge. Elles fekk eg lyst til å sjå meir dokumentarstoff på film, då det kan vere vanskeleg å sjå føre seg ein del av det som vert skildra i boka.

torsdag 28. desember 2023

Bok 36 2023: "De henrettede 6. Et villnis av redsler - Forbrytelse og straff i 1750-årene" av Torgrim Sørnæs

 


Det ser kanskje litt voldsomt ut med seks bøker om dette temaet, men det er seks korte lydbøker. Eg likte denne serien svært godt, sjølv om det er noko pussig med slik sengelektyre. Dei ulike lagnadene gav eit innblikk i kor hardt livet kunne vere op slutten av dansketida.

Bok 35 2023: "De henrettede 5. Dødsskyggens daler - Forbrytelse og straff i Norge på midten av 1700-tallet" av Torgrim Sørnæs


 Fleire forteljingar om lovbrot og straff.

Bok 34 2023: "De henrettede 4. Menneskeham - Forbrytelse og straff i Norge på slutten av 1700-tallet" av Torgrim Sørnæs

 

Fleire forteljingar om lovbrytarar som fekk si straff.

Bok 33 2023: "De henrettede 3. Mørkets gjerninger - Forbrytelse og straff i Norge på slutten av 1700-tallet" av Torgrim Sørnæs

I denne boka kjem fleire forteljingar i same kategori som i bok 1 og 2.

Bok 32 2023: "De henrettede 2. Uten nåde - Forbrytelse og straff i Norge på slutten av dansketiden og fram til 1814" av Torgrim Sørnæs

 


Denne boka er eit framhald av den førre med fleire fæle saker.

Bok 31 2023: "De henrettede 1. Ondskap - Forbrytelse og straff i Norge på 1800-tallet" av Torgrim Sørnæs


I denne boka får vi høyre historia om seks kriminalsaker fra 1800-tallet som enda med dødsdom og avretting. Ved hjelp av studier av rettsdokument og avisartiklar har forfattaren rekonstruert hendingane som førte menn og kvinner til avrettinga. Det dreiar seg om menneske frå dei lavaste sosiale laga - husmenn, stimenn og lausarbeidarar. Ugjerningane har bakgrunn i fattigdom, sjukdom og naud, knivslagsmål, pengebegjær, lausungar, hor og fyll. Boka gir oss innblikk i motiva bak ugjerningane, grufulle detaljar om drapa, etterforskinga og rettssakene. Vi følgjer dei dømde til rettarstaden og er vitne til eksekusjonen, delinkventane sine siste ord reaksjonar frå skarprettaren og publikum.

tirsdag 17. oktober 2023

Bok 29 2023: "Dagbok og andre efterlatte papirer" av Maria Quisling


Tittelen på boka seier det meste om kva denne boka er basert på. Det interessante her er å sjå korleis enka etter landssvikaren rettferdiggjer mannens gjerningar . I hennar auge var han velmeinande og dyktig, men han vart lurt av nokre av tyskarane. Det er ofte interessant å sjå fleire sider av ei sak.

Bok 28 2023: "Haugianerne - Enevelde og undergrunn" av Trygve Riiser Gundersen


Då eg begynte på denne boka, trudde eg det var ei ordinær historiebok om Hauge-rørsla, men denne boka er mykje meir enn det. For det første har den ein utradisjonell komosisjon, der ein tek utgangspunkt i notida og forståinga av Haugianarrørsla, før ein drøftar denne forståinga ut frå kjeldene til kunnskapen ein sit att med. For det andre handlar boka om meir enn sjølve Haugerørsla, men mange typar lekmannsopprør og andre opprør mot staten. Eg syntest boka var svært interessant og svært godt skrive òg. 

søndag 20. august 2023

Bok 28 2023: "22. juli - og alle dagene etterpå" av Tonje Brenna


Boka kom ut ti år etter Utlya, og forfattaren skriv om sine eigne opplevingar av det som hende 22. juli og seinare, slik tittelen seier. Hennar rolle i 2011 var å vere generalsekretær i AUF, så ho var ein sentral person med fleire år på baken og eit ansvar for dei yngre leirdeltakarane. Mot slutten av boka filosoferer Brenna rundt korleis situasjonen var blitt takla og handtert, og kva ein i ettertid skal tenkje og seie om massakren. Det var ei sterk og god bok, lesen av forfattaren sjølv.

lørdag 12. august 2023

Bok 27 2023: "Selv om sola ikke skinner" av Stian Bromark


Boka har undertittelen "Et portrett av 22. juli", og den er ei samling forteljingar om opplevingar av 22. juli, basert på intervju og artiklar. Dette er ikkje ulikt andre bøker om same tema, men nokre av forteljingane var nye for meg. Sentralt i boka står opplevingane til einskildpersonar, kva dei har tenkt og kva dei har gjort. Noko av det absurde gir meining når ein tenkjer på konteksten, og forfattaren får godt fram den usikkerheita som må ha råda på øya, kva vurderingar ein måtte gjere og også litt om politiet. Nokre av AUf-arane har no fått viktige stillingar innanfor politikken, og nokre av dei har skrive eigne bøker. Desse har eg lyst til å lese.

onsdag 9. august 2023

Bok 26 2023: "Arbeiderpartiet og 22. juli" av Hallvard Notaker


 Som ei slags opplading til valkampen las eg denne boka om Arbeidarpartiet si handtering av 22. juli-hendingane. Boka legg mindre vekt på dei faktiske hendingane på Utøya enn på den politiske og praktiske handteringa av det som skjedde. Boka er eit bestillingsverk, og den går nøye inn på kven som gjorde og sa kva i tida frå og med 22. juli 2011 til om lag 2013. Dette gjeld ikkje berre AP, men også politikarar frå andre parti og oppslag i dagspressa. Eg hugsar godt mykje av det boka tek føre seg, men mykje var òg nytt for meg. Problematikken rundt korleis ein kan snakke om Utøya politisk er framleis aktuell.

fredag 4. august 2023

Bok 25 2023: "Fedre og sønner" av Dag Steinfeld


Dette er ei av dei beste bøkene eg har lese! Steinfeld har forska i eiga slektshistorie og fortel om bakgrunnen for at dei jødiske forfedrane kom til Noreg, og om kvifor hans grein av familien vart delvis utstøtt av slekta fordi farfaren gifta seg med ei ikkje-jødisk kvinne. Vi får høyre om forholdet mellom oldefar og farfar, mellom farfar og far og mellom faren og forfattaren sjølv, i tillegg til jødane si historie i Noreg, spesielt under andre verdskrig. Eg er sjølvsagt aller mest oppteken av det siste, men resten av boka er òg svært interessant, både på det personlege og det politiske planet. 

søndag 16. april 2023

Bok 16 2023: "Maria Stuart og hennes verden" av Richard Herrmann


I denne boka presenterer forfattaren, som les sjølv, heile Stuart-rekkja i det britiske monarkiet, frå Mary til Anne. Det er ei fryd å høyre Herrmann lese, og her får historia kjøt på beina såpass det er god underhaldning òg. Eg likte spesielt å høyre om Cromwell og den republikanske perioden, for den visste eg minst om frå før.

mandag 10. april 2023

Bok 15 2023: "Si ingenting" av Patrick Radden Keefe


Undertittelen til boka er "en sann historie om mord og terror i Nord-Irland", og sjangeren er altså sakprosa. Den har fått terningkast 6 i VG og Adresseavisen, og den har blitt tildelt Orwell-prisen. Eg begynte på boka for snart to år sidan, men det er såpass tung materie at eg berre har lese i den periodevis. Temaet er "The Troubles", eller borgarkrigen i Nord-Irland frå 1960-talet og fram til langfredagsavtalen i 1998. Boka tek også føre seg tida etter 1998 og fram til den kom ut i 2019. 

Handlinga overgår den verste påskekrim, med terroråtak, bortføringar, sveltestreik og tysting som nokre av ingrediensane. Ei stadig tilbakevendande historie er den om tibarnsmora som vart bortført, og kva som skjedde med henne. Ein får også høyre om den hardbarka terroristen Dolours Price, som overlevde sveltestreik i fengsel fordi ho vart tvangsmata i over 160 dagar. Etter all mediepublisiteten rundt dette vart tvangsmating forbode, noko som førte til at Bobby Sands og ti andre seinare svalt seg til døde. Den karismatiske Gerry Adams blir kritisert for å ha fornekta fortida si, og ein leiande IRA-mann vart avslørt som tystar ("tout") for lojalistane. 

Eg underviser om Irland og Nord-Irland kvart einaste år, og det er tema som engasjerer meg, sjølv om det er vanskeleg for elevane å skjøne det heile. I år er det 25 år sidan fredsavtalen vart signert, og ein får berre håpe at freden vil vare, trass i  at Brexit har sett nytt søkelys på denne delen av UK.

mandag 17. oktober 2016

Bok 83 2016: "Berlin - nederlaget 1945" av Antony Beevor

Denne bestseljaren fortel om slutten av andre verdskrig. Sentralt står dei siste dagane til kjende tyske politikarar, men òg om tallause valdtekter utførte av sovjetiske soldatar mot tyske kvinner. Eg sit att med kjensla av at Beevor bevegar seg noko inn i klisjéverda og bort frå reine fakta, men han har fått god krtikk for verka sine - ikkje minst for denne. Interessant er det uansett.

tirsdag 9. august 2016

Bok 62 2016: "Morfar, Hitler og jeg" av Ida Jackson

Forfattaren fann ved ei tilfeldigheit ut at morfaren hennar hadde kjempa på tysk side på austfronten under andre verdskrig, og denne boka handlar både om morfaren, men òg om hennar eigne tankar, kjensler og refleksjonar rundt det ho fann ut. Dette gjer boka til meir enn ein biografi, og den er svært interessant på mange nivå.

Sjølve historia om morfaren er den raude tråden, sjølvsagt, og den skildrar ein overtydd nazist som gjekk inn i SS, som var med på massakrar i Ukraina og som vart skribent. Etter krigen fekk han straffarbeid, men så vart han far og morfar utan at familien snakka om krigsbakgrunnen hans.

Denne boka bør de lese.

tirsdag 26. juli 2016

Bok 54 2016: "Farvel, Syria. Om eit folk på flukt" av Emil André Erstad

Den tidlegare leiaren i KrFU har og har hatt mange verv og har utdanna seg innanfor samanliknande politikk. Han bør med andre ord ha greie på det han skriv om, og han verkar òg svært reflektert. I boka skriv han om Syria, om norsk og internasjonal flyktningpolitikk og om dei næraste nabolanda til Syria. Det er ei svært lærerik og dagsaktuell bok som balanserer fint mellom det kjensleladde og det meir fornuftsprega. Dette er ei bok som mange bør lese.

torsdag 21. juli 2016

Bok 53 2016: "I krigen. Et vitnesbyrd fra Syria" av Francesca Borri

Borri er ein relativt ung, uredd, italiensk journalist, som har vore oppteken av krigar og konfliktar, spesielt i Midtausten. I denne boka fortel ho om opplevingar i Syria. Forteljemåten er ganske spesiell, då ho har ein kortfatta telegramaktig skrivemåte, men òg nedlatande og kritiske kommentarar. Eit døme kan vere at ho kort fortel om ein samtale med nokon som i ein replikk seier det er frykteleg med krigen i Syria, og som i neste replikk kommenterer vinen dei får servert, eller når nokon seier at dei var begeistra for boka hennar om Irak, og ho kort kommenterer: "Den handlet om Kosovo".

Innhaldet er mest små skildringar av episodar som til saman gir eit inntrykk av korleis situasjonen var i Aleppo i 2012/2013. Eit døme her kan vere den tuberkulosesjuke 25-åringen som budde i eit avløpsrør med dei tre borna sine, til ho ein dag vart skoten av ein snikskyttar. Slike historier er det mange av, og boka er såleis meir ein stemningsrapport enn ein samanhengande analyse av konflikten. Forklaringar av historie og politikk kjem langsmed.

Eg likte boka godt, sjølv om den var sterk og fæl å lese.