tirsdag 28. februar 2017

Bok 15 2017: "Hendelsenes hus" av John Boyne


Eg plukka med meg denne boka fordi den handla om Tsar-Russland og var skriven av forfattaren av "Gutten med den stripete pysjamasen". Boka var ikkje spesielt spennande, og no viser det seg at eg las den i slutten av 2012, utan å hugse det no. Det seier vel sitt. eg seier meg elles einig med meg sjølv i den omtalen eg skreiv då:

http://arieldog.blogspot.no/2012/08/bok-54-2012-hendelsenes-hus-av-john.html

søndag 26. februar 2017

Bok 14 2017: "Liknelsesboken - en kärleksroman" av Per Olov Enquist

Denne boka var ikkje så lett å lese, så eg måtte ta meg litt ekstra tid med den. Det gjorde ikkje saka enklare at den er skriven på svensk, som er langt tyngre enn ein skulle tru. Ein kan skildre boka som ein erindringsroman, i og med at den ikkje er kronologisk men likevel har ein slags samanheng fordi det er ein eldre mann som minnest episodar frå livet og reflekterer over desse. Han minnest til dømes foreldra, "Pojken" og ei kvinne han hadde sin seksuelle debut med som 15-åring (ho var forresten 51). Det er ei velskriven og poetisk bok, men den krev noko tid og konsentrasjon, som nemnt.

lørdag 25. februar 2017

Bok 13 2017: "Kan jeg bli med deg hjem?" av Marie Aubert

I denne novellesamlinga møter vi ulike menneske som har det felles at dei kjenner seg utrygge i forholdet til andre, og gjerne trengde opp mot ein vegg eller i eit hjørne. temaa elles er mange, som adopsjon, samlivsbrot, sjekking, at venninna di flyttar inn saman med kjærasten og mykje meir. Novellene har som regel ein noko open slutt, og ein vert sitjande att og tenkje etterpå. Ei fin bok som fekk gode kritikkar då forfattaren debuterte med den i fjor.

London i vinterferien

Det heile starta ein kveld sist haust, då eg låg og tenkte før eg somna at eg ville ta med ungane til Lodon for å feire 50-årsdagen min til sommaren. Neste morgon kom eg på at eg ikkje blir femti før til neste år, og eg vart rett og slett skuffa over det. Dermed vart det til at vi reiste utan å feire noko anna enn livet og samværet, for ein veit aldri kva tid det vert vanskeleg å samle gjengen på tur.

Vi reiste frå Volda med nattbuss søndag kveld og tok fly frå Oslo måndag føremiddag. Returen var fredag ettermiddag med fly frå London, og deretter nattbuss heim. I bloggande stund har vi vore heime ein time, fyrt i omnen og ete frukost.

Her er ei liste over noko av det vi gjorde i London desse dagane:

  • British Museum
  • London Dungeon
  • London Eye
  • "Pie and mash" på puben Silver Cross ved Trafalgar Square
  • National Art Gallery
  • Musikalen "Lion King"
  • Turistbuss "hop on hop off"
  • Westminster Abbey
  • Musikalen "Book of Mormon"
  • Madame Tussaud's
  • Musikalen "Phantom of the Opera"
  • The Tower of London
Elles vart det litt tid til shopping òg, og Minstemann var spesielt oppglødd då eg tok han med til Denmark Street, der han var innom fem musikkbutikkar der dei mellom anna selde vintage-gitarar.

Alt i alt har turen vore fantastisk, verken meir eller mindre. Eg er frykteleg glad i London, og då er det ekstra kjekt å dele byen med ungane. Det hektiske livet på undergrunnen er i seg sjølv verd turen, slik eg ser det, men på denne turen la vi vekt på å få med nokre av høgdepunkta når det gjaldt aktivitetar. Heldigvis nådde vi ikkje alt, så vi har eit påskot til å reise attende.


























torsdag 16. februar 2017

Musikal 2017: "The Cream of Soul"

Også i år klarte musikklinja ved Volda vgs å imponere på scena. I år var songprestasjonane i særklasse, må eg få lov å hevde. Temaet var soulmusikk, basert på musikalen "Dreamgirls". Høgdepunkta stod i kø, rett og slett. Veslejenta dansa og var med i koret, og det var først og fremst tredjeklassingane som hadde store roller og solistoppdrag. Den klassa hadde eg i norsk i førsteklassa, og det var ein uvanleg triveleg gjeng på alle moglege måtar. Eg var aldri i tvil om at dei kom til å utvikle seg til noko heilt spesielt, og eg er spent på kva vegar dei vel vidare i livet. Takk skal dei uansett ha for den fantastiske opplevinga som dei baud på, saman med mediaelevar og lærarar.

Bok 12 2017: "Keiseren av Portugalia" av Selma Lagerlöf

Denne boka er rett og slett nydeleg. Ein fattig bonde er så ufatteleg glad i dottera si, og kona og han sjølv veit ikkje kva godt dei skal kunne gjere for Klara Fina Gulleborg. Ein dag reiser den unge jenta frå dei for å tene pengar, og dei verken ser eller høyrer noko før det brått oppstår eit rykte som faren nektar å ta inn over seg. I staden flyktar han inn i galskapen og blir der verande.

Ei fantastisk bok om kjærleik og fattigdom.

torsdag 9. februar 2017

Kvardag kvar dag

Dagane fyk av garde, og vekene består for det meste av måndag og fredag. Dette er omtrent som normalt, og eg likar eigentleg å ha det slik. Likevel har eg kjent på ein slags vegg eg var i ferd med å møte, og slike teikn tek eg på alvor. Satsingsområda mine er mange og varierte, og eg tek meg no saman for å auke livskvaliteten, betre livsstilen og få opp energinivået. Først og fremst

  • meir mosjon og frisk luft
  • meir heimelaga, sunn mat
No når ettermiddagane er lysare, er det lettare å overkome dørstokkmila og kome seg ut på tur. I dag fekk eg med meg Minstemann, og hunden er alltid ivrig etter å bli med. I går laga eg dessutan heimelaga kjøtkaker, med heimelaga saus og ertestuing. Kunsten er sjølvsagt å lage så stor porsjon at ein har i to dagar, slik at dagens middag vart mikrovarma restar av den heimelaga middagen frå i går. Vi har dessutan kosta på oss ein juice med 1/3 grønsaker som vi deler til middag. 

Så får det heller vere at eg ikkje har greidd å gå frå hamna og opp til jobb på lenge (det er veldig kaldt, eller det regnar, eller så må eg handle...), at eg ikkje har vore på treningssenter på svært lenge (eg går meg heller ein tur når eg kjem heim...) og at det blir både sjokolade og andre usunne mellommåltid når svakheita kjem sigande. 

I dag kan eg rapportere om ein ettermiddag med lang tur med hund og barn, to timar prøveretting og baking av 1 stk skuffekake som Minstemann skal selje i kantina i morgon, til inntekt for polentur. Så får ein heller finne seg i at borna morar seg med å snappe bak ryggen på ein.



tirsdag 7. februar 2017

UKM lokalmønstring: Bear Inc.

Søndag deltok sønene mine og ein kompis frå Lommerosk på lokalmønstringa i UKM. Dei to eldste var med for fjerde gong, men for Minstemann var dette ei ny oppleving som han likte godt. Måndag vart det klart at dei gjekk vidare, som eitt av to sceneinnslag frå Volda. Det er sjølvsagt stor stas, og eg har allereie begynt å legge planar for ei helg i Midsund.

lørdag 4. februar 2017

I grenseland

I dag var det ein nydeleg dag, og vi gjekk tur frå bommen til grensa på den gamle postvegen. Det var fin sol eine vegen, men den forsvann innan vi kom ned til vatnet og skulle ta bilete. Mosjon og frisk luft fekk vi uansett.

torsdag 2. februar 2017

Bok 11 2017: "Marmor" av Toril Brekke

Hovudpersonen Carla er i gravferda til bestemora og minnest sin eigen oppvekst og familiehistoria. Tittelen viser til ein forfar som kunne lage falsk marmor til bygg, noko som er symbolsk for det falske og blendande i familiens seinare historie. Her er personar som er maniske, rasande og utagerande, og ikkje minst dårlege mødrer. Tittelen kan såleis lesast som mare-mor, viss ein vil. 
Eg likte boka svært godt undervegs, men hadde forventa meir av slutten. Det heile flata for mykje ut etter min smak.