lørdag 25. november 2023

Gjengen samla til "Bygdles"

 



I 2019 var dei to yngste med i ei lokal musikkframsyning, og i år kom ein ny episode i serien om "Bygdles" - Folkestadbandet som kan minne til forveksling om eit anna band. Også denne gongen var Veslejenta med på song og Minstemann på trommer. Veslejenta hadde vore plaga med sjukdom i fleire dagar før framsyninga, men ho gjennomførte med glans, slik alle dei andre også gjorde. 


Med meg blant publikum hadde eg Eldstejenta, som hadde teke turen eins ærend frå Oslo, Storegut og kjærasten som kom eins ærend frå Trondheim og Svigerdottera, som kom heilt frå Ørsta. Ho hadde i tillegg laga middag til alle tidlegare på ettermiddagen. Etter framsyninga for vi heim og kosa oss saman med ost, kjeks og diverse. Noko av det beste eg veit er å ha gjengen samla, og no var vi ganske mange. Det var mykje prat og latter før vi tok kveld.

Albert og Dennis 6 månader 16. november


Albert og matmora var i praksis i Ørsta i tre veker, og då budde dei saman med barnefaren og hundane hans. Charlie, Dennis og eg vart att "aleine", og det var spennande å sjå korleis dei kom til å like å møtast att. Det var stor stas, kan eg røpe, og det viste seg at Dennis veg ein kilo meir enn broren og har mykje meir pels. I leiken er dei temmeleg jamne likevel. 

Genser nummer 56: "Eftirvænting" til meg sjølv


Denne genseren var relativt rask å strikke, for det var berre mønster på berestykket. Garnet er léttlopi, og hovudfargen er airblue. Eg likar kombinasjonen av bruntonar og blåtonar, men eg trur eg skal strikke den same genseren i heilt andre fargar seinare. Eg har mange påbegynte , innkjøpte og planlagde prosjekt, så eg skal ikkje kjede meg framover.

Genser nummer 55: "Buren" til kollegavenninne


Ei kollegavenninne fekk denne genseren som motivasjonsgåve då ho skulle levere masteren sin. Genseren er strikka i léttlopi, og fargane valde ho ut sjølv.