lørdag 30. juni 2018

I never promised you a rose garden

I to dagar har eg nesten budd i hagen. Sola har skine frå blå himmel, og temperaturen er på veg opp.

Fredag klipte eg først plenane. Graset hadde ikkje vakse så mykje, men plenane blømde av diverse kløver og tusenfryd, så det såg langt betre ut etterpå. Deretter gjekk eg laust på eit bed som var fint før vi reiste på tur, og det var ganske fort gjort å få ordna. Dei lilla rosene veks der, og den busken har fått eit oppsving etter at eg kolva ein sekk kugjødselkompost den i det bedet. Etterpå begynte eg på det gigantiske staudebedet, men der vart eg ikkje ferdig med det eg hadde tenkt. Hovudsakleg var det å luke og hakke vekk gras og ugras, men så har eg nokre prestekragar som spreier seg så mykje og som eg vil flytte til andre stader.

I dag gjekk eg først i gang med det gigantiske bedet, som eg no har forstørra (der ligg enno plast på ein liten del av bedet, så eg blir ikkje ferdig i år heller. Arbeidet var ikkje spesielt tungt, men det tok tid å riste av molda av torv som eg hakka vekk. No har eg gjort klart for fleire plantar, så det spørs om eg ikkje må ta meg ein tur på hagesenter i morgon, sjølv om det er søndag. På sikt skal eg plante fleire roser (22. juli-tradisjonen min), men det kan hende eg finn noko anna eg vil satse på òg. Det meste i beda mine har eg fått gratis som avleggarar, og då er det kjekt å supplere med litt andre sortar òg. Skulle eg ha kjøpt planter til alle beda, ville det ha kosta ein formue.

Medan eg arbeider i hagen, får eg god tid til å filosofere. I dag tenkte eg mellom anna på blomebedet på Utvær, og kor grøderikt det er her i forhold. Eg trur eg har luka vekk og klipt nok plengras til å fø ein sau, og her kastar vi berre alt til kompostering. Det same gjer dei på dei fleste gardane her i bygda; ein slår med slåmaskin og let graset ligge att og rotne. Med tanke på generasjonane før oss, som sleit for å skaffe til gards nok fôr, er det noko respektlaust å la norsk jordbruk forfalle. Samtidig kan ein ikkje forvente at folk på bygda skal drive gard av rein idealisme.
Desse var her då vi flytta inn, og dei veks villig ved verandaen og luktar fantastisk

Denne lilla rosa er favoritten min. Tidlegare år har knoppane ofte berre rotna vekk utan å sprette ut, men i år blir den fin!



torsdag 28. juni 2018

Bok 42 2018: "Talte dager" av Heidi Linde

Vanlegvis skriv Linde morosame bøker om alvorlege tema, men denne boka har eit heilt anna preg. Først og fremst komposisjonen er original, sjølv om det er ein kjend teknikk spesielt frå filmar. Fleire lagnader er skildra gjennom små forteljingar, og til saman utgjer dei ein heilskap som fører til at menneske møtest tilfeldig og det får alvorlege følgjer. Ei fin, men noko dyster bok.

Begavelse

Det har blitt nokre blomar og gåver i høve jubileet mitt. Ei nabovenninne kom med eit nydeleg keramikkhus som ho hadde kjøpt på Sommarfesten i bygda (som eg gjekk glipp av på grunn av russejubileum). Eg hadde sett bilete frå salsutstillinga og sett akkurat på dei husa, så det var veldig kjekt å få eit til odel og eige. Det skal vere telys i, og eg trur eg må investere i elektriske telys.

I Solund fekk eg, i tillegg til det eg allereie har lagt ut bilete av, ein heimelaga pose til å ha bunadskor i. Den var verkeleg kjekk - ikkje minst fordi den hadde påbrodert namnet mitt. Før konfirmasjonen stod eg med tre par bunadskor og lurte på kven som eigde kva, så det var ein veldig god idé. Det er kusina mi som har sydd bunad både til Eldstejenta og meg, og ho er utruleg flink til å sy. Ho viste oss andre typar posar til bunadskjorte og dåpskjole som ho hadde sydd.

Tusen takk for gåvene!


26. juni 2018

Tysdagen var vêret meir strålande, og vi fekk etter kvart høyre at dronning Sonja var på Utvær denne dagen. Vi kunne altså ha risikert å møtt henne.

Eigentleg hadde eg tenkt å gå på fjellet i indre del av kommunen, men så vart det mest rett å vere nær der Pappa vaks opp, og der Mamma fekk lærarjobb i 1958. Det vart derfor til at vi gjekk på "fjellet" Dyngja i Trovågen, der vi hadde nydeleg utsikt mot Utvær og elles heile øyriket. Eg er så glad i den golde naturen der ute, og det er så lett og fint å gå tur i terrenget der. No har turane blitt merka, så det er lettare å gå enn nokon gong. Til Dyngja kan ein jogge på fem minutt.

Etterpå skulle vi ta avskil med slekta, men då viste det seg at Onkel var ute og drog krabbeteiner. Vi fekk dermed vere med på ein skikk der ute; å sitte på brygga og ete nykokte krabber. For oss landkrabbene vart det ei flott oppleving. I min barndom sat vi mykje ute på berga rundt huset til farmor og knekte krabbeklør med stein. Brygga bak butikken ligg i ly for nordavinden, så det var verkeleg ein idyllisk ettermiddag.

På ferja til indre møtte eg søskenbarnet mitt som bur på indre, og ho inviterte oss opp til seg ein tur. Det vart berre jentene og eg som for opp, for Storegut hadde ikkje vore i strøk eit par dagar og ville kvile seg før han køyrde heim neste dag. Minstemann heldt han med selskap og passa hunden.



Trovågen sett frå Dyngja













Garden der far min vaks opp

Skulen der mor mi var lærar 1958/59


Trovågen sett frå fjøra






25. juni 2018

Då eg planla denne reisa, hadde eg eit sterkt ønske om å reise til Utvær fyr. Det går diverse rutebåtar og turbåtar dit, men onkelen min hadde sagt han ville skysse oss dit. Vi reiste derfor i båt frå Nåra, med omvising og forklaring av lokale fenomen på reisa ut. Det var fantastisk å få reise sjøvegen i Sula, det kjennest liksom meir rett, på eit vis. Sjøen var veldig roleg, så turen vart fin slik sett òg. På Utvær fekk vi omvising i fyret, og så fekk vi sett oss omkring i det vesle samfunnet der ute.

På returen spurte Onkel om vi ville sjå den kongestatuen vi hadde snakka om tidlegare, og det ville vi sjølvsagt. Ein privatperson kjøpte den berykta statuen, som fleire hadde meint såg ut som om Olav 5. gjorde nazihelsing. Statuen står plassert ved sjøen i Skjerjehamn, der den helsar båtfolk velkomne. På veg en dit stakk vi så vidt innom tanta mi i Kversøyna, Byrknes.

Vel attende på Nåra fekk vi servert deilig middag, og så prata vi og kosa oss der til vi måtte ta ferja inn att.











Paradis, ein liten hage i eit lunt område



24. juni 2018

Søndagen var vi eigentleg veldig slitne og trøytte, og det regna ganske tett i skodda. Det var vel både reisedagen og sightseeingsdagen som prega oss, samtidig som ferien slo inn for fullt. Sidan det var gode meldingar for dei komande dagane, bevilga vi oss derfor ein kviledag. Vi rusla litt rundt på Hardbakke og såg oss omkring der, og så spelte vi brettspel på rommet og åt middag på Skafferiet.
Senga "mi"

Restauranten i "Skafferiet"

23. juni 2018

Denne dagen fann vi ut at vi skulle reise ut til Ytre Sula og ta ein liten sightseeing. Vi rakk utruleg mykje, og avslutta med jonsokgraut i Straumen. Vêret var sånn passe, kaldt med litt skodde og regn, men det var eigentleg kjekt sightseeingvêr. Vi traff nokre slektningar, blant anna dei som driv butikken på Nåra, og vi traff òg andre gamle kjende som feira jonsok.



I dette vatnet bada vi i min barndom

Vi gjekk frå krysset og ned i Trovågen

Trovågen i bakgrunnen


"Hulen" ligg ved hyttetomta til mamma

På moloen i Trovågen

På moloen


Graver til nokre som fall iunder krigen, blant andre onkelen til pappa




Butikken er driven av søskenbarnet mitt og kona, tidlegare var det onkelen min og kona og før det foreldra til tanta mi.