Det er fleire år sidan eg begynte å leike med idéen om ein bokblogg på jobb, og no er tanken blitt realisert. Eg vart ikkje sentral i den prosessen, dessverre, men håpar på å kunne bruke bloggen aktivt til eigne elevar i framtida.
Namnet "Maurtua" er eit velkjent omgrep i Volda, då det er kallenamnet på "gamlegymnaset", ein bygning det har vore mykje diskusjon om kva den skal brukast til. Ordet gir assosiasjonar til eit myldrande liv, og det vil vi gjerne ha på biblioteket vårt.
I dag vart bokbloggen høgtideleg opna, i høve avslutting av leseprosjektet på skulen.
Her kan du sjå bloggen "Maurtua"
Viser innlegg med etiketten blogg. Vis alle innlegg

torsdag 14. mars 2013
onsdag 28. september 2011
"De nære ting" - har dei allmenn interesse?
I det siste har det stadig poppa opp ironiske status-oppdateringar på Facebook som gir uttrykk for at mange av oss er altfor gavmilde når det gjeld å dele trivialitetane våre med andre. Det same gjeld truleg for blogging, sjølv om ingen skriv kommentarar om akkurat det. Det ville vel ha blitt litt frekt.
Javel, så er eg blant dei som synest det er greitt å ha ein kanal for dei små ting i livet. Det skjer mykje stort i livet mitt som eg ikkje meiner skal brettast ut for heile verda, og kanskje burde eg vere flinkare til å sortere ut dei aller minste hendingane og tankane og spare lesarar og facebookvener for pjatt. Nokre har òg meiningar om kor ofte ein bør blogge, og åtvarar mot meir enn eitt innlegg på ein dag, til dømes.
Men: det er MIN status, og MIN blogg, og eg gjer akkurat som eg vil. Så lenge eg tek sånn nokolunde omsyn til andre menneske når det gjeld bilete og utlevering, er det fritt opp til meg å bestemme kva som skal stå her og kor ofte eg vil skrive. Eg er forfattar utan forlag, faktisk, og eg nyt den fridomen.

søndag 4. september 2011
Færra til Mexico
Nokre av fjorårselevane gjorde alvor av trusselen om å "færra til Mexico". Her er bloggen deira:
http://mexicanbrotherhood.blogg.no/
http://mexicanbrotherhood.blogg.no/
fredag 26. august 2011
Hønemoras mange barn
Tidlegare elevar reiser til mange land, der dei opplever mangt og mykje. Nokre av dei skriv blogg om det dei opplever, og eg tek meg den friheita å legge ut ei lenkje til ein av dei (send meg gjerne fleire adresser!).
Tausene down under
Russegjengen frå i vår var i høgste grad "barna mine" - eg har eit overutvikla morshjarte som bankar for stadig fleire. Kanskje er det ein yrkesskade.

torsdag 14. april 2011
Hjarteeple
Når ein får ei utfordring, bør ein vel ta den på strak arm?
Systa har gjeve meg ein "award", og eg takkar djupt og audmjukt for den. No skal eg gjere mitt beste for å sende prisen vidare til andre i "bloggosfæren", etter den oppskrifta eg har fått tilsendt.
Slik er det:
Prisen skal gå til fem bloggarar som har mindre enn 100 følgjarar, slik at vi kan inspirere kvarandre.
1. Ein må linke til den ein fekk prisen frå.
2. Ein må sende prisen vidare til fem andre bloggarar.
3. Ein må svare på fem spørsmål.
Fem bloggarar eg vil sende vidare til:
1. Strikkemor(o) fordi hennar blogg var det som inspirerte meg til å prøve meg. Ho lagar mykje fint og tek fantastiske bilete.
2. Besta fordi ho er eit føredøme for andre pensjonistar når det gjeld å halde seg orientert og oppdatert.
3. Øystein fordi han som etternølande mann no har sett nytteverdien av å nå ut til folket også på Internett.
4. Karoline fordi ho er så positiv til det meste, og såleis gir inspirasjon til andre.
5. Nynorskbloggen fordi den ligg nede for tida, og fordi eg lever i håpet om at dei artige jentene skal halde fram med blogginga si.
Eg kunne ha nemnt mange fleire, men måtte gjere eit utval. Bloggane blir det vi gjer dei til sjølve, og det er ekstra interessant å følgje bloggane til slekt og kjenningar.
Så til spørsmåla:
Kvifor starta du å blogge?
Eg las andre sine bloggar og tenkte eg skulle prøve meg, utan eigentleg å ha nokon plan med det. Skriving og fotografering er noko eg set pris på å gjere uansett, og her fekk eg høve til å kombinere desse på ein lite pretensiøs måte.
Kva slags bloggar følgjer du?
Eg les først og fremst bloggane på lista mi, men har òg ein del elevbloggar som eg les meir sproradisk. Sidan eg arbeider med ungdom, er det alltid interessant å sjå kva dei er opptekne av "på privaten". Mange av dei er dessutan flinke til å ta bilete. Blogging er ein del av den nye mediaverda, så eg prøver å halde meg orientert når det gjeld ulike undersjangrar (interiør, mote o.l.) utan at dette er interessant anna enn som fenomen. Bloggparodi er ein sjanger eg skulle ønske eg hadde funne på sjølv.
Favorittfarge?
Favorittfilm(ar)?
Dette er eit vanskeleg spørsmål, sidan eg har sett og sett pris på svært mange filmar i fleire sjangrar. Eg er svak for filmatiseringar av klassiske romanar av forfattarar som Jane Austen og Charles Dickens, men kan òg like klassiske skrekkfilmar som "The Shining" og "The Omen". Viss eg skal trekke fram, og det skal eg visst, eit par filmar som eg kunne ha sett mange gonger, ville det til dømes vere "Gjøkeredet", "Stekte grønne tomater" og "Tid for ømhet". Jack Nicholson er ein av mine absolutte favorittskodespelarar.
Kva land vil du besøke- og kvifor?
Eg kunne godt ha reist kvar som helst, men akkurat no har eg lyst til Spania. Årsaka er at eg lengtar etter sol og sommar, men òg at eg har lese og høyrt litt om spansk kultur og kunst som har fascinert meg. Eit meir eksotisk reisemål er Australia, der dyreliv og natur ville ha stått i fokus. Familieferien går i år til Danmark, som er eit triveleg land for barnefamiliar. Elles blir eg gjerne med både til Paris, Dublin og Washington DC viss nokon vil ha meg med!

Blå

Sånn - oppdrag utført!
tirsdag 2. november 2010
Late dagar
Måndag tok vi turen til Ørsta, dei tre yngste og eg, der vi fekk servert middag og dessert før Veslejentas ballett-time. Seint om kvelden gjekk eg meg ein tur medan ungane slappa av med film. Tysdag gjekk eg 5 km på tredemølle før eg for heim - slik kunne eg rettferdiggjere at eg lata meg resten av kvelden. Etter ei lita middagskvild fekk eg eit lite "kick" såpass eg støvsuga, rydda og vaska litt, men så tok latskapen overhand igjen. Dei to mellomste var på korps med faren, så Minstemann og eg kosa oss med suppe og film slik vi plar om tysdagane. Då søskena kom heim, fekk alle tre meir suppe til kvelds.
Eg føler meg usannsynleg lat, og har sikkert noko søvnmangel å ta att etter helga og førre veke. Det er dessutan mørkt og regnfullt ute, og den verste tida på året sånn sett.
Midt oppe i den paradoksale situasjonen med kombinasjonen av latskap og stress, finn eg noko å le av. Til dømes denne bloggen

søndag 17. oktober 2010
Med blogging som fag
Norskbøkene omtalar blogging som ein måte å uttrykkje meiningar om tema på. Dei siste åra har utviklinga gått rasande fort, og det er no mogleg å finne bloggar om det meste. Måndag morgon skal eg ta føre meg dette emnet i norskundervisninga, og då har eg med ein del døme:
Politisk blogg: Torbjørn Røe Isaksens blogg
Mest lesne "fjortisblogg": Voe
Fotballblogg frå Dagbladet
Regine Stokke, den kreftsjuke jenta som no er død. Bloggen hennar har kome ut i bokform.
Nienie, den brannskadde kvinna eg har skrive om ein gong før
I tillegg kan eg, dersom det er ønske om det, drage fram interiørbloggar, handarbeidsbloggar, bloggar skrivne av elevar ved skulen eller kjendisbloggar. Hovudpoenget er at det er mogleg å blogge om det meste, at ulike grupper likar ulike bloggar og at vi kan velje sjølve korleis vi vil framstå i bloggane våre. Eg fryktar at timen blir meir interessant for meg enn for elevane.

fredag 12. mars 2010
Planlaust liv
Det er "in" å ha det travelt. Ein skal gjerne vere bådde dobbel- og trippelbooka, seie nei til invitasjonar fordi ein allereie har takka ja til noko anna, legge ut om ferieplanar og fritidssyslar og i tillegg ha tid til familiekos.
Eg er ikkje noko unntak. Livet mitt er i periodar ein einaste stor timeplan med avtalar og oppdrag av alle slag. Ein gong fann eg ut at eg hadde planar for alle dei komande seks helgane, og det einaste eg ønskte meg var å kunne vakne opp ein laurdagsmorgon og tenkje: "kva skal eg finne på i dag?"
Bloggen og Facebookstatusen er stader der ein viser fram det høge aktivitetsnivået sitt, dei fine tinga ein lagar eller kor vellukka ein er reint sosialt. Det er lett å skulde andre for å vere opptekne av fasadeliv, men dei fleste har vel eit tilløp til slikt. Sjølv er eg i overkant glad i å legge ut idylliske tur- og barnebilete, trur eg, medan dei fantastiske interiør- og handarbeidsbileta uteblir. Så skaper eg kanskje ein illusjon av at eg er ei aktiv og snill mor, i staden for...., ja, det kan vere det same. Eg har ingen planar om å bryte blogg-illusjonen.
Men eg hadde lyst til å kome med ei tilståing: denne helga har eg ingen konkrete planar, ingen aktivitetar eller avtalar eg må halde meg til, utanom den nesten timeplanlagde cafédaten med kollegavenninne K. Det kjennest fantastisk! Kanskje skal eg lese litt ekstra mykje, gå litt ekstra tur eller sjå ein god film eller sju. Strikking eller oppussing blir det i alle fall ikkje.

tirsdag 9. februar 2010
Hjelp til blogging i skuletida?
Lærebøkene i norsk og engelsk tek føre seg blogging som fenomen, men er sjølvsagt litt gammaldagse allereie. Blogging vert presentert som ein måte å gi uttrykk for meiningar og standpunkt - her er ingen informasjon om interiørbloggar, handarbeidsbloggar, fjortisbloggar o.l.
No treng eg hjelp til å finne ulike engelskspråklege bloggar av ulik karakter. Er det nokon som har tips?
Her er forresten eit døme på ein ironisk blogg - noko som er ein heilt eigen sjanger: http://toresinkule.blogg.no/

Abonner på:
Innlegg (Atom)