lørdag 29. januar 2022

Genser nummer 22: "Rós" til....?

Igjen er det létt-lopi som er garntypen, denne gongen med fem ulike fargar og hovudfargen "brick red". Eg likte fargane veldig godt, og eg fekk mykje ros (pun intended) den dagen eg hadde på genseren på jobb, men dessverre var den i største laget (str medium). Svigerdottera fekk derfor arve den, og ho kan trenge ein varm genser på jobb i barnehagen. 



mandag 3. januar 2022

Genser nummer 21: "Slóðir" til Minstemann


2021 vart det store strikkeåret i mitt liv. Eg begynte å strikke ein Riddarigenser i starten av februar, og dermed hadde eg fått strikkedilla. 

Den siste genseren i 2021 var eit prosjekt eg begynte på for fleire veker sidan, men så mangla eg ein farge i lettlópi og måtte vente på den før eg fekk strikka mønsteret. Då julegjestane kom, skulle eg akkurat til på berestykket, men eg måtte vente til eg vart aleine før eg strikka det. Mønsteret er ikkje vanskeleg, men det er heile seks fargar å halde greie på, og fleire av desse er svært like, som til dømes dei to nyansane av beige. Det vart nokre feil som måtte takast opp att, men resultatet vart veldig bra til slutt. Dette er noko av det finaste eg har strikka, synest eg, og no håpar eg berre at Minstemann bruker genseren. Garnet er altså lettlópi, mitt favorittgarn, og tittelen er slóðir, som betyr spor eller sti, etter det eg forstår.