mandag 30. august 2010

Søndagstur til Roppehornet (412 moh)

Inspirert av mi nye seterbok gjekk turen søndag til Brørevatnet. Derifrå var det vanskeleg å finne rås til fjella rundt, så valet fall på Roppehornet, som var godt avmerkt med skilt lengre nede i skogsvegen. Råsa dit var svært tydeleg, men noko gjørmete. På toppen var det mykje vind, men fantastisk utsikt til fleire kantar; mellom anna til dei tidlegare nemnde svaberga på Vigra.

Laurdagstur til Vigra og Giske


På Vigra finst ei turløype ein kan gå ut til nokre svaberg der ein har ei fantastisk utsikt utover havet og mot øyar i nærleiken. Dagen var litt skya, noko som faktisk gjorde utsikta ekstra spektakulær med den enorme horisonten. Eg vurderer å kjøpe meg ei vidvinkellinse til kameraet, for ein får ikkje fanga inn stemninga så godt utan.

På Giske finst ei mellomalderkyrkje, bygd på 1100-talet. Kyrkja var dessverre ikkje opa, men kyrkjegarden var òg spennande å sjå. Den overbygde gravsteinen er "skjønn Valborgs grav" - truleg ei fornem kvinne sidan ho vart gravlagd under dråpefallet til koret (Kjelde: heimeside)

 På Giske finn ein òg ei vakker badestrand, som på grunn av eit nærliggande fuglereservat stinka frykteleg ved fjøre sjø.

Vinklubb i august

Fredag var det ny vinklubb - det er ei stund sidan sist eg deltok, så eg har gått glipp av eit treff eller to. Uansett var det kjekt å møte vin-damene igjen, og lydnivået nådde nye høgder. På menyen stod pastasalat og italiensk vin, og det smakte fantastisk. Dessverre gløymde eg å ta bilete av etikettane.

Bok 43 2010: "Min kamp 2" av Karl Ove Knausgård

Begeistringa held fram også etter den andre boka i serien. No kjennest det som om Knausgård er ein god ven som betrur seg til meg, og at eg er ein ivrig lyttande ven. Eg har prøvd å tenkje etter kvifor eg likar bøkene, og hanr funne ut at det har lite med kjendisavsløringane å gjere, og at det heller ikkje er handlinga som er så frykteleg interessant - den er tvert imot rimeleg triviell. Det som fascinerer meg mest er refleksjonane, og dei tilsynelatande dønn ærlege tankane. Knausgård kan til dømes innrømme at han kjeda seg då han hadde pappapermisjon; meir politisk ukorrekt blir det neppe. Bøkene kan verte svært omstendelege når det gjeld skildring av korleis han lagar middag eller rullar ein røyk, men sett i samanheng sjarmerer denne utløysinga av skriving meg. Utgangspunktet for serien ser ut til å vere skrivesperre på grunn av at han eigentleg vil fortelje si eiga historie, men at han prøver å pakke den inn i fiksjon. Så begynner han å skrive om sitt eige liv, og då losnar alt. Tilsynelatande etter ein slags innfallsmetode, og utan særleg sensur. Kanskje er hann dønn ærleg, kanskje er dette fiksjon - eg veit ikkje, men eg likar å lytte til han.

fredag 27. august 2010

Mary Kay, you made my day

Torsdag kveld samla nokre supre damer seg hos meg for å vie ein kveld til eigenpleie. Ei barndomsvenninne kom for å instruere oss om hudpleie og fargeval, og vi hadde det veldig triveleg. Gamla vart sminka før gjestane kom, men det gløymde eg typisk nok å forevige. Berre tanken på å skulle bruke ein time til sminke er svært fjern for ei rastlaus sjel, men det er no kjekt å bli dulla med sånn cirka kvart tjuande år.

torsdag 26. august 2010

Første frionsdag

Eg er heldig som også i år har fått innvilga onsdagsfri. Denne veka var det berre Minstemann som hadde fri, og vi drog fram sykkelen for å sykle til butikken for første gong sidan eg fekk ny bil. Ærendet var å handle inn til kakebaking, men butikken mangla ein vesentleg ingrediens: kvit sjokolade. Mange butikkar manglar denne nesten livsnødvendige vara, så seinare på dag kjøpte eg rikeleg. Ein kan aldri vite kva tid ein får lyst til å bake! På heimveg måtte eg nesten le av meg sjølv: eg sykla 12 kilometer for, ironisk nok, å kome heim med ein pakke margarin og ein kartong fløyte.

onsdag 25. august 2010

tirsdag 24. august 2010

I never promised you a rose garden

Til Gamla frå Julenissen: "70 sætreturar på Sunnmøre"

Julenissen var tidleg ute i år, i frykt for å gå glipp av fine turar utover hausten. Denne boka er heilt i mi ånd. Ein får korte skildringar av overkomelege seterturar over heile Sunnmøre, og til og med ei liste bak der ein kan notere ned kvar ein har vore og kva tid. Ei kollegavenninne har vore med på prosjektet, og boka inneheld koselege bilete av henne og familien hennar. Eg tel ikkje med denne boka blant årets lesne, for dette er ei bok eg kjem til å bla i og sjå på litt no og då, og ikkje lese frå perm til perm i ein jafs.

fredag 20. august 2010

Litledalsegga (678 moh)?

No veit eg faktisk ikkje kva det heiter der eg har vore - det ligg utanfor turkartet mitt, i alle fall. Eg kjørte attende til Storlida, der eg var tidleg i sommar, og så gjekk eg oppover nokre små fjelltoppar til eg såg Almklovdalen i Vanylven. Trur eg. Der var dårleg med stiar, men såpass lite vegetasjon at ein kunne gå på berg og i lyng dit ein ville. Og det var sjølvsagt til ein utsiktstopp der ein kunne sjå fjell og solnedgang.

torsdag 19. august 2010

Første skuledagen min, ikkje rart at sola skin!

Sommaren er komen til Sunnmøre; tuypisk nok etter skulestart. Planleggingsdagane har vore lange og innhaldsrike, og då er det deilig å sole seg og gå tur etter arbeidstid. I dag er det skulestart for elevane, og vi har hatt mykje liv og røre på jobb. Mine eigne små har òg begynt på skulen i dag. Eldstejenta er andreklassing, på same skule som eg, og Minstemann er andreklassing på barneskulen. Storegut begynner på ungdomsskulen, som ligg i same bygg som barneskulen. Dei får fire nye elevar frå Bjørkedalen, og dei blir dermed ti i klassen. Veslejenta begynner i femte. Sjølv har eg tre klassar i år; ein i engelsk og to i norsk. Det blir spesielt spennande å følgje avgangsklassen min, som eg har hatt to år tidlegare, og som eg etter kvart utviklar moderlege kjensler for.

Gamla på Haugen

Nokre gonger veit eg ikkje heilt sikkert kvar eg skal, kvar eg er eller kvar eg har vore. Tysdag gjekk turen til Festøy og innover til Ytre Standal, der eg gjekk vidare oppover langs ei elv til eg kom til ei seter som eg trur heiter "Haugen", fantasifullt nok. Fjella i området er imponerande taggete og ruvande, så det er berre å løfte blikket. Personleg føler eg meg komfortabel med å stå på bakken og beundre fjella - eg har ingen ambisjonar om å begynne å klatre i fjellet.

tirsdag 17. august 2010

Bok 42 2010: "Señor Peregrino" av Cecilia Samartin

Etter å ha lese "Drømmehjerte" var eg litt skeptisk til denne romanen, og med god grunn. Boka inneheld to parallelle historier. Hovudpersonen Jamilet er ein analfabet "wetback" som reiste til USA for å få fjerna eit fødselsmerke. Ho får jobb med å ta seg av "señor Peregrino", som fortel ei historie om ei pilgrimsreise. Ein kan velje å lese boka som ein vakker fabel, eller kritisere den som urealistisk søtsuppe. Sidan eg allereie har kritisert "Drømmehjerte", hallar eg sjølvsagt til den sistnemnde lesemåten, sjølv om eg også ser underhaldningsverdien i dei vakre historiene.

mandag 16. august 2010

Solnedgang på Lidaveten, 592 moh

Meir Flora

Tusen takk til Bror og Svigerinne for meir Flora! Eg har stor glede av å beundre mi stadig veksande samling.

Måløyraid