søndag 20. august 2023

Dagen før første skuledag

 Det er no 30 år sidan eg begynte som lærar på Ulstein vgs. Nesten ufatteleg lenge, og nesten ufatteleg annleis. Alle meldingar kom munnleg eller som oppslag på oppslagstavla, alt fråvær og alle karakterar vart førde i dertil eigna protokollar og ingen elevar skreiv på pc eller hadde eigen telefon. I undervisninga bruker vi enno tekstbøker i faga mine, men den var nok meir sentral i undervisninga for 30 år sidan. I tillegg kunne vi bruke tavla, lage kopiar, vise handskrivne lysark på overhead eller vise film på ein tv som vi trilla inn på klasserommet. På Ulstein hadde vi ein språklab som var kjekk å bruke, og vi hadde timeplanlagt ein time i veka der i engelskfaget. Vi kunne òg spele av kassettar på ein spelar vi bar med oss til klasserommet. Spurde ein elev etter eit ord eg ikkje kom på, måtte vi slå opp i ei ordliste som eg gjerne bar med meg til time. Det vart mykje bering, men vi hadde ingen pc å bere på.

I løpet av åra på Ulstein gjekk eg over til å lage lysark skrivne på (stasjonær) pc, men elles skjedde ikkje det så store endringar i sjølve undervisninga før eg kom attende på jobb i Volda etter barselpermisjon hausten 2004. Då fekk lærarane kvar sin laptop, og frå hausten 2005 hadde alle elevane pc. Vi har etter kvart fått videokanonar og høgtalarar i alle klasserom, og høva til variasjon av undervisninga er uendelege. Likevel kan ein sakne den roa som var i eit klasserom utan internett.

Elevane eg får no er ein generasjon yngre enn mine første elevar, og fleire av dei er faktisk direkte etterkomarar. Det opplevde eg for første gong i fjor. Ungdom er ungdom, og dei er både like og ulike kvarandre, men viss eg skal peike på noko som er endra, må det vere den individuelle tilpassinga som i dag vert forventa av elevar og foreldre. Vi lærarar er flinkare til å samarbeide og planlegge felles opplegg, men vi blir møtte med stadig sterkare krav om å undervise slik det passar einskildelevane. Paradoksalt nok skjer denne utviklinga parallelt med at klassene vert større. Ein strekk aldri til viss ein skal sikre at 30 individ blir sett, høyrt og tekne omsyn til til ei kvar tid. Som lærar må ein berre venje seg til dette viss ein skal halde ut i yrket. Det er heller ikkje unikt for læraryrket å vere stressa. 

Trass stress og rettebunkar har eg så langt likt yrket mitt, sjølv om det til tider kan vere overveldande med kvelds- og helgearbeid. Eg har kjekke kollegaer, og truleg vert også dette skuleårets elevar kjekke å bli kjend med. Dei to-tre første vekene er alltid litt "kleine", men så vert det bra etter kvart. Slik plar det i alle fall vere. Fleire elevar tek kontakt med skulen på førehand fordi dei må tryggast før skulestart. Alle er nok spente, men eg håpar dei fleste har positive forventningar. Det har eg i alle fall sjølv, og det er ein god start.

Bok 28 2023: "22. juli - og alle dagene etterpå" av Tonje Brenna


Boka kom ut ti år etter Utlya, og forfattaren skriv om sine eigne opplevingar av det som hende 22. juli og seinare, slik tittelen seier. Hennar rolle i 2011 var å vere generalsekretær i AUF, så ho var ein sentral person med fleire år på baken og eit ansvar for dei yngre leirdeltakarane. Mot slutten av boka filosoferer Brenna rundt korleis situasjonen var blitt takla og handtert, og kva ein i ettertid skal tenkje og seie om massakren. Det var ei sterk og god bok, lesen av forfattaren sjølv.

søndag 13. august 2023

Frå Tua og nesten til Sagesetra

Albert

Dennis

"Hanefot"

Charlie

Kvelpane har ikkje vore så begeistra for å gå tur, i alle fall ikkje med "hanefot", så det har ikkje blitt så mykje turgåing som vi hadde håpa på. Spesielt når ein er aleine med tre hundar er det vanskeleg å kome seg nokon stad. I dag var vi to, og det var opplett og fin temperatur. Vi køyrde til Tua og gjekk innover. Kvelpane kosa seg veldig med å gå tur, snuse og sjå andre hundar og folk etter vegen. Då vi var komne nesten inn til Sagesetra, møtte vi ein flokk med kyr. Då snudde vi. I bloggande stund søv kvelpane tungt - dei har vore flinke både under bilkøyring (klynka i tre minutt) og på turen. Hanefoten brukte vi litt på slutten, når dei var litt slitne. Det kan bli veldig greitt på sikt om dei kan gå med den, eller at eg kan bruke den på Charlie og Dennis. 

lørdag 12. august 2023

Bok 27 2023: "Selv om sola ikke skinner" av Stian Bromark


Boka har undertittelen "Et portrett av 22. juli", og den er ei samling forteljingar om opplevingar av 22. juli, basert på intervju og artiklar. Dette er ikkje ulikt andre bøker om same tema, men nokre av forteljingane var nye for meg. Sentralt i boka står opplevingane til einskildpersonar, kva dei har tenkt og kva dei har gjort. Noko av det absurde gir meining når ein tenkjer på konteksten, og forfattaren får godt fram den usikkerheita som må ha råda på øya, kva vurderingar ein måtte gjere og også litt om politiet. Nokre av AUf-arane har no fått viktige stillingar innanfor politikken, og nokre av dei har skrive eigne bøker. Desse har eg lyst til å lese.

torsdag 10. august 2023

Genser nummer 54: "Thyrnirós" til meg sjølv


Ein dag eg tok ferja utan å ha med strikketøy, vart eg sitjande og sjå på telefonen under overfarten. Då dukka det opp eit tilbod på garnpakkar frå eit firma som skulle leggast ned, og eg skunda meg å sikre meg eit par garnpakkar i léttlopi, som er favorittgarnet mitt. For å få ekstra mykje garn, bestilte eg største storleik av strikkepakkane.

Den eine oppskrifta var eigentleg ei jakke, men der går grensa for min kompetanse. Eg gjorde derfor om oppskrifta til ein genser, og så tenkte eg at denne kan bli fin i valkamp og på møte. Eigentleg er eg meir glad i koksgrått enn i svart, og den raude og grøne fargen var litt skrikande, men det kan godt hende eg strikkar mønsteret i andre fargar, for det var veldig kjekt å strikke. Festinga av trådar var òg noko anna enn på dei siste kreasjonane eg har strikka.

Albert og Dennis 12 veker!



I dag feira vi 12-vekersdagen til kvelpane med å køyre til Eid for å vaksinere hundane. Vi gjekk også tur med dei der for å trene dei litt sosialt, og så fekk dei øve seg på å vente i bilen, køyre bil og gå på dyrebutikk. Etter middag gjekk vi ein tur med dei og Charlie, og då trena vi på innkalling og diverse på ein tom parkeringsplass. Vi møtte også ein nabo med hund, så dry vat ikkje måte på kor mykje vi fekk øvd på.

onsdag 9. august 2023

Bok 26 2023: "Arbeiderpartiet og 22. juli" av Hallvard Notaker


 Som ei slags opplading til valkampen las eg denne boka om Arbeidarpartiet si handtering av 22. juli-hendingane. Boka legg mindre vekt på dei faktiske hendingane på Utøya enn på den politiske og praktiske handteringa av det som skjedde. Boka er eit bestillingsverk, og den går nøye inn på kven som gjorde og sa kva i tida frå og med 22. juli 2011 til om lag 2013. Dette gjeld ikkje berre AP, men også politikarar frå andre parti og oppslag i dagspressa. Eg hugsar godt mykje av det boka tek føre seg, men mykje var òg nytt for meg. Problematikken rundt korleis ein kan snakke om Utøya politisk er framleis aktuell.

lørdag 5. august 2023

Valkampopning i Hornindal


I dag hadde eg valet mellom å halde meg heime med mine eigne hundar eller å drage med meg minstehunden til Grodås/hornindal for å delta på valkampstand. Det vart det sistnemnde. Dennis er ikkje glad i å vere i bil, men eg hadde med skift og fekk vaska bilburet før vi gjekk til standområdet. Det var kulturdagar i Hornindal, så det var mykje folk samla og ein heil del underhaldning med Bjørnis, korps, gamaldans og song. Kamilla med K, med mor frå bygda her, deltok med song, og det var eit høgdepunkt. Dennis fekk helse på mange, og han er ikkje redd for nokon eller noko så langt. Han måtte sove litt i buret sitt innimellom, men på veg heim var han så trøytt etter alle inntrykka at han ikkje orka verken å klynke eller å bli bilsjuk. Gleda var stor då han kom heim til hagen og Charlie. 

Det vart nokre politiske samtalar undervegs, men mest med andre politikarar. Det er viktig det òg, ikkje berre å sanke stemmer.

fredag 4. august 2023

Gjengen samla


Eg har hatt folk i huset heile ferien, men no har eg hatt alle borna samla nokre dagar, i tillegg til svigerdottera. Eldstedottera hadde i tillegg med seg puddelen Louie, så vi har hatt full underhaldning døgnet rundt, med bjeffande hundar og mykje latter og kos. Svigerdotter og Eldstedotter har kokkelert mest, så det har vore god hjelp å få. No har alle reist, så eg får eit par dagar aleine med mine eigne to hundar. Det vart stille i heimen, og begge hundane søv tungt i bloggande stund. 

Eg fekk samla alle mine fire bjørnungar til fotografering. Det finst ikkje vakrare syn for ei mor!









Bok 25 2023: "Fedre og sønner" av Dag Steinfeld


Dette er ei av dei beste bøkene eg har lese! Steinfeld har forska i eiga slektshistorie og fortel om bakgrunnen for at dei jødiske forfedrane kom til Noreg, og om kvifor hans grein av familien vart delvis utstøtt av slekta fordi farfaren gifta seg med ei ikkje-jødisk kvinne. Vi får høyre om forholdet mellom oldefar og farfar, mellom farfar og far og mellom faren og forfattaren sjølv, i tillegg til jødane si historie i Noreg, spesielt under andre verdskrig. Eg er sjølvsagt aller mest oppteken av det siste, men resten av boka er òg svært interessant, både på det personlege og det politiske planet.