søndag 28. februar 2016

Siste feriedagen



I dag stakk Storegut på skitrekket saman med ein kompis, og dei to yngste ville gå tur på føtene i nærmiljøet. Det var ein aldeles nydeleg dag, uansett kva turmål ein hadde, noko som er typidk når ferien er nesten slutt. Vi har hatt ei koseleg og avslappande veke med heimeferie, og no står tre travle jobb- og skuleveker for tur.

lørdag 27. februar 2016

Tur til Krumsvikneset

I dag sorterte vi bos. Eg held på å finne ei god løysing for kompostering, og elles har eg lenge samla glas og plast for resirkulering. Glasavfallet leverte vi i container ved barnehagen, og så panta vi så mange boksar og flasker at vi slapp unna med å betale 15 kroner for laurdagshandelen.

Dagens tur vart å gå frå barnehagen til Krumsvikneset og attende (om lag 8000 skritt). Vi snakka om mangt og mykje på turen, og mest av alt om korleis vi skal leve litt sunnare framover. Planen er å ha fire sunne dagar i veka, ete meir grønsaker og fisk og vere meir ute og mosjonere. Slik skal vi oppnå betre form fram mot sommaren, få betre konsentrasjon og i det heile meir energi.

Vel heime laga eg ein gigantisk lasagne med saus frå botnen av, med mange sunne grønsaker. I bloggande stund har vi derimot leita fram laurdagsgodt og snacks for å kose oss med MGP. Ein kan ikkje bli heilt fanatisk heller...

Vinklubb i februar

Den siste fredagen i februar tilbragte eg saman med 13 andre damer på besøk hos min tidlegare nabo. Vi fekk servert ulike salatar og focaccia, ein kvitvin og to raudvinar. Mat og drikke smakte fortreffeleg, og praten nådde nye desibelhøgder. Eit aldri så lite årsmøte vart avvikla undervegs, og nye planar vart lagde.

Kveldens beste kommentar: "til å ha hatt ein vinklubb gåande i 15 1/2 år er det utruleg kor lite vi har lært om vin"


fredag 26. februar 2016

Bok 15 2016: "Åpne sår" av Gillian Flynn

Eg var veldig begeistra for romanen "Flink pike", og hadde derfor store forhåpningar då eg fann fleire bøker av same forfattar. "Åpne sår" fortel historia om ein journalist som vender attende til heimbyen frå barndomen for å finne ut av nokre mord som har skjedd der. Journalisten er sjølvskadar og drikk for mykje, og ein får gradvis innblikk i årsaka til problema hennar.

Boka var noko føreseieleg mot slutten, men eg likte den veldig godt. Ikkje så godt som "Flink pike", som var meir finurleg, men veldig godt likevel.

Torsdag med kommunestyret

I dag var det duka for ein heil dag saman med dei andre i kommunestyret, der vi skulle diskutere framlegg til mål og strategiar for samfunnsdelen i kommuneplanen. Dette er ein lang prosess som vi har halde på med ei stund, og som enno ikkje er avslutta. Heldigvis har vi dyktige folk i kommuneadministrasjonen, som set det heile i samanheng og omformulerer til eit produkt vi kan stå samla bak.

Då arbeidet med kommuneplanen vart avslutta for denne gong, ommøblerte vi lokalet og hadde deretter kommunestyremøte i eit par timar til. Totalt 8 1/2 time gjekk med av denne feriedagen.

Eg har stor respekt for kollegaene mine i kommunestyret, som er villege til å bruke så mykje tid og krefter på det dei trur på og meiner noko med. Vi hadde alle hatt det meir komfortabelt heime i sofaen, der vi kunne ha slengt ut meiningar om både det eine og det andre utan å måtte stå til ansvar. Å engasjere seg er å ta ansvar, sjølv om ein veit at ein ikkje får gjennomslag for alt ein meiner.

Vel heime laga Småungane middag til Storegut kom heim frå jobb, og resten av kvelden sat vi samla i sofaen. Eldstejenta reiste til Oslo att i dag, og det er ikkje så lenge til vi skal besøke henne der.

onsdag 24. februar 2016

Onsdag i vinterferien

Onsdagen kom, og det med snø og litt sol. Veslejenta og venninna (som hadde bursdag) hadde akedag med hundane og søskena til venninna, medan Eldstejenta, Minstemann og eg gjekk ein lang tur utan hund. medan Storegut heldt på med bilen og skulearbeid.

Vel heime laga eg middag, som var meny etter ønskje frå ho som skal reise i morgon: svinekotelettar, fløytesaus og omnsbakte grønsaker. Etter den kosten vart det berre sløving på oss, med TV og prat. Kanskje blir det meir film når Veslejenta kjem heim frå fotballtrening. Vi likar å sjå film saman heile familien, og det er spesielt morosamt å sjå skrekkfilmar med Eldstejenta i hus.

tirsdag 23. februar 2016

Feitetysdag

I år fekk ikkje vi feira feitetysdag i heimen, så det var ekstra kjekt at det stod rømmegraut på menyen då vi var på slektstreff i Ørsta i dag. Vi hadde fastelavnsbollar på søndag, så det passa bra med utsett feiring av feitetysdag òg. Det er i grunnen mange gode tradisjonar som er verd å halde fast ved, og ein får feire når ein kan.

Frå Hareid kom Systa og Kusina, og vi hadde ei triveleg stund med prat, latter og mykje god mat. Det er ein familietradisjon, for å seie det slik.

Ungane mine er heldige som veks opp med to sett supre besteforeldre.

mandag 22. februar 2016

Vinterferie 2016

Søndag ettermiddag kom ungane heim, og denne gongen var dei fulltallige og hadde ferie. Vi kosa oss med brettspel, quiz, krembollar, popcorn og TV før vi tok kvelden.

Måndag sov dei fleste ganske lenge. Vi rusla oss ein tur langs vatnet på Bjørkedalen, i sludd og styggevêr, før Gamla sette i gang med å steike ein bunke pannekaker. Det er temmeleg tidkrevjande når ein skal lage mykje!

Etter middag skulle Gamla på gruppemøte i partiet, så ungeflokken fekk styre seg sjølv med brettspel og film. Vel heime att vart det meir matlaging, og eit solid kveldsmåltid. Merkeleg kor saltsjuk ein vert når ein et søt middag!

Det er ei stor lukke å ha heile familien samla, og det vert mykje liv i leiren med både musikk og latter. Eg har fått unna alt rettearbeid før ferien, så eg har tid avsett til å kose meg saman med mine søte små.

søndag 21. februar 2016

Bok 14 2016: "Borgermesteren" av Thomas Hardy

I studietida fekk eg stor sans for Thomas Hardy, mykje fordi vi hadde ein "tutor" som hadde skrive hovudfagsoppgåve om forfattaren. Stilen han skriv i er i skjeringspunktet mellom romantikk og realisme, mykje som den langt betre kjende Charles Dickens.

"Borgermesteren" er ein klassisk tragedie om ein fattig ung mann som sel kona og babyen sin til ein sjømann då han sjølv er påverka av alkohol. Mange år seinare har han blitt borgarmeister i ein liten by, og kona dukkar opp saman med ei ung jente. Mange intrigar oppstår, og spenninga er stor gjennom heile romanen. Korleis vil det gå med dei tre? Er det mogleg å klatre på samfunnsstigen og kome vekk frå den personen ein ein gong var?

Det er artig med gamle bøker, og denne er frå 1886. Hardy er skeptisk til sosial mobilitet, samtidig som han òg opnar for at gode menneske kan få ein viss suksess. Boka er absolutt verd å lese 130 år etter at den kom ut.

Ved Hjelle i retning Heggjabygda

Laurdag gjekk vi tur etter å ha handla på Eid. Turen gjekk frå Hjelle til Heggjabygda og attende, og det var ein fin tur på vegen trass dårleg vêr. Ein stad fann vi ein sti bort til ein badeplass, og hundane fekk bade litt i ferskvatnet. På ein varm sommardag kan dette bli ein fin badestad.

fredag 19. februar 2016

Bok 13 2016: "Avslørt" av Renée Knight

Katherine har ein løyndom, og ho vert mildt sagt sjokkert når ho får i hende ein roman som fortel om denne løyndomen. Kven er den mystiske forfattaren, og kva er historia bak?

I utgangspunktet er dette ei spennande bok, men den taper seg etter kvart. Ok underhaldning, men ikkje noko meir.

torsdag 18. februar 2016

Bok 12 2016: "All the bright places" av Jennifer Niven

Denne boka er ei typisk YA (young adult) bok som handlar om to ungdomar med ulike former for psykiske problem. Violet har mista systera si i ei bilulukke, medan Theodore (Finch) er ein gut som andre synest er frykteleg rar, som skiftar stil ofte og gjer rare ting. Ein dag får Violet æra for å ha berga Finch frå å ta livet av seg, men var det eigentleg omvendt? Uansett får denne hendinga dei til å starte eit skuleprosjekt saman, og eit vennskap har starta.

Violet og Finch vekslar mellom å ha synsvinkelen, eit grep som mange YA-forfattarar nyttar. Eg trur dette kan slå an, og eg trur denne boka kan falle i smak hos mange unge. Den kan minne ein del om "Eleanor and Park" av Rainbow Rowell, og den likte eg òg veldig godt. Språket er ikkje så komplisert, så eg vil anbefale å lese boka på engelsk. Her er, i tillegg til ordinært litterært språk, innslag av facebookchat og sms-ar, noko eg har sett i mange nyare YA-bøker. Dette verkar heilt naturleg no, men det blir artig å sjå korleis dette kan verke om tjue år, til dømes.

Musikal 2016

Årets musikal var basert på musikk av Elton John, med sjølvdikta forteljing produsert av ein av musikklærarane. Skulen vår hyser mange talentfulle elevar innan musikk/dans/drama, og lærarane har ein stå på-vilje som er misunnelsesverdig. I år har dessutan mediaelevane vore ekstra flinke til å skrive artiklar og lage videosnuttar i høve det enorme musikalprosjektet.

Storegut hadde rolle som bandmedlem, og han var med og song på eit par nummer. Det var ei fryd å vere mor, lærar og kollega i salen.
Frå øving i festsalen

Storegut på øving

Finalenummeret

søndag 14. februar 2016

Morsdag

Når ein tek fri laurdag og feirar morsdag, blir det jobbedag på sjølvaste dagen. I dag har eg fått unna resten av ein stilbunke frå sist måndag, så den skal delast ut på komande tysdag. Eg likar å få unna bunkane innan ei veke, og det verkar som om elevane set pris på det også.

Elles for Storegut på musikaløving tidleg på føremiddagen, så "småungane" og eg gjekk ein tur i Mjeltvika med hunden i strålande sol. Det vert statid meir sol og dagslys, noko eg set stor pris på.

Neste helg kjem vi til å vere samla heile familien, og vi skal ha vinterferie, så då lanlegg eg meir morsdags- og fastelavnfeiring.

lørdag 13. februar 2016

Morsdag på forskot: tur, kino, pizza og kake

I dag var det så fin skaresnø at vi enda opp med å gå i Mjeltvika, deretter stien innover mot Kile. Heimover gjekk vi på hovudvegen, for å få litt variasjon.


Vel heime retta eg nokre stilar, medan ungane rydda romma sine. Deretter køyrde vi til Ørsta for å sjå filmen "Birkebeinerne" på kino. Den har fått lunka kritikkar, men for oss var det passeleg actionfylt underhaldning på ein laurdag ettermiddag.


Etter filmen hadde vi avtala å møte besteforedra på Rosabella, ein pizzarestaurant som ligg like ved kinoen. Dermed vart det litt morsdagsfeiring òg, kvelden før dagen.

Vel heime var eg så nøgd med dagen at eg initierte ei  kakebaking som i bloggande stund er i avslutningsfasen. Ein kan like godt feire frå seg når ein har hatt ein så finfin dag.


onsdag 10. februar 2016

Bok 11 2016: "Marsfioler" av Philip Kerr

Dette er den første boka i ein serie som vert kalla "Berlin Noir-trilogien", men så vidt eg har funne ut,
er det den einaste i serien som har kome ut på lydbok. Dette er eit ganske typisk fenomen, og eigentleg litt irriterande. Kunne ikkje forlaget ha venta med å gi ut den første til alle tre var klar?

Uansett. Boka er ein god, gamaldags detektivroman frå Hitlertyskland, skrive i eit svært direkte språk. Noko som særmerkar språket, er dei morosame språklege samanlikningane forfattaren krydrar med. Eit døme kan vere "ivrig som et dopet dovendyr". Noko eg derimot ikkje likte med boka, er at den rotar inn livet i KZ-leiren Dachau. Det synest eg vart hakket for mykje, men det kan hende det går bra dersom ein les heile trilogien. Det er eg usikker på om eg kjem til å gjere.

Fri-kvardag

Etter to lærerike dagar som student hadde hovudet mitt godt av ein fridag. Det er herleg å sove til ein vaknar av seg sjølv, gjerne eit par timar etter ordinær morgonrytme. Minstemann stod opp like etter meg, og snart var vi på tur ut med hunden. Eg hadde mest lyst til å vente til sola kom, men Minstemann ville ut med det same og "få det overstått", som han sa. Vi gjekk ein nokså lag tur, og vi hadde ein hyggeleg prat med ein som var ute og saga.

Vel heime sette eg meg til med pensumlitteraturen min - eg har lese over helvta av pensum no, men hugsar skremmande lite.

Til middag laga eg pannekaker med bacon og blåbærsylte, mykje for å glede Veslejenta, som kom heim frå skulen 14.30. Det er kvardagslukke å kunne tilbringe rolege timar saman med borna på ein kvardag, og eg veit at det truleg blir få slike dagar i framtida. Eg nyt dei desto meir.

mandag 8. februar 2016

Kvardag

I denne veka får eg vere student i to dagar, og det set eg sjølvsagt stor pris på. Temaet for måndagens forelesningar var mellom anna lærings- og motivasjonsteori, så det går rett inn i lærargjerninga på fleire område. Ein kan vel seie at det faget eg tek no ligg i skjeringspunktet mellom psykologi og pedagogikk, noko som er relevant også for ein garva faglærar.

Vel heime mekka eg middag. Ungane fekk velje, og då vart det tomatsuppe med kokt egg og makaroni. Meir kvardagsleg kan det neppe bli, tenkte eg, men det var no ikkje komplett usunt. Spesielt ikkje når vi brukte fullkornpasta og drakk appelsinjuice til. Så sunt var det faktisk at vi måtte dele ein sjokolade til dessert, og så sette vi oss med kvar si bok alle tre og hadde ei stille stund. Ja, nokre av oss somna, sjølvsagt, det var ikkje akkurat uventa.

I kveldinga har Minstemann besøk av ein kompis, Veslejenta ser serie på rommet og Gamla gjer litt husarbeid og slappar litt av. Det er hardt for hovudet å vere student, så i kveld tek eg det roleg for å kome meg gjennom morgondagen.

søndag 7. februar 2016

Bok 10 2016: "Better than perfect" av Melissa Kantor

I denne boka møter vi 17 år gamle Juliet, som er kjærast med Jason. Begge er skuleflinke, og no står innspurten att for å kome inn på Harvard neste haust. Familiane deira er øvre middelklasse, mødrene heimeverande og alt er nesten for godt til å vere sant heilt til foreldra til Juliet skil seg og mora begynner å drikke og misbruke medikament. Dette fører til at Juliet tek eit oppgjer med seg sjølv om kven ho vil vere.

Eg likte denne boka veldig godt. I og med at eg-personen er ei skuleflink jente, har forfattaren lagt inn nokre poeng som berre andre som har lese det same som eg-personen vil forstå. Samtidig er her Sms-språk, som er med på å gjere boka meir moderne i stilen. Som vaksen, røynd lesar synest eg sjølvsagt den er litt føreseieleg, men eg trur mange ungdomar vil kunne ha glede av å lese boka. Temaa den tek opp er nemleg både vanlege og tidlause, og ein knyter seg fort til hovudpersonen og kjenner empati for henne.

Fastelavn

Då ungane kom heim etter pappaveka i dag, ropte dei "gratulerer med morsdag!". Eg måtte då realitetsorientere dei og forklare at det blit morsdag og valentinsdag neste søndag, men at det var fastelavn i dag. Dermed vart det bollar med krem og jordbærsylte - ein av mine favorittar i matvegen.

Tur langs Bjørkedalsvatnet

Vêret varierer veldig for tida, og eg går ofte tur utan kamera. Laurdag gjekk vi tur langs Bjørkedalsvatnet, og vêret var nokolunde fint. Vegane der var dessutan berre, så det var lett og fint å gå. Personleg ser eg fram til vår og nye turmål, men hundane storkosar seg medan det ligg snø på markane.

onsdag 3. februar 2016

"La læraren vere lærar" ved Trond Giske

Tysdag tok vi turen til Eid om kvelden, for der skulle Trond Giske halde eit foredrag om skulepolitikken til Arbeidarpartiet ut frå den boka han har skrive om læraryrket. Giske hadde mange gode visjonar, og han viste faktisk til mykje av det eg har lese av teori siste halvåret for å støtte det han gjekk inn for. For meg vart det dermed ekstra interessant å sjå kva tiltak som skal gjerast for å få til det som teorien seier må til for å få ein vellukka skule.

Eitt av hovudpoenga hans var å hindre fråfallet i den vidaregåande skulen, og å bruke "tidleg innsats" som verkemiddel. Det viser seg nemleg at dei som droppar ut av vgs gjerne har begynt å sakke akterut i 3. - 5. klasse på barneskulen, og at dei deretter berre vert liggande lengre og lengre bak dei andre. Ironisk nok har dei fleste spesialpedagogiske midlar blitt sett inn i ungdomsskulen og vgs, sjølv om det hadde hatt mykje større effekt å bruke meir pengar i barneskulen.

Det vart ein inspirerande og lærerik kveld, og eg håpar at Giske svært snart får erstatte statsråden vi no må slite med i kunnskapsdepartementet.