søndag 31. januar 2021

Bok 12 2021: "The Restaurant at the End of the Universe" av Douglas Adams


Dette er den andre boka i serien, og trass i at opplesaren er ein annan, er den like artig å høyre på. Innhaldet er sjølvsagt berre tøv, men satiren er morosam. Eit døme er dyret på restauranten som byd fram ulike delar av seg sjølv. Det er blitt avla fram for å ønske å bli ete, og det drep seg sjølv på ein human måte. Engelsken er herleg variert, med mange uttrykk eg bit meg merke i.

Søndag og snø


Laurdag snødde det jamnt, og eg kom meg ikkje ut på tur før det var blitt mørkt. Eg gjekk då innover bygda, og det var relativt tungt å gå på vegar som ikkje var moka. Søndag brukte eg noko tid og krefter på å moke meg ei stripe ned til bilen, for så å fjerne brøytekant og snø rundt bilen. Det er meldt kaldt utover i komande veke, og det er om å gjere å fjerne snøen medan han er nokolunde lett. Etter ei stund var eg både sliten og kokheit, så då gjekk vi på nytt tur i Mjeltvika. Der hadde nokon brøyta vegen fint, slik at det var lett å gå. Det var ein nydeleg dag, men eg lengtar etter vår.

Fri-fredag


Veka var sånn passeleg travel, med eitt møte på kveldstid tysdag og eit anna på ettermiddagstid onsdag. Fredag hadde eg fri, og eg nytta dagen til å slappe av og å gå ein tur i Mjeltvika i snøkave og piggskor.

fredag 29. januar 2021

Bok 11 2021: "The Hitchhiker's Guide to the Galaxy" av Douglas Adams


Denne bokserien har eg hatt lyst til å lese i fleire år, men det har ikkje blitt. No fann eg den ferdig innlesen på Storytel, på engelsk, av Stephen Fry, og det vart tre gode grunnar til å lese den. Sjangeren er ikkje heilt lett å definere, men ein kan skildre det som ei blanding av science fiction og samfunnssatire. Handlinga er heilsprø, og omhandlar blant anna jordas undergang. Ein møter òg ein robot prototype som skulle bli gjeven menneskelege eigenskapar, og som enda opp som manisk-depressiv. Innlesaren er fantastisk, noko som løftar leseopplevinga mykje. Dette er ikkje ein sjanger eg ville ha orka mykje av på eiga hand, men det er ei kultbok som eg synest eg bør ha fått med meg.

Bok 10 2021: "Hvor er hun?" av Joy Fielding


Eit ektepar opplevde for femten år sidan at den yngste dottera deira vart bortført frå hotellrommet, medan dei sjølve sat og feira bryllaupsdagen sin saman med slekt og vener. No har det gått femten år, og ei ung jente ringer brått og påstår ho er Samantha, jenta som forsvann. Boka fortel deretter vekselvis om hendingar i notida og fortida.

Boka var spennande, men spenninga flata mykje ut mot slutten. Etter at vi har fått løysinga, kjem det ein lang sekvens der vi får repetert handlinga i fortida i detalj, men no med eit tillegg om det som faktisk hende. Dette vart veldig langdrygt.

Dette var den siste boka av forfattaren som låg ute på Storytel, og eg må seie det har vore kjekke bøker, og veldig varierte og variable i innhald og kvalitet.

søndag 24. januar 2021

Vekeslutt


Medan eg i førre veke var flink til å trimme og denslags, har eg denne veka hatt problem med å kome meg ut. Vêret har vore tvilsamt, og vegane er skikkelig isete og glatte. Først i dag kom eg meg ut på ein tur i Mjeltvika, elles har det blitt litt gåing til og frå jobb, elles lite og inkje. Det ser ut til at komande veke blir likeeins.

Måndag og tysdag hadde eg heimeskule, men tysdag var eg i tillegg kalla inn som vara til eit møte. Dermed vart det til at eg underviste heimesitjande elevar frå eit rom på skulen, før eg gjekk på møtet. Frå og med onsdag hadde vi normal skule med heile klassene samla, og det var stor stas. Resten av veka gjekk frykteleg fort, og så vart det arbeidshelg, etter at eg hadde tatt inn eit par bunkar før i veka. 

I dag, søndag, gjekk eg tur i Mjeltvika, vaska huset og retta ein del, og så kom Minstemann heim. Vi har hygga oss med ost og kjeks, og så går det mykje i koronareglar og nyheiter innimellom.

lørdag 23. januar 2021

Bok 9 2021: "Noen ser deg" av Joy Fielding


Ei ung kvinne lid av posttraumatisk stress etter å ha blitt valdteken, og familien prøver å hjelpe henne. Etter kvart begynner ho å seie rare ting til folk, mistenke alle menn for å vere gjerningsmannen og høyre telefonen ringe utan at nokon svarar i andre enden. Ho begynner også å sjå på ein mann i naboblokka, der det skjer mystiske og skumle ting som ho ser gjennom ein kikert i rein Hitchcock-stil. Gong på gong ringer ho politiet, og ingen bevis vert funne. Er dette ei klassisk "ulv, ulv"-historie?

Eg likte denne boka godt òg, sjølv om eg gissa mykje av samanhengen lenge før slutten. Det eg likar best med forfattaren, er at forteljingane er så varierte, med stadig nye vinklingar. No er det berre ei bok att av forfattaren på Storytel, og eg les den òg før eg finn noko anna, men eg kjenner at eg er klar for noko anna enn krim snart.

tirsdag 19. januar 2021

Bok 8 2021: "Løgner fra fortiden" av Joy Fielding


Terry er ei førti år gamal kvinne som skal leige ut eit anneks ved huset sitt. Sjølv bur ho aleine og er eigentleg einsam og føler seg usynleg, så ho vert begeistra over den unge og sprudlande kvinna som vert hennar nye leigebuar. Etter kvart får vi kjensla av at det er ugler i mosen, både gjennom måten Terry omtalar hendingar og gjennom overhøyrde samtalar. 

Boka er spennande veldig lenge, men eg synest spenninga flata ut mot slutten, då eg gissa ein heil del undervegs. Likevel er dette ei ny problemstilling frå Joy Fielding, og eg er enno imponert av denne forfattaren. Eg har eit par bøker att i samlinga på Storytel, og eg reknar med eg les dei òg, før eg begynner på noko anna.

søndag 17. januar 2021

Bok 7 2021: "Mellom liv og død" av Joy Fielding


Denne boka tek utgangspunkt i ein marerittaktig situasjon. Ei kvinne er på café med eit par venninner, og på vegen heim blir ho påkøyrd. Vi følgjer kvinna i det ho vaknar til live, men det viser seg at ho er komatøs og ikkje greier verken å snakke eller på anna måte kommunisere med omverda slik at dei forstår at ho er medviten og får med seg alt som blir sagt. Spenninga byggjer seg opp rundt det som blir sagt, og hennar aukande behov for å kommunisere. Det er rett og slett så uhyggeleg at det vert vanskeleg å legge frå seg boka.

Eg trur eg har eit par bøker att av forfattaren, heldigvis, og då skal eg lese noko anna enn krim ei stund. Kriminallitteratur er god underhaldning, men det kan no bli litt einspora i lengda.

Søndagstur til Bjørneset


Målet mitt er for tida å gå tur i sju timar per veke. Siste fire dagane har eg gått i Mjeltvika, som er ein tur som tek nøyaktig ein time når det ikkje ligg snø og eg ikkje stoggar for å snakke med nokon. Tysdag gjekk eg ikkje tur i det heile, og måndag trimma eg ikkje så mykje som eg skulle, men gjekk berre frå kaia til jobb og ned att. Eg hadde derfor 2 1/2 time att på trimplanen min då søndagen kom, men heldigvis hadde eg både tid og høve til å gå meg ein lang tur. Sidan det ikkje var sol nokon stad, kunne eg gå på stader der sola ikkje skin enno. Førstevalet ville ha vore Stigedalen-Movatnet, men der er no skiløype, noko som gjer at hundar ikkje er spesielt godt mottekne. Eg bestemte meg derfor til å gå innover bygda i ein time og eit kvarter, og deretter snu. Det gjorde at eg kom meg forbi Bjørneset eit stykke, og det var lenge sidan eg hadde gått der. Eg møtte ingen av mine tidlegare naboar, og heller ikkje dei nye eigarane på Storebakken, men det var fint å sjå at dei steller fint rundt dørene og mokar tunet. Det er vemodig òg, spesielt fordi ein dag som denne for nokre år sidan ville ha betydd aking på marka og full aktivitet. No bur det berre ein person under 18 år i grenda.

Vi har sola og snart er det sommar

Laurdag gjekk eg tur i Mjeltvika, men elles vart det lite fornuftig gjort. Nokre timar med jobb vart det, sidan det snart er karakteroppgjer, men det meste av dagen koste eg meg med å lese. Sola kika inn stoveglaset denne dagen, men det er ein del småskog som skuggar for sola. Eg ser fram til lysare tider og mildare dagar, då eg kanskje kan få saga ned noko av krattet rundt hagen.



lørdag 16. januar 2021

Bok 6 2021: "Hva hun klager over når hun klager over husarbeidet" av Heidi Linde

Ei kvinne på nesten femti lever eit nitrist liv med krevande, utakksame born og ein mann som forventar middag på bordet. Berre på jobben føler ho ei viss glede, sjølv om ho også der er omgitt av kvinner som skryt av familien sin og legg ut om ferieplanar. Ho leikar med tanken om å skilje seg, men veit at det vil bety at ho må gi avkall på mykje. Så ein dag sender mannen feil ein mms med eit nakenbilete av seg sjølv. Eigentleg skulle ei kvinne som heiter Linn motta dette biletet, og vi går deretter attende i historia for å høyre meir om dette forholdet, og det ekteskapet som no ser ut til å skulle rakne heilt. Boka er både underhaldande og tankevekkande, og eg var veldig spent på slutten. Eg har lese mange bøker om raknande forhold, spesielt i ungdomen på 1980-talet, og det seier mykje om tida ein lever i korleis slike bøker sluttar. Ja, det skreiv eg faktisk særemne om i si tid òg. Denne boka innfridde.Eg vil òg berømme bokomslaget, med den svarte bananen som ein glimrande illustrasjon.

fredag 15. januar 2021

Bok 5 2021: "Skyggenes gate" av Joy Fielding

Ein mann oppsøkjer ei kvinne for å få informasjon om kvar kona og sonen hans er blitt av. Ei kvinne lever med ny identitet saman med sonen sin. Ei kvinne blir dumpa av kjærasten sin, og møter ein ny mann. Historiene flettar seg saman, og spenninga stig og blir nesten uuthaldeleg. Eg merka i alle fall at eg til tider heldt pusten medan eg høyrde på denne lydboka, og den innfridde verkeleg. Eg er så glad for at eg oppdaga denne krimforfattaren, for bøkene hennar er veldig varierte og gode!

Fredag i Mjeltvika

Heimekontoret



Ny dag med heimeskule, snø og sol. Også i dag gjekk turen til Mjeltvika, og i dag såg eg at sola skein på hustaket vårt. Elles vert "friminutta" nytta til klesvask og andre småjobbar i heimen. 

Torsdag i Mjeltvika


Ny heimeskuledag, ny tur i Mjeltvika. Veslejenta reiste til Trondheim att, og det begynner å bli stille i heimen. Ute var det snø, sol og nesten 10 minusgrader det meste av dagen.

onsdag 13. januar 2021

Heimeskule igjen

Etter to ekstremt travle jobbdagar, med undervisning på in- og utpust, var det i dag (onsdag) igjen tid for heimeskule for mine elevar. Fordelen med heimeskule er å kunne arbeide til seint på kveld, men deretter "avspasere" litt i skuletida. Tysdag kveld arbeidde eg ganske intenst, dermed kunne eg gå ut medan det var sol i dag. Det var siste dagen med Veslejenta heime på ei stund, og ho vart med i Mjeltvika. Det var ein del snø på vegen i dag igjen, og ingen menneskespor i den før vi kom. Det var tungt å gå, men fantastisk å kjenne sola skine. I 14-tida såg vi sola sneide hustaket vårt, så no har vi snart sola på vår side av Kilspollen òg.





Til middag laga eg "julematsuppe" av pinnekjøt, julepølse, kålrabi, potet, gulrot og sellerirot, og det både smakte og gjorde godt med varm suppe i dag.



tirsdag 12. januar 2021

Bok 4 2021: "Ondt spill" av Joy Fielding


Charley Webb er ein omstridd spaltist i ei avis, og ho mottek stadig epostar med ros og ris om det ho skriv om. Ein dag blir ho kontakta av ei kvinne som ønskjer at Charley skal skrive ei bok om henne. Kvinna ventar på ein dødsdom fordi ho har drepe nokre born på bestialsk vis. Kan det vere mogleg at ho er uskuldig dømd? I tillegg til kriminalhistoria får vi høyre om Charleys familiebakgrunn, mannlege beundrarar, naboar og ein hund. Denne boka er òg god, om ikkje så uføreseieleg som dei andre eg har lese.

søndag 10. januar 2021

Seinare søndag

Då ungane kom, hadde dei med seg ein ny kvilestol som eg hadde fått Storegut til å kjøpe og ta med i stasjonsvogna han køyrer. Stolen heiter Lord, og har mørkegrått stoff. Mamma har same stolen i skinn, så eg visste at den er god å sitje i. 


Etter ei stund leita eg fram julegåva frå jobben, som inneheldt diverse godt av mellom anna spekemat, sylte til ost, godteri og fruktsaft. Eg hadde kjøpt ost, kjeks og diverse tilbehør i går, så det vart eit nydeleg måltid. Best av alt: vi har meir att.



Snø og søndagstur

Laurdag var det mykje vind tidleg på dag, og eg bestemte meg for å bruke dagen til husarbeid, handlerunde og til å skrive ei årsmelding eg skal ha ferdig om eit par veker. Eg likar å vere tidleg ute med denslags. Skulearbeid hadde eg ikkje denne helga, i alle fall ikkje noko som ikkje kan vente til måndag.

Ut på kvelden laurdag la det seg litt sludd, men då eg vakna søndag morgon, var det eit tjukt lag kvit nysnø, av den tørre, fine sorten. Hunden vart sjølvsagt svært yr, og eg gjekk ut med han for å la han springe mykje laus på ein tur i Mjeltvika. Eg møtte ein nabo som nettopp hadde gått der, og ho sa det ikkje var moka, men at eg kunne gå i spora hennar. Det var tungt å gå, men deilig luft og frykteleg moro for Charlie. Då vi hadde gått heilt fram og snudd, kom ein mann med traktor og brøyta vegen. Dermed vart det mykje lettare å gå attende.






Resten av dagen har eg brukt til spa-dag, med ansiktsmaske og hårkur, blant anna. Litt vasking og rydding har det òg blitt, i tillegg til noko snømoking. Eg ventar ungane heim om ei stund, og då tenkte eg å leite fram julegåva frå jobben. Eg har kjøpt inn nokre ostar og kjeks i tillegg, og eg har ikkje opna pakken for å sjå alt den inneheld. Det kan bli interessant.

fredag 8. januar 2021

Fin fri-fredag

Restar av snømannen vår


I dag hadde eg fri-fredag, noko eg vil ha meir av i vår enn sist haust, på grunn av at eg har hatt eit ekstra fag no i første termin. Dette er eit fag som ligg på 22%, så eg reknar med at eg kjem til å merke skilnad i arbeidsmengd. Eg hadde eigentleg ikkje andre store planar for dagen enn å gå meg ein lang tur i det nydelege vintervêret, så det vart ein tur frå Tua til Movatnet, altså over ei mil. Då eg starta turen var det ein del sol, men den gjekk ned då eg var på Sagesetra på veg attende til bilen. Temperaturen hadde då gått ned frå -4 til -8, og det tok si tid før eg fekk i meg varmen att då eg kom heim. Dermed vart det lydbok og tv, før eg no i kveldinga brått får eit anfall av å ville rydde ut jula. Eg kan i alle fall begynne.

Bok 3 2021: "Døden skal du lide" av Joy Fielding


Synsvinkelen vekslar i denne boka mellom ein ordinær tredjepersonsforteljar og ein eg-forteljar, som er mordaren. Dette er ikkje første gong ei kriminalbok er skriven på den måten, og det er ein fin måte å skape spenning på. 

Det er mange med i denne boka, som skildrar eit småbymiljø i Florida. Sentralt står skulen, der elevane mobbar kvarandre og lærarane ikkje alltid verkar heilt normale. I tillegg får vi innblikk i fleire av familiane til elevane, der foreldre er utro, valdelege og lite støttande. Som om ikkje alt dette var nok, forsvinn jenter frå lokalmiljøet, og det er desse mordaren hyggar seg med å pine og ta livet av.

Igjen ei spennande og god bok av denne forfattaren.

Attende på jobb

Onsdag skulle eg attende til klasseromma. Klassene var delte i to, slik at eg underviste to gonger medan den delen av klassa eg ikkje var saman med, jobba på eiga hand. Det var ufatteleg slitsamt, og eg var heilt slått ut då eg kom heim.

Ut på kvelden onsdag vart det dramatikk i USA, då demonstrantar braut seg inn i capitolbygningen, og det ei stund låg an til å bryte ut borgarkrig. I staden for å legge meg tidleg og få ei god natts søvn, enda eg opp med pc-en på soverommet, så eg kunne følgje med i nyheitene til eg somna.

Torsdag hadde eg fire nye undervisningstimar etter same modell som onsdag, men denne gongen i to engelskklasser. I og med at det hadde vore mykje drama i USA, brukte eg noko tid i alle fire timane til å fortelje om kva som hadde skjedd - altså fire gongar det same, utan manus. Etter jobb var eg denne dagen enda meir sliten, så eg la meg på sofaen og sov vekk mykje av ettermiddagen. 

Etter at eg kom i karantene 12. desember har eg vore oppteken av å vere fysisk aktiv, men desse to dagane greidde eg ikkje å mobilisere krefter nok til å kome meg ut på tur. Onsdag gjekk eg frå og til kaia, men elles vart det ikkje noko turgåing. Torsdag tenkte eg berre at eg skulle gå ekstra langt fredag i staden. 

Neste veke skal eg ha tre slike dagar på jobb, men så skal eg i tillegg ha to dagar med heimeskule, sidan elevane mine er heime dei dagane. Nokre av kollegaene mine vekslar mellom å vere i klasserom og på grupperom, der dei driv heimeundervisning av elevar som er heime. Det er sjølvsagt enda verre. La oss håpe dette vert kortvarig!

tirsdag 5. januar 2021

Andre jobbdag heime 2021

Å jobbe heimanfrå har sine sider, som ekstra søvn om morgonen, men i dag kjende eg at eg er glad eg skal attende på jobb i morgon. Om eg tenkjer det same klokka 7 i morgon tidleg, er ei anna sak. 

Også i dag underviste eg til 15.05, og det vart mange meldingar og nokre telefonar i tillegg til noko undervisning og mykje planlegging. Etter "jobb" gjekk eg ein tur innover bygda til hyttefeltet, ein tur som tok 1 1/2 time tur/retur. 


Ein skarv i solnedgang (ein skarve solnedgang?)

I morgon skal eg gå mellom kaia og jobb, men eg trur eg skal få tid og høve til å gå litt etter at eg kjem heim òg. Etter at eg kom i karantene for 3 1/2 veke sidan har eg ikkje sove etter middag ein einaste gong, noko som frigjer tid om ettermiddagen. I dag brukte eg den frigjorde tida til å lese, for det meste, og no i kveldinga ser eg serie. Eg er ikkje verken rastlaus eller einsam, men i dag kjenner eg altså at det skal bli litt godt å kome i normal gjenge att - så normal som den kan bli, med delte klasser og stor avstand.



mandag 4. januar 2021

Nok ein dag heime

Litt trasig å sitte inne og vere på jobb med denne utsikta

Mjeltvika igjen

Eg har snart sittesår etter godstolen min, som har vore min faste arbeidsplass utanom sjølve undervisninga sidan 13. desember. I dag hadde eg eigentleg sett fram til å kome attende på jobb, men så vart det altså undervisning frå spisebordet. Eg hadde første time 8.50, og den siste slutta 15.05, og då var eg rask til å kome meg ut på tur. Det vart Mjeltvika i dag òg, for der er så fint å gå når det er litt snø på bakken og glatt på hovudvegane. Medan eg er på "jobb" får eg litt tid til å vaske klede og rydde, og altfor god tid til å finne meg mat. No ser det ut til at eg skal kome meg på jobb allereie denne veka, og det er eg glad for, sjølv om eg må innrømme at det var godt å sleppe å stå opp i gryotta i dag.

Bok 2 2021: "Sin mors datter" av Joy Fielding


Amanda er opprinneleg kanadisk, men bur no i Florida, der ho jobbar som advokat og lever livet som fri og singel. Brått blir ho kontakta av eks-mannen, som fortel at mora hennar har hamna i fengsel fordi ho har skote ein mann. Dermed tek handlinga av, då Amanda vil prøve å finne ut kvifor mora kunne gjere noko så dramatisk, noko mora nektar å uttale seg om. Boka er dermed eit litt annleis mysterium, og til tider er sjangeren vel så mykje "chick-lit" som kriminallitteratur. Eg likte også denne boka veldig godt, ikkje minst på grunn av humoren.

søndag 3. januar 2021

På an igjen

I 18-tida kom nye meldingar frå regjeringa, om at ungdomsskular og vgs skulle gå over på raudt nivå. 19.15 fekk vi melding frå jobb om at vi skal ha heimeskule dei to første dagane i komande veke, medan leiinga utarbeider nye planar for det nye nivået, som opnar for noko skule-skule, men i små grupper med stor avstand. 

Eigentleg var det ei lette å få dette avklara, sjølv om det innebar å endre alle planane eg hadde brukt dagen til å legge. Eg nemnde i førre innlegg at eg var engsteleg, og no vart det litt lettare å begynne på ny veke.

Tredje nyttårsdag/siste dag med gjengen (på ei stund)



På grunn av store mengder pålegg droppa vi middag i dag, men inntok heller ein sein og mektig lunsj med røykalaks, eggerøre, leverpostei og diverse kjøtpålegg. Etterpå gjekk vi i samla flokk til Mjeltvika, der det i dag var istappar i dei små elvane. Det vart tid til litt sofaavslapping òg, men innimellom har eg jobba litt med å førebu morgondagens undervisning. Eg har ikkje vore på jobb sidan 11. desember, og eg må innrømme at eg er engsteleg for kva tida framover kan føre med seg.

Andre nyttårsdag: Mjeltvika revisited


I dag hadde vi ingen store planar, Storegut og eg, men eg fekk han no med meg ein tur i Mjeltvika før det mørkna. Det låg eit tynt lag nysnø på vegen, og det var friskt og fint å gå tur. Etter turen tok vi kontakt med søskena for å høyre kva planar dei hadde, og så vart det til at vi køyrde til Haddal for å hente Minstemann og til Furene for å hente Veslejenta og å handle litt. Vi har huset fullt av mat enno, men det er rart med det - ein blir aldri ferdig med å supplere. I kveldinga kosa vi oss med film og serie, etter å ha ete restar av pinnekjøt frå nyttårsaftan. Det blir ei stund til eg lagar det igjen, men eg har to posar med kjøt i frysaren dersom eg skulle få lyst å feire meir jul.

fredag 1. januar 2021

Bok 1 2021: "Sannhetens mareritt" av Joy Fielding


Ei kvinne går rundt i gatene i Boston utan å vite kven ho er. Ho hugsar ingenting om livet sitt, og skjønar heller ikkje kvifor ho har mykje pengar i kontantar i lomma, eller kvifor kjolen hennar er tilsøla med blod. Når ho etter kvart vert kjend att, hentar mannen hennar henne heim og skal hjelpe henne til å få att minnet. Boka handlar om korleis kvinna får det, korleis minna hennar dukkar opp og om kva som er historia bak blodet og pengane. Dette var ei veldig spennande og interessant bok som eg har hatt vanskar med å legge frå meg.

Første nyttårsdag 2021

 


Godt nytt år!

Som kvart einaste år har eg planar om å vere sprekare dette året enn i fjor, kanskje gå litt ned i vekt og leve sunnare. Ein må berre ete opp alle julerestane først, ikkje sant? Sidan eg vart sett i karantene 13. desember har eg vore flink til å gå tur nesten kvar dag, og no har sola snudd og det blir meir dagslys. I dag såg eg sola kome nedetter fjellsida då eg såg ut stoveglaset, så då var det ekstra fint å gå i Mjeltvika. Der var sol om lag mellom 13.00 og 13.30, og den fekk eg med meg kvar einaste stråle av. 

Etter kvart kom Storegut heim frå nyttårsfeiring, og i bloggande stund ventar eg på at han skal få lyst på middagsrestar. Problemet med trimturar er at ein får god appetitt av det, og at ein får litt frosten i seg. Det vert derfor freistande med middag, pledd og sofaliv resten av dagen.

Nyttårsaftan 2020


Slutten av dette spesielle året vart feira med middag i vår vesle kohort med Storegut, Veslejenta m/følgje og meg. Ungdomane reiste etter kvart vidare til festlegheiter, så då vart det ein roleg kveld for Gamla. Eg hadde betalt inn i ein spleis for nyttårsfyrverkeri, men det vart ikkje til at eg reiste ut på kaia for å sjå det. Eg er ikkje så oppteken av denslags, eigentleg, og eg kosa meg heller med ein god serie på Netflix. Det har blitt mykje aleinetid på meg dette året, men heldigvis kjedar eg meg aldri - tvert imot.