tirsdag 28. oktober 2014

Charlie 6 månader

Den vesle fyren har både personlegdom og nykkar i massevis. Han tok familien med storm frå dag 1, men han krev òg både merksemd og oppfølging. Eg synest det er fantastisk å vere hundeeigar att, sjølv om det krev mykje bekymring og planlegging. Det er absolutt kjekkast i dagslys og finevêr, og på fridagar.

Om morgonen må eg stå opp eit kvarter før eg brukte tidlegare, fordi Charlie skal luftast. Han har jobben med å vekkje ungane i 7-tida, men før det har han og eg kvalitetstid medan eg prøver å få i meg frukost med hunden på fanget. Det blir mindre turgåing på dagar med høljeregn og vind, men det ser ikkje ut til å plage han noko særleg. Nettene tilbringer han i det store reiseburet, i gangen nede. Han skulle nok gjerne ha delt seng med eitt av menneska sine, men DER går grensa. Enno.



søndag 26. oktober 2014

Bok 88 2014: "Arsenikktårnet" av Anne B Ragde

Forfattaren vart svært kjend då "Berlinerpoplene" kom ut og vart ein stor suksess, men ho har skrive mange bøker innanfor fleire sjangrar. Eg har lese ein del av desse, men har heile tida hevda at "Arsenikktårnet" er hennar beste bok. Den las eg på ein tur til København i 2005, noko som høver godt sidan mykje av handlinga går føre seg i Danmark. Blant anna er Dyrehavsbakken nemnd fleire gonger i boka, og der var eg innom på turen min.

I boka "Jeg har et teppe i tusen farger", der Anne B Ragde skriv om mor si, går det fram at "Arsenikktårnet" er delvis biografisk. "Therese" og "Ruby" er i røynda Anne og mora, og dermed handlar mykje av "Arsenikktårnet" om mora og bestemora til forfattaren. Dette gjorde meg svært nysgjerrig, så eg fann ut eg skulle lese "Arsenikktårnet" på nytt, nesten ti år etter første lesing.

Eg held fast ved påstanden min om at dette er Ragde si beste bok. Både komposisjonen, karakterane og handlinga er svært gripande og spennande. Ho begynner i notida og arbeider seg bakover, og ein får innsyn i forkvakla forhold, kjærleik, manglande morskjærleik og mykje anna som gjer sterkt inntrykk. Karakterane er irriterande i notida, men ein får forklaring i fortida på korleis og kvifor dei er som dei er.

Det er vanskeleg å vite kva som er sant og dikting her, men det er eigentleg irrelevant. Eigentleg skulle eg ønske at det ikkje fanst biografisk stoff her, for då kunne ein slå seg til ro med at Ragde har god fantasi og er ein stor forfattar.

Konklusjon 1: ein bør lese både "Jeg har et teppe i tusen farger" og "Arsenikktårnet", helst i den rekkefølgja.

Konklusjon 2: det er betre å lese gode bøker om att enn å lese dårlege.

Veten (565 moh)








Laurdag køyrde vi på impuls i retning Hundvik, på veg frå Eid til Torheim. Oppe på høgda fann vi ein turveg som gjekk til Veten, der ein varde vart sett opp i 1910. Turen gjekk gjennom myr og depel, men turmålet var vakkert og interessant.

torsdag 23. oktober 2014

Bok 87 2014: "Bulgari-forbindelsen" av Fay Weldon

Denne romanen vart kjend mykje fordi forfattaren tok imot eit pengebeløp frå smykkeforhandlaren Bulgari for å nemne firmanamnet i boka. I følgje ei lærebok eg bruker i eine engelskklassen min fekk ho betalt for å nemne det 12 gonger, men ho nemner det heile 35 gonger, og smykka er ganske sentrale i handlinga.

I boka møter vi eit skilt par, der han har forlate henne på grunn av ei yngre, meir attraktiv kvinne. Eks-kona har sete i fengsel på grunn av drapsforsøk på den nye kvinna i mannens liv, men får deretter eit uventa godt og rikt liv. For oss som har lese ein del tidlege Weldonbøker, er dette ikkje akkurat overraskande, men derimot kjent frå bøker som "En hunndjevels bekjennelser". Ein kan meine det vert noko klisjéprega, men forfattaren skriv svært underhaldande.

Eg slukte boka i ein jafs, så den må kunne seiast å vere lett å lese - og kanskje lett å hugse. Weldons karakterar er kanskje klisjéprega, men dei gjer eit visst inntrykk òg.

tirsdag 21. oktober 2014

Bok 86 2014: "Paganinikontrakten" av Lars Kepler

Eg har tidlegare lese og likt "Hypnotisøren" av dei same forfattarane, og eg hadde derfor visse forventningar til denne kriminalromanen. No veit eg ikkje om eg har vore spesielt ukonsentrert i det siste, men eg opplevde romanen som eit samansurium av ulike tema og problemstillingar, som spende frå fiolinbygging til våpenhandel. Eg las boka ferdig, men likte den ikkje noko særleg. Eigentleg er eg lei av krim, for eg synest det er langt mellom dei skikkeleg gode bøkene. Altfor ofte opplever eg at eg sit og ventar på at boka skal ta slutt når det er to - tre cd-ar att av lydboka.

mandag 20. oktober 2014

Bok 85 2014: "Lyden av asfalt" av Yngve Kveine

Denne romanen kom ut 8. september 2014, og datoen var ikkje tilfeldig vald. Det var nemleg dagen då Jokke frå "Jokke og Valentinerne" skulle ha fylt 50 år, og han og tekstane hans har vore ei viktig inspirasjonskjelde for forfattaren. Ein finn utdrag frå songtekstane i romanen, og ein kan òg sjå noko av det same tankegodset i handlinga.

Kort fortalt er "Lyden av asfalt" ein oppvekstroman frå Oslomiljøet. Dette er verken noko nytt eller noko eineståande, men tidskoloritten er noko annleis enn den ein vanlegvis finn i den sjangeren. Forfattaren er fødd i 1978, og han skriv om si eiga samtid med barndom på 80-talet og ungdomstid på 90-talet. Han kallar sin eigen generasjon "ironigenerasjonen," og seier dei hadde så lite sjølvtillit at dei ikkje torde å utrette noko. Elles skriv han mykje om venskap mellom kompisar, om skilnader mellom Austkant og Vestkant, om det å vere ein raudhåra, kvisete og spinkel unggut, om forhold til kvinner og ein heil del om rus og vald.

Hovudpersonen les ein heil del litteratur og drøymer om å skrive sjølv. Dette er heller ikkje uvanleg i romanar. Ei av bøkene han les er "Sult" av Knut Hamsun, og ein kan sjå ein slags parallell mellom eg-personane i "Sult" og  "Lyden av asfalt".

Miljøet i boka er ukjent for meg, og eg vil derfor tru at boka er meir interessant for dei som kjenner byen betre. For oss andre vert det mange oppramsingar av namn på utestader vi aldri har oppsøkt og stader vi ikkje veit korleis dei ser ut.

Nokon Hamsun er Yngve Kveine ikkje, men eg likte  boka ganske godt. Den kunne til tider vere litt springande i tid og tematikk, men den var aldri keisam eller stilleståande. Ein blir godt kjend med hovudpersonen, og ein får mykje sympati for han, sjølv når han dummar seg skikkeleg ut. Kor mykje sjølvbiografisk stoff det er i romanen, anar eg ikkje. Eg er derfor spent på om det kjem fleire bøker frå forfattaren, eller om dette var den boka han "måtte" få ut.

søndag 19. oktober 2014

Meanwhile, in Oslo...

Eldstejenta reiste til Oslo torsdag. Ho skulle delta på landsmøtet i AUF, og noko av ferien heime gjekk med til å førebu seg til dette.

Laurdag ettermiddag stod ho framfor landsmøteforsamlinga og Jonas og snakka om rein olje. Vi fekk følgje med på streama sending på youtube, og det var vi umåteleg glade for. Moderne teknologi gir oss høve til å dele slike stolte stunder, og vi fekk sjå på nært hald både at ho var nervøs, men òg at ho takla presset svært godt. Ja, vi fekk til og med sjå det fleire gonger, både med og utan klump i halsen og tårer i augekroken.


onsdag 15. oktober 2014

Svartevatnet i Bjørkedalen

Onsdag var det siste heile dagen Eldstejenta var heime. Ho og eg gjekk oss ein tur i Mjeltvika før søskena kom heim, og då køyrde vi til Bjørkedalen og den gamle Postvegen. derifrå gjekk vi inn til Svartevatnet, der vi grilla pølser og kosa oss før det var på tide å gå ned att. Veslejenta skulle på konfirmasjonsførebuing, men seinare skal vi sjå ferdig filmen vi begynte på i går ("boktyven") og kose oss ekstra skikkeleg før vi tek kveld. Heldigvis er det ikkje så lenge til Eldstejenta kjem att!







tirsdag 14. oktober 2014

Brennsnut hos besteforeldra

I dag henta eg gjengen min etter jobb, og så for vi til Ørsta på middagsbesøk til besteforeldra. På menyen stod brennsnut til hovudrett og nøttekake med pærer og krem til dessert, og det smakte aldeles herleg. Det var siste gong søskenflokken var samla før Eldstejenta reiser, men det er heldigvis ikkje lenge til ho kjem att.



søndag 12. oktober 2014

Tur i nærmiljøet på siste feriedagen

Siste feriedag betyr mykje arbeid. I dag skulle måndagens seks timar førebuast, mellom anna, og eg har dessutan prøvd å tenkje framover for resten av vekas undervisning, laga prøver og retta stilar. Noko arbeid har eg og hatt med å førebu morgondagens Polen-møte på kveldstid. Eg har i tillegg gjort litt husarbeid, vaska klede og denslags.

Eg skulle gjerne hatt ferie ei veke til. Det er så fint å gå tur og nyte dagslyset no når det begynner å minke på denslags. I dag fekk vi berre tid til ein liten tur i nærmiljøet, og eg skulle gjerne ha gått på fjelltoppar kvar dag når vêret tillet det.





Sledalen ved Skjåstaddalen

På veg til Bjørke frå Austefjorden køyrer ein ned Skjåstaddalen. Like før gardane går det ein skogsveg opp til venstre som er merka "Sledalen 4". Laurdag parkerte vi ved hovudvegen og gjekk opp denne skogsvegen. I byrjinga var det oppoverbakke, men når ein kjem opp, er dalen lang og flat innover mellom fjella. Noko av dalen vart dyrka opp for ein del år sidan, og der er store markar med gras som framleis vert slått. Der er òg ein relativt ny geitefjøs, men eg er ikkje sikker på om der plar vere dyr. No var den i alle fall tom og utan spor etter dyr.
Sledalen



Ved vegs ende



Charlie torer ikkje å gå over fe-rister

Vegen ned att

Skjåstaddalen

fredag 10. oktober 2014

Bok 84 2014: "Jeg har et teppe i tusen farger" av Anne B Ragde

I denne boka fortel forfattaren om mor si. Det er eit rørande portrett av ei kvinne med både positive og negative eigenskapar. Ho er til dømes ikkje så flink med pengar, men prioriterer kjøp av bøker framfor mykje anna. Ho er òg svært oppteken av mat og vasking, mykje for å halde på ære og stoltheit i periodar med dårlege buforhold og elendig økonomi. Boka er interessant og lett å lese, så denne kan eg trygt anbefale. Ho viser attende til "Arsenikktårnet", der mora òg er portrettert. Den fekk eg lyst til å lese igjen, då det er ti år sidan eg las og likte den.

Familietreff

Fredag kom tanta og kusina frå Hareid i tillegg til besteforeldra på besøk. Vi serverte lasagne og Pavlova, i tillegg til kaker som gjestane hadde med. Takk for ein triveleg dag!


Alle borna samla

torsdag 9. oktober 2014

Bok 83 2014: "Billie" av Anna Gavalda

Eg har lese eit par bøker av same forfattar før, begge på lydbok. Eg valde derfor å lese denne på same måte. Gavalda i omsetjing har eit herleg, rått og direkte språk fylt av humor og uventa uttrykksmåtar. Dette gir bøkene hennar eit ekstra løft, synest eg, og det passar så godt å høyre klangen i nynorsken opplesen.

Boka handlar, i korte trekk, om ei kvinne som vaker over sin sjuke ven under stjernene. Boka er ein slags samtale med ei av stjernene, og kvinna fortel då om livet sitt og venskapen med han som ligg i koma ved sidan av. Det er ei tankevekkjande historie om fattigjenta og den homofile guten som finn kvarandre, og eg likte svært godt denne boka. Opplesaren Silje Breivik gjer dessutan ein glimrande jobb ved å lage stemmer, lydar og å lese kraftuttrykka på ein overtydande måte.

Molladalen ved Barstadvika

Onsdag var det litt overskya, men vindstille. Vi køyrde til Erdalen i Barstadvika og gjekk opp til Molladalen, der ei imponerande tinderekkje omkransar eit vatn.






onsdag 8. oktober 2014

Trollvatnet og Kilsskaret

Frå Litlebøvatnet kan ein gå i fleire retningar, til mange spennande turmål. Tysdag valde vi å gå til Trollvatnet, og deretter til Kilsskaret. Vi begynte ikkje å gå før ut på ettermiddagen, så det vart dessverre mykje skugge på turen etter kvart. Det bles dessutan ganske heftig. Likevel var det ein lett og fin tur i vakkert terreng.
Dessverre ikkje nok vidvinkel til å få med heile vatnet

Dette var strekninga som stod att då vi skulle gå til Trollvasstinden


Lasso the Gremlin

Utsikt frå Kilsskaret mot Straumshamn

Matøskja i det fjerne, Keipen til høgre

Ørstafjella



Rasteplass på Kilsskaret