fredag 30. april 2010

The confessions of a cookie monster

Eg elskar kake. I dei fleste variantar, faktisk. Sjokoladekake, gulrotkake, marsipan - you name it, I eat it. Og i travle jobbperiodar med mykje stillesitjing vert tanken på kake nesten overveldande. Må ha det, berre må ha det. Dess søtare og feitare, dess betre. Gjerne både morgon, middag og kveld, ute som heime.

Ei likesinna kollegavenninne og eg har ofte snakka om "fem om dagen", med sunne alibi som gulrotkake, jordbærpynt og denslags. Sidan bønner er sunt, innbiller eg meg at kakaobønner, og dermed sjokoladekaker, også er det.

Akkurat no har eg dilla på sånne cookies med nøtter og sjokolade i. Nøtter er i alle fall sunt, og jammen trur eg det er noko havregryn i dei òg. Når eg blar fram ein ny stil, tek eg meg ei ny kake. Med 125 elevsvar i løpet av tre veker kan det bli svært mykje kake. For ikkje å snakke om sensuren, då eg skal lese eit par hundre norskstilar til. Kanskje eg bør gå over til gulrot eller druer, eller kanskje cherrytomatar?

Enn så lenge ser eg fram til dagens cafédate og håpar på invitasjon til etterselskap i konfirmasjonshelga...

torsdag 29. april 2010

Gamlas filosofiske: eg jobbar, altså er eg

Denne veka er på mange måtar årets travlaste. 1. mai er ein viktig dato, for då skal leselister og munnlege eksamensoppgåver vere ferdige og klar til å leggast vekk i over ein månad. I tillegg lagar vi heildagsprøveoppgåver - sjølv har eg avvikla ei og skal ha fire i neste veke. Det tek mykje tid å tenkje ut, samarbeide, skrive og kopiere. Det flyt med papir og bøker over heile pulten min, verre enn vanleg, og i bloggande stund har eg 23 dokument som eg driv og finpussar på. Innimellom blir det tid til litt undervisning òg.

Dagens gledelege, midt i alt kaoset, var at teatergruppa i bygda har fått 10 000 kroner i offentleg støtte. Det gav nytt pågangsmot!

tirsdag 27. april 2010

Hvem er redd for Virginia Woolf?

Måndagskvelden var det klart for teater igjen. To kollegadamer og eg gjekk først på kinarestaurant i Ørsta, og deretter på Kulturhuset for å sjå ei framsyning frå Riksteatret. Stykket er kjent, men eg hugsar det som langt meir dystert enn det vi fekk oppleve i kveld. Handlinga dreiar seg om at eit middelaldrande ektepar kjem heim frå fest, og så dukkar det opp eit yngre par som skal dit på nachspiel. Det blir konsumert store mengder alkohol, dansa og krangla og det som verre er. Skodespelarane Anette Hoff, Ingar Helge Gimle, Nils Jørgen Kaalstad og Marian Saastad Ottesen gjorde ein framifrå jobb - spesielt dei to kvinnene. Ei svært positiv teateroppleving, og ein særs hyggeleg kveld.

søndag 25. april 2010

Gutta (og Gamla) på tur

I dag fann vi oss ein ny skogsveg, og i enden av den fann vi ein badehøl og eit fantastisk utsiktspunkt. Eg veit ikkje kva det heiter der, men vi såg utover havet, mot Ørsta og innover Dalsfjorden. Vi hadde ikkje med oss niste e.l., men Minstemann hadde med pistol. Sånn i tilfelle det skulle bli behov for å skyte noko eller nokon.

Resten av familien har vore opptekne med ballett i dag òg.

Gratulerer, Svigerinne!

Eg har berre ei svigerinne, men ho er til gjengjeld ei særs triveleg dame som vi alle set stor pris på. Tidlegare i vår vart ho mor til sin tredje velskapte son, og det står det respekt av! Vi håpar at ho tek seg tid til å feire seg sjølv i dag - vi skulle gjerne ha vore litt nærare såpass vi kunne stikke innom på dagen, men Kongsberg er litt for langt unna til at slikt er mogleg.

lørdag 24. april 2010

Vårens første ballettshow

I år deler ballettskulen opp gruppene i to porsjonar, såpass vi får gå på to kortare show i staden for eitt langt. Denne helga er det klassisk og contemporary som står på plakaten, og begge jentene er med, i kvar sin del av showet.  Tradisjonen tilseier at Gamla kjøper inn billettar til dei resterande i familien + besteforeldra, så her snakkar vi om skikkeleg ballett-press.

Koreografien på den klassiske delen er temmeleg tradisjonell og endrar seg lite frå gong til gong, og personleg er eg meir imponert over contemporary-delen. Begge jentene gjorde ein god jobb i dag, og rosene dei fekk på premièren ville dei gi til morfaren, som var sjuk og ikkje kunne kome.

Bok 17 2010: "Døde menn går i land" av Bernhard Borge

Bak pseudonymet Bernhard Borge står André Bjerke og Bjørn Carling. Boka er dramatisert for Radioteatret med mange skumle lydeffektar, og det er faktisk ei spennande spøkelseshistorie. Noko av det eg synest er mest interessant, er den enorme interessa for psykologi som pregar litteraturen frå den tida (boka kom ut i 1947). Det er dessutan interessant at gode bøker toler "tidens tann", sjølv om særleg språket vert noko forelda. Absolutt verd å lese!

fredag 23. april 2010

Bok 16 2010: "Myren" av Arnaldur Indridason

Island er svært i vinden for tida, bokstaveleg tala, og det er eit land som lenge har fascinert meg. Islandsk litteratur har eg lite kjennskap til, utanom ættesogene frå mellomalderen, så eg tenkte eg skulle prøve meg på islandsk krim. Og det fungerte bra, med ei spennande historie løyst av ettarforskaren Erlendur. I motsetnad til den korthogga sagastilen må eg seie at sjølve løysinga på gåta kom tidleg, og at eg syntest det heile vart tvara ut utan at det kom ny informasjon.

Handlinga i romanen er dramatisk nok, men berre indirekte. Det har skjedd både valdtekter og mord, men dei hendingane ligg i fortida. Den direkte handlinga i romanen er stort sett at Erlendur og kollegaene hans dreg rundt og snakkar med folk. Det fungerer greitt, men gjer ingen mørkeredd, akkurat.

torsdag 22. april 2010

onsdag 21. april 2010

Våren er her (med atterhald)

Frionsdagen har gått med til å gjere hus- og skulearbeid, besøke naboungane og kjøre dei to mellomste i selskap. Innimellom slaga har vi fått tid til å gå tur i skogsvegen, mellom anna.

Minstemann er inne i ein agentperiode, så han snik seg etter vegane og siktar på oss hine med pistol.

Legg merke til biletet av Nummer 3 - det er teke same stad som eg tok bilete av henne på søndag kveld. Vêr og føre er mildt sagt skiftande!

tirsdag 20. april 2010

Utsikt mot travle tider

På jobb er dette den mest hektiske tida på året. Heildagsprøver skal lagast og rettast, leselister og eksamensoppgåver skal førebuast og det minkar fort på undervisningstimar. I tillegg er ballettsesongen på hell, så det går mot travle dagar på den måten òg. Det er berre jentene som skal danse til helga, men dei får fire dagar med øving og framsyningar som skal følgjast opp. Som om ikkje alt dette var nok, så er det tida for musikkskule-konsertar. Særleg Minstejenta har hatt ein travel tysdag, og Nummer 2 var flink å gjere all lekse på skulen før han henta Minstemann og tok han med til Volda.

Då vi kom heim, ville ungane slappe av og sjå ein film, og eg ville gå tur. Vi greidde å kombinere.

søndag 18. april 2010

Bok 15 2010: "Alice i Eventyrland" av Lewis Carroll

I min serie av klassisk barnelitteratur har eg no lese ferdig denne første boka om Alice i Eventyrland. Vi såg filmen tidlegare i år, og eg vart då nysgjerrig på å sjå korleis boka er. Eg har tidlegare høyrt mykje om den og sett fleire filmatiseringar, men no har eg altså lese heile boka frå perm til perm. Den handlar eigentleg om ein draum som Alice har, og i Eventyrland opplever ho mykje absurd, slik ein ofte gjer i draumar. Mykje av boka handlar om forkvakla språk, omvend logikk blanda med groteske element, og eg burde sjølvsagt ha lese den på originalspråket for å få den rette effekten.

For ungane mine har boka fungert best som innsomningslitteratur. Dei har ikkje fått med seg så mykje, og Minstemann kommenterte då boka var slutt: "Var det ein draum? Den var jammen lang". Han hadde eit poeng.

Den siste snøen som fins i skaret, den tiner jeg for jeg er april...

Meir barneteater

Gårsdagens teaterøving var meir som ein teatermaraton (fem timar), så dagens totimarsøkt var heilt overkomeleg. Ungane er flinke og kreative, og det blir spennande å sjå om vi kjem i mål med æra i behald også denne gongen.

For dei av dykk som lurer på korleis vi arbeider, kan eg setje opp ei skisse over opplegget.

  • Ungane blir samla og set i gang med noko frileik.
  • Vi set oss i ein sirkel av stolar og snakkar om kva vi vil lage slags program. I går vart ungane samde om å lage eit skodespel som skulle innehalde humor og spenning.
  • Vi legg oss på magen på golvet med hovuda inn mot ein sirkel og diktar ei historie. 
  • Rollene vert fordelte. Nokre roller blir til undervegs.
  • Ein forteljar fortel historia medan ungane spelar, diktar med, improviserer og lagar replikkar.
  • Ved seinare gjennomgangar vert stykket endra gjennom samtalar om handlinga.
    Illustrasjonsfotoet er frå ein sekvens der vi dramatiserer noko av songen "Per Spelmann", noko som ikkje har med sjølve teaterstykket vårt å gjere, men som kjem som eit tilleggsnummer. Vi har òg planar om song og dans, så denne 17. maifeiringa kan bli ekstra spennande.

    lørdag 17. april 2010

    Fint vêr for barneteater

    I dag har eg hatt med dei tre yngste i tillegg til nokre fleire ungar og vaksne i bygda og begynt å førebu 17. mai-program. Vi lagar eit lite teaterstykke som inneheld både spenning og humor, så dette lovar bra. Ute har det regna nesten heile dagen, det er nysnø langt ned i fjella og i det heile ganske utriveleg. No i kveldinga skal eg likevel spenne på meg uteklede og lydbok for å kople ut omverda ein times tid. 

    fredag 16. april 2010

    Face it

    13-årsfeiring med bowling og pizza

    Som i fjor ville Nummer 2 ha selskap på bowlinghallen i Ørsta, så det var berre å fylle opp bilane og kjøre av garde. Vi vart i alt 14 stk i selskapet, og vi kosa oss med bowling og pizza - "same procedure as last year".

    Gubben fekk imponere kidsa med gamle kunstar; for tjue år sidan var han ein habil bowlar med eiga kule og jobb i bowlinghall i Kristiansand. Det var før røykelova, og det var framleis lov og mogleg å praktisere bowlingkunsten med ein sneip i munnen.

    torsdag 15. april 2010

    Bok 14 2010: "Presten" av Hanne Ørstavik

    Liv er ein 35 år gammal prest som slit med å utføre gjerninga si. Ho har opplevd at ei venninne tok livet av seg, og no skal ho forhalde seg både til eit sjølvmord og eit sjølvmordsforsøk. I tillegg til dette får vi innblikk i forskingsarbeidet hennar om Kautokeinoopprøret. Refleksjonane dreiar seg meir om mangel på språk enn mangel på tru, og det er ein stillferdig og alvorstyngd roman som mest av alt handlar om å fungere saman med andre menneske.

    onsdag 14. april 2010

    15. april: Nummer 2 13 år

    Gratulerer så mykje til den største godguten vår, som no er tenåring!

    Pusling

    Då Eldstejenta begynte i barnehagen to år gammal, kommenterte barnehagestyraren at ho var svært flink til å pusle puslespel. Både dagmammaen og mora hadde hatt god tid til å sitje saman med henne og pusla Disneymotiv, Karius og Baktus, Europakart og det som verre var.

    I går var eg innom ein butikk i eit heilt anna ærend, då ein tanke slo ned i meg ved leikereolen. Kan Minstemann å pusle? Det er ofte slik når ein har ein skokk med ungar, at ein lærer opp den første og let dei påfølgjande søskena gå på sjølvstyr. Det hende dessutan for eit år eller sju sidan at vi kasta alle puslespela i heimen fordi ingen av dei var komplette lenger. Kan det vere mogleg at ein eller fleire i flokken har blitt utsett for puslespelmessig omsorgssvikt?

    Eg kjøpte eit puslespel med 104 bitar (og undertittelen "6+") som eksperiment.

    Trass i superhelt-dressens ibuande eigenskapar hadde guten mildt sagt lite snøring når det gjaldt puslespel. "Først må vi finne kantbrikkene og hjørna", sa eg, og fekk berre eit forvirra blikk til svar. Han kjende altså ikkje til fagterminologien eingong. Deretter avslørte han at han ikkje forsto prinsippet med inn- og utovervende brikker, eller poenget med å sjå på loket kvar dei ulike dyra og blomane skulle vere. Gamla måtte rett og slett ta fram ein attgløymd porsjon tolmod og setje igang tiltak på eit grunnleggjande nivå:
    "Kantbrikkene skal gå rundt kanten, ikkje ligge midt i biletet"
    "Fargane på den eine brikka skal passe saman med fargane på den som skal festast på"
    "Har Pumba øyrene framom eller bakom tennene?"
    "Kvar trur du fiskane skal vere - i sjøen eller i himmelen?"

    Det første puslespelet til Eldstejenta hadde bilete av ein elefant og ein ball, og det hadde seks bitar. Synd vi har kasta det.

    Havet stunder jeg mot, ja havet...

    Vi arbeider med midten av 1800-talet i eine norskklassen min, så det er ikkje rart om her kjem nokre Garborg- og no også Bjørnson-sitat på bloggen. Og så er det ein gong slik at ein blir reint lyrisk av å gå ute vakre dagar og kveldar i den nydelege vestlandsnaturen. Eg likar både fjell og vidde, men er aller mest glad i å tilbringe tid ved sjøen og høyre bølgjene slå innover. Lukta av saltvatn og tang er noko av det beste eg veit, og eg kan sitje lenge på ein fjørestein og filosofere over smått og stort. 

    I dag vekte Minstemann meg tidleg fordi han hadde mist ei tann og var noko oppskjørta over å ha vakna med ei tann liggande i munnen. Som resultat av den tidlege morgonstunda vart eg ferdig med husvasken før klokka 12, og kunne gå tur i fjøra før middagen skulle lagast. Nummer 2 kom heim til middag, og etterpå fekk morgondagens bursdagsbarn ei gåve som Eldstejenta og eg kjøpte då vi var på Moa. Den begava Poden stiller såleis i ny gensar på fest i kveld.

    tirsdag 13. april 2010

    Mamsen og Lillegutts ettermiddag


    I kveld er det berre Minstemann og eg som er i heimen, og vi veit å kose oss med pølser, is, tv og puslespel. Før solnedgang gjekk vi oss ein tur i nærmiljøet. Det var faktisk guten som foreslo det, sjølv om han hadde vore på skule og sfo i over åtte timar, og både gått tur og leika der. Mora er relativt lett å få med seg ut på tur.

    "Vårdag" av Arne Garborg

    Vårdag

    Å nei, for himil rein og klår!
    Å sæle meg, no er det vår!
    No spelar liv um land og strand;
    å sæle meg, at upp eg vann!


    Å nei, for dag vår Herre gav!
    So skirt um Fjell, so svalt i hav!
    So linn ei luft, so høgt um haug!
    Og dette sæle solskinslaug!


    Å nei, eg høyrer lerka slå
    upp under bleike himilblå;
    mot kvelv ho stig med songen sin;
    snart når ho visst i himlen inn.


    Sjå måken ror frå klåre nut
    i stille tak mot have ut;
    og fugl det kvitrar, kved og syng
    i tun og tre, i lund og lyng.


    Og å, som soli lognar trygg
    som varmeflaum um barm og rygg!
    Og gjenom all den milde dag
    det mjuke, salte havsens drag!


    Det brydder strå, det sveller knupp,
    og sevja stig i tréet upp;
    ein dåm det vaknar søt og tung ...
    Å sæle meg som er so ung!



    mandag 12. april 2010

    Livet er kanskje ikkje ein dans på roser, men no har eg i alle fall ein bukett!

    Eg er ikkje flink til å gi ros eller roser, trur eg. Men det burde eg bli, for det er så koseleg å få!

    søndag 11. april 2010

    Ny solnedgang-sesong!

    Det har vore ein uvanleg mild og fin aprildag, og eg gjekk meg ein tur i kveldinga for å sanke fleire skritt og knipse eit par bilete av solnedgangen.

    Dagens kulturelle: Husbasar

    I ettermiddag var det basar til inntekt for det lokale grendahuset, og familiens tre korpsmedlemer måtte på scenen. Korpset var lenge i ein kvalitetsmessig bølgjedal, men no høyrest det bra ut. Ein kan begynne å sjå fram til 17. mai, det er heilt klart. Det var dessutan triveleg å treffe små og store sambygdingar.

    Nydeleg aprilsøndag


    Medan Gubben og Nummer 2 skifta dekk på bilen min, gjekk dei to yngste og eg tur med hundane til skogsvegen. Minstemann kan ikkje å sykle utan støttehjul enno, og han bruker derfor den vesle, gamle sykkelen i staden for sin litt større, nye.

    lørdag 10. april 2010

    To gode venninner

    Nummer 3 og venninna har hatt ein travel dag med mange prosjekt ute og inne, medan gutane har hatt underhaldning i å spionere på dei. Det låg rim på markane då vi vakna i dag, men utover dagen har krokusen og påskeliljene fått fart på seg. Våren er ei herleg årstid!

    torsdag 8. april 2010

    Gamlas Middagstips

    Arbeidsplassen min ligg fantastisk flott til med utsikt over fjell og fjord. I tillegg har vi no flunkande nye vindauge, og det er ei pine å måtte ta ned persiennene for å stenge våren ute.

    Frionsdagen regna fullstendig vekk, men i dag skein vårsola så vakkert att, og middagstipset vart derfor: IS. Det var berre Minstemann og eg som for heim etter jobb, og vi meska oss skikkeleg, sjølv om det då vi kom så langt hadde skya over og eg like etterpå fyrte i omnen.