søndag 31. mai 2015

Bok 38 2015: "Valdemarsdag" av Kim Leine

I denne boka prøver forfattaren å teikne eit litterært portrett av farfaren sin, basert på ein del forsking og dokument. Denne forma for "faksjon" (fakta-fiksjon) er svært populær, og den er òg interessant å lese, synest eg. Farfaren til Kim Leine myrda ein mann, og ein får ei miljøskildring som forklarer og gir eit bakteppe for denne hendinga. Boka er velskriven og interessant, sjølv om det til tider vert lagt svært mykje vekt på seksuallivet til farfaren.

lørdag 30. mai 2015

Bok 37 2015: "Karitas. Kaos på lerret" av Kristín Marja Baldursdóttir

Etter å ha likt den første boka om kunstnaren Karitas, såg eg verkeleg fram til framhaldet. Som så ofte før var den skuffande, noko som kan skuldast fleire ting. For det første er eg ingen tilhengar av lange romanar, fordi dei då ofte vert langtekkelege. Denne er på nesten 600 sider, og kunne med fordel ha vore halvparten så lang. For det andre er synsvinkelen skifta. I første bok var forteljinga i tredje person og skildringa av kunstverka i eg-form, men i denne er dette brått bytta om, uvisst av kva grunn. For det tredje, noko som kanskje er det mest avgjerande, er eg langt meir interessert i å lese om ei ung kvinne som skal overleve i harde kår på Island enn ein aldrande kunstnar som flakkar rundt både i forhold og livet elles. Siste 200 sidene las eg meir for å bli ferdig enn for å sjå korleis det gjekk.

fredag 29. mai 2015

Ballettshow på 15-årsdagen til Veslejenta

I dag har vi hatt ein aktiv dag. Sjølv var eg eksamensvakt på jobb, medan Veslejenta hadde sidemålstentamen før ho for på ballettshow. Vi hine kom etter, og besteforeldra i Ørsta stilte òg opp som ivrig publikum. veslejenta var med på to nummer, og det var steppenummeret som merka seg mest ut. Elles var det mange artige og vakre dansar, men ikkje så spektakulært mediashow som det pla vere tidlegare.

Etter showet for vi på Rosabella og åt pizza, før vi for heim. Her kosar vi oss med is og film og ranglar fælt.

Bok 36 2015: "August" av Knut Hamsun

August er namnet på den fargerike karakteren frå romanen "Landstrykere", og i denne boka følgjer vi han vidare i prosessen med å modernisere lokalsamfunnet. Som i førre bok fortel han mange fantasifulle historier om livet i utlandet, noko som gjer boka underhaldande, og det gjer også mange av lagnadene til personane i lokalsamfunnet. Under overflata lurer meir alvorlege problem enn kven som skal gifte seg med kven, og lokalsamfunnet vert mellom anna ramma av svolt når silda svik dei.

Også denne boka er heilt klart god, sjølv om eg framleis held andre Hamsunbøker som mine favorittar.

torsdag 28. mai 2015

Løndalen

Medan Minstemann var på speidar, gjekk Eldstejenta og eg tur med Charlie i Løndalen. Det er ingen lang tur frå fotballbanen i Myrane, der speidarane held til, men ein får ei flott utsikt mot Volda undervegs på turen. Etter turen fekk Charlie helse på speidarane og dei vaksne som var der. Vi får sjeldan høve til å øve på "ignorering", men det blir rikeleg med sosial trening.




onsdag 27. mai 2015

Sosial trening på fotballkamp

I dag brukte eg dagen til å førebu elevar til eksamen, deretter køyrde eg ballerinaer og handla i Ørsta. Veslejenta og ballerinavenninnene skulle deretter spele fotballkamp, og då reiste Eldstejenta og eg heim og henta Charlie for å ta han med på kamp. Laget vann stort, eg trur det var 5 - 1, og Charlie fekk mange nye bestevener.

Som de ser har Folkestad fått fin, ny kunstgrasbane, og det er sjølvsagt kjekt. Jentene har så langt i sesongen spelt svært godt, og det er ekstra morosamt. Vi ser allereie fram til neste heimekamp.

Elles kan eg nemne at den yngre garde i heimen er ferdige med eksamenane sine no, så no blir det rolegare dagar i heimen.

mandag 25. mai 2015

Folkestadsetra

I dag fekk eg med meg Eldstejenta og Charlie hund på tur til Folkestadsetra, der eg òg gjekk tur førre måndag. Denne gongen parkerte vi nedanfor bommen, og turen vart dermed ein god del lengre enn elles. Vi brukte faktisk 2 1/2 time til saman, men då stogga vi litt for å ta bilete og gjekk heller ikkje særleg fort, sidan vi hadde mykje å prate om. På slutten fekk vi ei regnbyge over oss så vi vart gjennomblaute til vi kom heim att, men det tok vi med relativt godt humør.

I bloggande stund har eg fått ein lasagne inn i steikomnen, medan Eldstejenta har sett seg føre med matematikkbøkene. Storegut les òg til eksamen, medan dei to yngste har hatt ein roleg fridag.



lørdag 23. mai 2015

Pinseaftan på Bjørkedalen

Det finst tallause skogsvegar rundt Bjørkedalen, og i dag har vi utforska nokre fleire av dei. Turen fekk eit uventa fokus då nokre fjerne skot skremde hunden Lasso til skogs. Vi leita og ropte utan hell, men då vi kom attende til bilen, med planar om å køyre rundt og leite meir, sat ho så fint i vegkanten og venta på oss. Heldigvis.
Skogsveg med utsikt mot Lisje-Toren

Charlie kryssa elva før oss

Skotredde Lasso trygt heime på sofaen

torsdag 21. mai 2015

Kilskrossen 20. mai

Mesteparten av fri-onsdagen denne veka regna vekk, men ut på kvelden kom vi oss ut på tur att. Denne gongen gjekk turen til Kilskrossen, den nokon har "øydelagt" det vanlege fotomotivet mitt ved å setje opp eit altar like framfor steinkrossen. Eg håpar dei har ein plan med dette.


Folkestadsetra 18. mai

På Folkestadsetra har det tidlegare vore to setrevegar fram mot enden av vatnet, og sti i begge endar slik at det var mogleg å gå tur rundt vatnet. I fjor laga nokre lokale eldsjeler turstiar av grus for å erstatte dei gamle stiane, som til tider kunne vere svært gjørmete. Måndag kveld gjekk vi tur på setra for å inspisere dei nye turstiane, og dei var verkeleg eit framsteg for turgjengarar som ikkje likar å bli våte på beina. Det var ein nydeleg kveld med sol og dagslys til langt på kveld, og vi oppdaga fleire turmål som må inspiserast på sikt.


Ein av turstiane

Nye turmål?

Utsikt mot Volda, om lag klokka 21.00

søndag 17. mai 2015

17. mai 2015

Sidan begge dei yngste no spelar i korps på Folkestad, er det naturleg for oss å feire 17. mai der, heller enn i bygda der vi bur. Veslejenta fekk spele i bunad i år, og var av garde og spelte i to lokale tog før hovudtoget på Folkestad, der også Minstemann Aspirant fekk vere med. Storegut og eg slappa av og såg på, medan Eldstejenta var i Volda på jobb.

Etter kvart tok vi ferja over til Volda, der vi såg på folketoget, høyrde tale for dagen og fekk frosten i oss før vi for heim. Det er litt ekstra kjekt å sjå folketoget, der spesielt russen gjer seg bemerka- Neste år er det Storegut sin tur!









lørdag 16. mai 2015

Bok 35 2015: "Karitas" av Kristín Marja Baldursdóttir

Handlinga er lagd til Island, på byrjinga av 1900-talet. Karitas er den yngste av tre systrer, men etter seg har ho tre brør. Mora er enke. Det er eit hardt liv, men mora har sett seg som mål at borna skal få seg utdanning. Karitas vert ikkje påkosta noko før ei velståande frue ser kunstnartalentet hennar, og kostar på henne kunstutdanning i København. Det store spørsmålet er om Karitas får dyrke kunsten, eller om ho skal bli gåande heime på den islandske landsbygda og leve eit liv som dreiar seg om husarbeid, barnefødslar og denslags trivialitetar.

Boka er kronologisk og realistisk skriven, med små poetiske skildringar av kunstverk innimellom.

Det tok ei stund før eg kom i gang med lesinga, men då gjekk det rimeleg raskt. Ein blir gripen av slike skildringar av kvinnelagnader, om ein vil eller ikkje. Det er dessutan kjekt å lese om korleis det var å leve på island. Eg synest boka hoppar over viktige høgdepunkt i handlinga, som til dømes dei fem åra i København.

No skal eg til på bok nummer 2, og det ser eg fram til. Den er heldigvis på langt over 500 sider...

onsdag 13. mai 2015

Bok 34 2015: "Landstrykere" av Knut Hamsun

Denne boka er det første bandet i August-trilogien til Hamsun. Eg har sett film eller tv-serie basert på boka, så innhaldet var kjent, men det har likevel vore artig å lese boka. August er ein fantasifull skrønemakar, elles møter ein Edvart, Ragna, Lovise Magrete og Mathea, og den pussige "ur-jøden" Papst. Handlinga strekkjer seg stort sett langs Nordlandskysten til Fosen, og her er mange skildringar av folkeliv og forhold som peikar fram mot seinare nordnorske forfattarar.

I motsetning til bøkene om Segelfoss er ikkje desse lydbøkene så godt innlesne, og ein saknar dialektpreget som bøkene er skrivne med. Eg må dessutan innrømme at eg slit litt med å sjå at dette er same forfattar som han som skreiv "Sult", som framleis er ein av mine absolutte litterære favorittar.

søndag 10. mai 2015

Langedalen og Brekka

I dag tok vi bilen fatt og køyrde til Bjørkedalen for å gå på yndlingsturmålet vårt; den gamle postvegen over Brekka. Vegen var stengd med bom, men det gjekk an å gå, sjølv om ein somme stader måtte vade i snø. Vêret var skiftande før vi for, men då vi kom opp skein sola for det meste. Vi kom oss omtrent midtvegs langs det første vatnet, då gadd vi ikkje vasse meir i snø anna enn på heimvegen.
Lokalt bygevêr


Ein mykje kjekkare dag for Charlie!

Turkameratane mine



Sjå første biletet til samanlikning

lørdag 9. mai 2015

Hundeutstilling i Ålesund

Sist tysdag var Charlie og eg på utstillingstrening i hundeklubben, og det gjekk mildt sagt elendig. Onsdag morgon reiste eg til Geiranger, og fredag kveld vart det bading og børsting. Noko meir førebuing vart det ikkje tid til, så eg var relativt pessimistisk då eg sette av garde i gryotta laurdag for å stille hund saman med om lag 60 andre i same rase pluss diverse andre rasar i ein stor hall i Ålesund.

Vi møtte opp tidleg for å gå litt rundt i lokalet og trene på å gå fint, og då det var vår tur, syntest eg gromguten oppførte seg veldig fint. Han vart litt usikker då han skulle stå på bordet, men elles gjekk det forbausande bra. At vi fekk gul sløyfe, tek eg ikkje så tungt. Han har ingen utstillingsfeil, men dommaren syntest han hadde lang snute, feminint ansikt og kort hals, blant anna. Bitt, storleik og pels var veldig bra, så eg tenkjer at resten er noko han kan vekse av seg, eller som andre dommarar kan meine noko anna om. For oss var dette ei god oppleving, og vi kjem til å melde oss på fleire utstillingar i tida framover. Det er ein artig hobby å ha, og eg kjenner eg har sakna utstillingslivet.



Årsmøte i Utdanningsforbundet

Dei siste dagane har eg vore på årsmøte i Geiranger saman med andre representantar frå lokallag i Møre og Romsdal. Det har vore lange dagar med møte, mat og sosialt samkvem, og vi var maksimalt heldige med vêret. Torsdag var vi på båttur på fjorden, og det var ei forfriskande og vakker oppleving.