lørdag 27. oktober 2018

Vinklubb 26. oktober

Fredag var vi ti vindamer som sat samla rundt bordet hos vertinna, som serverte ost og vin. Praten gjekk som vanleg livleg rundt bordet, og eitt av dei store temaa denne kvelden vart dei komande feiringane og storhendingane som skal vere i bygda. Vi har mykje å sjå fram til!

Basar 21. oktober

Den årlege haustbasaren til inntekt for grendahuset gjekk av stabelen søndag 21. oktober. Minstemann og Naboguten stod for det musikalske innslaget, som takk for å få gratis øvingslokale.

onsdag 24. oktober 2018

Bok 71 2018: "Velkommen hjem" av Ninni Schulman

Ei gruppe vaksne skal ha ein slags gjenforeiningsfest på ei hytte der dei nokre år før hadde hatt eit klassetreff. Vi møter fleire av dei involverte og følgjer dei i festførebuingane og på festen, som får ein brå slutt då ein av festdeltakarane vert funnen drepen. Seinare døyr fleire i gjengen, og det heile utviklar seg til eit spennande drama.

Eg likte boka svært godt, då både personane og historiene deira var engasjerande, Det eg derimot ikkje likte, var løysinga. Den vart noko tynn, etter mitt syn, utan at eg skal røpe meir av den.

Ervingen og Beatles

Det lokale koret frå Hovdebygda hadde øvd inn stoff til ein heil konsert med Beatlessongar, og Mamma og eg tok turen - saman med svært mange andre. Salen på Kulturhuset var fullsett, og det var den visst på andre framsyninga òg.

Beatles er alltid god musikk, og koret hadde gode versjonar av mange velkjende songar. Jenter frå ballettskulen var med og illustrerte nokre av nummera med dans, og andreklassingane på medialinja på vgs hadde laga flott illustrasjonar som vart synte på lerret i bakgrunnen. Naboguten hadde vore med på dette, så det var no ekstra kjekt.
Bilete frå Møre Nytt

tirsdag 9. oktober 2018

Mini-haustferie til Trondheim

Fredag sette dei to yngste ungane og eg oss på bussen for å reise til Trondheim, der me skulle treffe Storegut. Eldstejenta tok fly dit frå Oslo, så heile familien vart samla i Bartebyen. Dei to var på hotellet då me hine kom fram, og Storegut vart med oss ut for å ete litt mat før me tok kvelden.

Laurdag hadde ungane mest lyst å shoppe, og det enda med at Minstemann fekk kjøpe seg ein ny bassgitar. Elles vart det lite handla, så me tok heller turen til Tyholttårnet, der me åt middag i restauranten. Det spesielle med den er at den går rundt og rundt, så me fekk eit flott overblikk over byen og omgjevnadene.

Om kvelden gjekk me på kino, og kinobygget låg like over gata frå hotellet. Filmen me såg var "Johnny English Strikes Again", ein komedie med Rowan Atkinson i hovudrolla.

Søndag gjekk Eldstejenta og eg på høgmesse i Nidarosdomen, der det var dåp av fire gutar: Adrian, Heine, Jarl Arne og Karl. Det var også nattverd. Det var veldig annleis enn å gå i kyrkja her heime, med andre salmar og eit lite kor som var forsongarar. Preika var veldig god, og me fekk mykje å tenkje på.

Etterpå rusla heile gjengen rundt i byen, blant anna til Kristiansten festning. Det var nydeleg sol, så det var langt meir triveleg å vere i byen enn på laurdagen.

Dei tre eldste skulle på fotballpub, så Minstemann og eg gjekk på Burgerking og tok oss etterpå ein pause på hotellet før me samla familien pluss ei venninne av Eldstejenta på restauranten "Sabrura" på Bakklandet. Der hadde dei sushibuffet som òg inneheldt noko innbakt fisk og grillspyd med kjøt.

Måndag morgon åt me ein lang frukost, pakka sakene våre og tok avskil. Dei to yngste og eg tok buss, noko som tok si tid, og me var ikkje heime før klokka var over 11.

Det var uendeleg kjekt å møtast slik alle saman, noko me ikkje har gjort sidan me var i Solund i juni.

A Room With a View 2






Storegut merka av kvar han bur

På Egon i tårnet






Heidi's på Solsiden

Sabrura


Besøk hos Besta på torsdag

Torsdag skulle Minstemann og Naboguten på bandøving i Ørsta, og Veslejenta og eg ville besøke Mormora medan hine spelte. Mormora diska opp med deilig lasagne og dessert, og etterpå fekk me prata både vel og lenge.

Bok 70 2018: "La meg være" av Clare Mackintosh

Anna opplever at begge foreldra tek livet av seg med nokre månaders mellomrom. Ho forelskar seg i sorgterapeuten sin og får eit barn med han, men så begynner ting å skje som tyder på at foreldra ikkje tok livet av seg. Parallelt følgjer vi etterforskaren Munnay, som har ei psykisk sjuk kone.

Denne boka var veldig spesiell, og eg likte den godt. Eg likar at bøker har litt uventa vendingar, og denne har det.

Regn

Ein treng ikkje reise til Bergen for å oppleve regn, og tørketida frå i sommar er definitivt over. Veke 41 vart regnvåt, men innimellom skein det litt opp såpass ein kom seg ut på tur med dei resterande takkekorta frå konfirmanten. Og visst er det vakkert her!