søndag 30. september 2012

Korpsbasar på Folkestad





Både Veslejenta og Barnefaren har begynt å spele i korpset på Folkestad etter at korpset her i bygda vart lagt på is. I dag var det basar, og korpset spelte mange artige og fengande melodiar - til dømes "Beat it" og "Splitter pine". I tillegg var det tre jenter som spelte blokkfløyte og song, og eit lite jazzprega band som kallar seg "Café ensemblet". Minstemann var ikkje så begeistra for verken det eine eller det andre, men vi hine kosa oss med god mat, prat og underhaldning.

Søndag i Brundalen og Jolgrøsdalen


Turen i dag begynte bra, men så både regna og blæs det så fælt at det vart nesten umogleg å ta fine bilete. Det kom dropar på linsa, så dei fleste bileta frå turen var fulle av store, grå flekkar. Ein fin tur vart det uansett.

Bok 64 2012: "Sunset park" av John Auster

Boka er ein slags kollektivroman om fleire menneske med ulike problem og utfordringar i livet. Handlinga er lagd til eit USA i finanskrise, og mykje av handlinga går føre seg i New York. Det finst ingen klår bodskap i boka, anna enn at livet går vidare, og eg var sånn passe begeistra.

lørdag 29. september 2012

Laurdagstur til Alnes og Ålesund

I dag var det ein nydeleg haustdag, og endeleg kom eg meg av garde til Alnes fyr, eitt av turmåla som aldri vart noko av i sommar. Betre seint enn aldri!

Etter turen til Alnes gjekk turen til Aksla i Ålesund, der det var flott utsikt i alle retningar. Vi bur verkeleg i eit variert terreng her på Sunnmøre, og slike fine dagar får oss fort til å gløyme veker med skodde og regn.











Middagen vart servert på Taj Mahal, ein indisk restaurant i Kongens gate. Ein flott slutt på ein fantastisk dag.

torsdag 27. september 2012

Ny utfordring på jobb...

...som om eg trengde fleire, liksom...

Eg har teke på meg å ha praksisstudent frå PPU, og i dag møtte eg studenten for å legge planar for praksisperioden. Det var særs gledeleg at vi såg likt på ein heil del, og at han kjem til å verte ein ressursperson for elevane. Problemet blir kanskje at dei sørgjer når han reiser og dei vert sitjande att med Gamla, men det risikerer eg gjerne.

Mi største motforestilling gjeld alle skjema som må fyllast ut, og all rapportering elles.

onsdag 26. september 2012

FYR her!

Denne fri-onsdagen har eg brukt på kurs/"workshop" innan FYR, som er ei forkorting av orda Fellesfag, Yrkesretting og Relevans. Vi vart delte inn etter fag, og i dag var eg engelsklærar og deltok i utarbeiding av faglege opplegg rundt yrkesretting av engelskundervisninga. FYR ligg under storsatsinga "NY GIV", som har som målsetjing å få fleire elevar til å fullføre vidaregåande opplæring. Dette er eit emne som engasjerer meg, og det er noko av det eg vil prioritere i år - ikkje minst når eg får praksisstudent om ikkje så lenge. Fleire på kurset snakka om eksamen, men eg er meir oppteken av korleis vi kan motivere elevane til å jobbe med faget, og korleis dei kan oppleve fagleg meistring.



tirsdag 25. september 2012

Bok 63 2012: "Alle vil hjem. Ingen vil tilbake" av Helga Flatland

Boka er eit framhald av "Bli hvis du kan. Reis hvis du må", og vi får høyre korleis det går vidare med personane i debutboka til fofattaren. Eg har likt begge bøkene godt, mykje på grunn av tematikken, skiftet i synsvinkel og det enkle og lettfattelege språket. Lydbøkene er godt innlesne, bortsett frå at nynorskdelane i denne boka er litt ustøtt lese.

Ettermiddag på Bjørnasethornet

Sidan eg skal bruke fridagen til kurs, reiste eg frå jobb etter endt undervisning i dag for å kome meg ut og heim att før det vart mørkt.

Turen til Bjørnasethornet er verken lang eller bratt, og denne gongen fann eg stiane lett som berre det. Eg har tidlegare opplevd litt ymse når det gjeld akkurat det. Heile turen tok dermed i underkant av to timar frå parkeringsplassen til toppen og attende til bilen.






Eg hadde gløymt å ta med drikke, noko som er ei tabbe når det ikkje finst ei einaste elv på turen. Elles var det nydeleg utsikt, flotte haustfargar og passeleg turvêr.

mandag 24. september 2012

Måndag i Brundalen



I dag var eg så sliten etter jobb at det drygde fram til klokka 19 før eg kom meg ut på tur. Turmålet var eigentleg litt meir pretensiøst, men det vart tidlegare mørkt enn eg hadde rekna med. Brundalen låg så nydeleg i klår haustluft, og der var byggeaktivitet som eg ikkje hadde sett på lenge.

søndag 23. september 2012

...det er sol og det er søndag

Eg har inntrykk av at "alle" har vore på tur til Hornindal denne helga. Det er lenge sidan eg har vore på Grodås, og eg ser ingen grunn til å fare dit no heller. Som motstandar både av Kvivsvegen og søndagsopne butikkar såg eg heller ingen grunn til å kombinere desse.

Ungane har vore spreidde i dag; Eldstejenta for på jobb, Storegut var med ein kompis og Veslejenta hadde ei venninne på overnattingsbesøk. Minstemann og eg gjekk oss derfor ein liten tur i Mjeltvika (= 1 1/2 time med foredrag om diverse våpen og sportsbilar). På heimveg møtte vi tidlegare nabo T og gutane hennar, og dei vart med oss heim såpass T fekk prøvesitje terassen min.



No har sola forsvunne bak fjellet, og det er på tide å sprette ein prøvebunke...

lørdag 22. september 2012

Laurdagsbesøk


I dag laga Eldstejenta sin sjølvkomponerte indiske salat, og så kom to sett besteforeldre og ei venninne av Veslejenta på besøk. Vi kosa oss med mat og prat, og etter middag gjekk nokre av oss tur til Mjeltvika, andre vart att i ballbingen. Tusen takk for triveleg besøk på ein nydeleg dag!

fredag 21. september 2012

Bok 62 2012: "Tre kamerater" av Erich Maria Remarque

Forfattaren er best kjend for den pasifistiske romanen "Intet nytt fra Vestfronten". Bøkene hans vart forbodne i Nazi-Tyskland, men fleire av dei er blitt verdskjende klassikarar i ettertid.

"Tre kamerater" handlar om tre veteranar frå første verdskrig som driv ein bilverkstad saman. Handlinga er lagd til Berlin i 1928, men romanen vart skriven først i 1937. Forteljestemma tilhøyrer ein av dei tre, og han møter i tillegg ei kvinne som han innleier eit forhold til.

I byrjinga likte eg ikkje romanen så godt. Det dreia seg mykje om festing og sal av bilar, og eg såg ikkje heilt kva retning boka tok. Nærare slutten vart eg meir og meir begeistra, då handlinga tok ei heilt anna retning. Eg vil ikkje røpe for mykje her, anna enn at forholdet mellom eg-personen og kvinna han møter vert svært engasjerande.

I lydbokutgåva er det Mads Ousdal som les, og etter mitt syn mumlar han og les noko monotont. Dette bidrog truleg til at boka verka noko keisam i starten.

torsdag 20. september 2012

Business and pleasure as usual

På jobb har eg mange ballar i lufta for tida. I tillegg til min vanlege jobb skal eg no til å kurse meg litt ekstra, både i engelsk og i meir pedagogisk retta fag. Det betyr at ein fri-onsdag går fløyten, og at eg må setje inn vikar i nokre av timane mine. Eg skal dessutan ha praksisstudent nokre veker, med all den organiseringa det medfører.

På privaten organiserer eg òg. Fritidssyslane til ungane har sjølvsagt førsteprioritet, men eg har òg skaffa meg billettar til både opera, teater og konsert.

Ute skiftar vêret mellom høljeregn og duskregn, det er nysnø i fjella og vått i marka. Ein merkar at energien ikkje er på topp, og då er det ekstra viktig å lage seg nokre høgdepunkt i kvardagen. Cafébesøk og shopping er sjølvsagde innandørsaktivitetar, men eg trur det er viktig å ha nokre billettar på lur for å få åndeleg påfyll.

onsdag 19. september 2012

Fullt program på fri-onsdag

I dag henta vi kompisen til Minstemann, så han hadde selskap på fridagen. Gamla heldt det gåande med skulearbeid og pannekakesteiking, og så gjekk eg ein tur for å sjå om eg ville møte att oteren frå i går. Det gjorde eg ikkje.

Ut på kvelden skulle dei to yngste på fotballtrening, og eg gjekk meg ein liten tur imens. Eldstejenta dansa på grendahuset, og Storegut spelte heimekamp i Volda (dei tapte, men eg veit ikkje mot kven).

I bloggande stund har eg på steiking Pavlovakake og brød, småungane dusjar seg og det går mot kveld i heimen.

tirsdag 18. september 2012

Ein sky fyr og eit rart dyr

Etter middag i dag gjekk eg meg ein tur innover Mjeltvika. På veg attende kom ein underleg fyr humpande mot meg på vegen. Han kom temmeleg nær før han oppdaga meg, og då strauk han ned til sjøen, der han plaska rundt ei stund og forsvann.

Fyren var eit dyr, nærare bestemt ein oter. Eg fekk ikkje festa han til minnekort, men legg i staden ut bilete av katten LOL(a), som er langt mindre sky.

mandag 17. september 2012

Smoothie time

I dag tok småungane og eg oss ein runde på Skeidar, der vi blant anna kjøpte eit par lampar og ei skohylle. Vi besøkte Mormor og Morfar i ørsta, der vi fekk servert fårikål, kjøtkaker, kaker og kaffi før og medan Veslejenta var på ballett.

Vel heime monterte dei små og eg skohylla og eine lampen medan Eldstejenta jogga av stad og henta Storegut. Etterpå laga ungane smoothie, for Eldstejenta har teke med seg heim blenderen som ho har hatt på hybelen i Volda. Ikkje verst kveldsmat i styrtregnet.

Oppskrift:
2 kiwi
1 korg jordbær
2 banan
2 fruktyoghurt
1 dæsj appelsinjuice



søndag 16. september 2012

Troppane samla!



Så var vi endeleg samla i heimen att - no er det over tre veker sidan vi var her alle saman. Ungane styrer med sitt, anten det er data, blad, opptaksutstyr eller Play Station, og Gamla sjølv les i bok. Her er langt frå stille, men den indre roa senkjer seg likevel.

Downton Abbey

Når Gamla er aleine, kosar ho seg ofte med bøker, men òg med innkjøpte DVD-ar (i år forventar eg julekort frå CDON, der eg er storkunde). Sjangrane er fleire og varierte, og ofte ser eg filmar som eg vurderer å bruke i undervisninga. For tida ser eg ein serie som eg ikkje fekk sett alt av då den gjekk på tv, nemleg "Downton Abbey". Den skildrar livet i ulike samfunnsklassar i England tidleg på 1900-talet. I første episode vert Titaniculukka nemnd, så tidfestinga er temmeleg klar. Ein opplever klassemotsetnader og personlege problem, og karakterane vert glimrande spelte av diverse kjende og mindre kjende skodespelarar. Maggie Smith er fantastisk i rolla som enkehertuginna. Førebels er eg midt i første sesong, men her skal det handlast meir!

 Regn og ruskevêr vert mindre frustrerande når ein har gode filmar og bøker.

lørdag 15. september 2012

Bok 61 2012: "Buddhas barn; en reise blant mennesker" av Torbjørn Færøvik

Boka gir eit innblikk i historie og kultur i landa Vietnam, Kambodsja, Thailand og Burma. Forfattaren har skrive fleire bøker frå Asia, og eg kjem til å vere på utkik etter desse. Det er spennande å lese, både fordi temaet er interessant og fordi forfattaren skriv på ein lettfatteleg og kunnskapsrik måte. Tron Brænne les lydboka på ein engasjert og variert måte som gjer det lett å følgje med og bli riven med.

fredag 14. september 2012

Dagens tekst: "Bendik og Årolilja"

Sjølv synest eg mellomalderlitteratur er både spennande og engasjerande, men i dag vann eg ikkje heilt fram med entusiasmen min. Kanskje fordi norsktimen etter lunsj fredag passar betre til enklare stoff, kanskje fordi elevane skulle ha totimarsprøve i matematikk rett etterpå - eller kanskje fordi eg rett og slett ikkje hadde heilt "draget" i dag, reint pedagogisk.

Ironisk nok ligg det no eit brev frå Høgskulen på pulten min, for eg har sagt ja til å vere rettleiar for ein student. Har eg eigentleg noko å lære vekk? Eller blir det eg som lærer av studenten?

No er det i alle fall helg, og eg får høve til å jobbe meg frampå litt når det gjeld Bendik og Årolilja, slik at eg kanskje greier å trykke noko lærdom inn i skallen på mine søte små.

(Ps: eg bør vel slutte med uttrykk som "trykke lærdom inn i skallen på" i god tid før studenten kjem)

torsdag 13. september 2012

Bok 60 2012: "Biopsi" av Lars Ramslie

Denne vesle romanen rommar ei stor historie om ein far som blir sjuk og deretter narkoman. Forteljaren er sonen, og boka er skriven med andre persons synsvinkel, altså i du-form. "Du" er oftast faren, men det kan òg vere sonen, venninna hans eller andre, noko som gjer at en må konsentrere seg ekstra når ein les.

Ramslie fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for denne boka, og det skjønar eg godt. Den er lett å lese, men tragisk og dyster på grunn av innhaldet.

Lille blå


Stort tap og styrtregn

Fotballjentene skulle spele heimekamp i dag. Eigentleg kunne eg ha halde meg heime, men så slo tanken meg at det ikkje er heilt rett å forvente at ungane trenar og spelar kamp i uvêr, viss ein sjølv ikkje er villeg til å stå godt påkledd på sidelinja.

Jentene tapte stort mot Hasundgot, medan gutalaget slo Hovdebygda ned i støvlane dei burde ha hatt på seg. Det blir ein del klesvask slike dagar.

mandag 10. september 2012

Vald og kjærleik i undervisninga

Mellomalderlitteratur kan vere vanskelege greier for elevane, sjølv om læraren synest Gunnlaug, Tristram og Bendik er kjempespennande og dramatiske fyrar. Då hjelp det å kunne supplere med litt "visuelt læringsmateriale" i ekte Hollywoodtradisjon. Historia er ganske ulik den segna vi les i norskboka, men ein får eit visst innblikk i livet og verdisynet i mellomalderen.

søndag 9. september 2012

Fruktsalat med yoghurtkrem

Dagens salat:
1 boks hermetisk fruktsalat
3 kiwi
Om lag 300 gram steinfrie druer
2 bananar
1 pose sjokoladekuler ("Pops")

Krem:
3 dl kremfløyte piskast til krem
1/2 liter yoghurt med vanilje blandast i

"Dagens outfit" nr 2

I dag skulle Minstemann i selskap. Han stilde i sjølvvalt antrekk og styla sin eigen hanekam, då mora sitt forsøk vart forkasta med ein hånleg kommentar: "Kallar du det der ein hanekam?"

lørdag 8. september 2012

"Dagens outfit"

Eldstejentas antrekk for kvelden

Haustleg septemberlaurdag





Det er deilig å ha ein heil dag til rådvelde utan noko fastsett program. Småungane og eg var ein tur på butikken og gjekk tur før middag, medan Eldstejenta jogga og kom etter oss på sykkel såpass vi møttest undervegs. Eg tok med kamera for å ta bilete av haustteikn, men vi heldt oss på vegane sidan det er frykteleg vått og gjørmete i skog og mark.

Etter middag har vi vaska hus. Det hadde vore stillare, lettare og kjappare for meg å vaske aleine, men det er ei viss læring i å delta i denslags aktivitetar. Eldstejenta er flink til å vaske når ho hiv seg rundt, men dei to små har mykje å lære enno. Når vi blir ferdige, kan vi slye oss med tv og snop.

Ungane fekk forresten spørsmål om kva dei aller helst ville ha til laurdagsmiddag, og svaret var pizza. Jaha - meinte dei heimelaga? Neida, dei ville ha "Grandis". Mor kan såleis få ein roleg kveld ho òg, og det passar heilt perfekt.