torsdag 21. juli 2016

Bok 53 2016: "I krigen. Et vitnesbyrd fra Syria" av Francesca Borri

Borri er ein relativt ung, uredd, italiensk journalist, som har vore oppteken av krigar og konfliktar, spesielt i Midtausten. I denne boka fortel ho om opplevingar i Syria. Forteljemåten er ganske spesiell, då ho har ein kortfatta telegramaktig skrivemåte, men òg nedlatande og kritiske kommentarar. Eit døme kan vere at ho kort fortel om ein samtale med nokon som i ein replikk seier det er frykteleg med krigen i Syria, og som i neste replikk kommenterer vinen dei får servert, eller når nokon seier at dei var begeistra for boka hennar om Irak, og ho kort kommenterer: "Den handlet om Kosovo".

Innhaldet er mest små skildringar av episodar som til saman gir eit inntrykk av korleis situasjonen var i Aleppo i 2012/2013. Eit døme her kan vere den tuberkulosesjuke 25-åringen som budde i eit avløpsrør med dei tre borna sine, til ho ein dag vart skoten av ein snikskyttar. Slike historier er det mange av, og boka er såleis meir ein stemningsrapport enn ein samanhengande analyse av konflikten. Forklaringar av historie og politikk kjem langsmed.

Eg likte boka godt, sjølv om den var sterk og fæl å lese.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar