mandag 9. juni 2008

Sense and sensibility


Å ha gode vener som veit kva ein set pris på av presangar, har sine fordelar. Dette seier seg nesten sjølv. At det òg skal ha sine fordelar at Gubben er mykje på farten, er kanskje litt mindre sjølvsagt. Her har vore nokre ledige stunder innimellom, og då ser eg IKKJE fotball-EM. Til bursdagen min fekk eg den nye BBC-serien basert på "Sense and Sensibility", og den har eg kosa meg med dei siste dagane. Fantastisk flotte naturbilete og gode kvinnelege skodespelarar gjorde denne betre enn 1995-filmen, men eg sakna nokre av dei mannlege skodespelarane frå filmen. Det beste med serien framfor filmen var sjølvsagt LENGDA!!! Ho som gav meg filmen og eg er einige om at scena der Edward Ferrars står i våt kvit skjorte og høgg ved er fantastisk. Finst det noko lekrare enn hardt arbeidande mannfolk?

2 kommentarer:

  1. Heilt enig der. Og dei må gjerne ha musklar og hår på brystet!

    SvarSlett
  2. P.s. Når du har sett ferdig......

    SvarSlett