lørdag 22. august 2009

Fest og hybelliv


I går var eg på ein koseleg kollegafest i Volda. Eigentleg var eg så sliten etter veka at eg burde ha halde meg heime, men så var det så freistande òg...

Sidan Eldstejenta no disponerer ei heil leilegheit aleine, spurde eg om eg kunne overnatte der. Det gjorde kvelden langt trivelegare for meg enn den elles ville ha vore, for vanlegvis tenkjer ein mykje på returen heim når det er eit stykke å reise. Svigers baud meg frukost og kaffi laurdag morgon, så eg fekk prøve litt hybelliv eg òg.

Leilegheita er den same som Gubben budde i på slutten av 80-talet, og som han og eg budde i frå 90 - 92. Elles har eldste sonen til Strikkemor(o) budd der, og Nevø 1 har budd der siste året. No er det altså Eldstejenta sin tur, og ho har allereie fått opp eit par bilete av si store heltinne Marilyn Monroe i staden for landskapsmaleria som hang der før.

3 kommentarer:

  1. Ikkje noka dum ordning når ein skal vere i Volda seint på kveld. Det er ei fin og koselig leilegheit, og eg kjenner att somme av tinga.

    SvarSlett
  2. Ei fin ordning for alle partar! For henne går vekene fort, og ho kjem seg lett heim i helgene.

    SvarSlett
  3. Ja, ho kan no vere med heim etter skuletid òg, men ho trenar så mykje at det ikkje er så mykje tid å kjede seg på. Og så har ho sjølvsagt meg på skulen, viss ho skulle ha behov for å sjå familien innimellom. Ho har allereie hatt date med broren i Volda, og dei kan sikkert møtast der nokre ettermiddagar òg.

    SvarSlett