mandag 17. august 2009

Flytteklar? Njææææ....


Dei som les Eldstejentas blogg har truleg fått med seg at ho snart skal ut av reiret. Det var eigentleg meininga at ho skulle ha ei seng i beredskap hos besteforeldra, men plutseleg var det bestemt at ho skal bu i sokkelleiligheita deira i staden. Ho gler seg veldig til dette, og mora slit med å venje seg til tanken. Skal babyen min plutseleg klare seg på eiga hand, no liksom? Utan å lengte heim til mammas middag (i dag hadde vi Grandiosa), mammas faste leggetider (som dei fleste ignorerer - også mamma sjølv) og mammas jamne, koselege mas om rydding og pass av småsøsken?

Onsdag vert det alvor; då flyttar ho herifrå. Ho skal heldigvis gå på den skulen der eg arbeider, så eg kjem til å ha ein viss kontroll. Og så kan vi møtast etter skuletid - onsdag ettermiddag skal vi på shopping, til dømes. Gamla har sin verdi, bokstaveleg tala.

Ei klok dame eg kjenner seier at der finst noko som er verre enn at borna flyttar heimanfrå; nemleg at dei IKKJE gjer det...

5 kommentarer:

  1. Både du og ho får ein mjuk overgang! Jusstudenten har fått seg eit lite opphald hos onkelen på KOngsberg.

    SvarSlett
  2. Eg trur ikkje du skal engste deg for jenta i alle fall, ho blir nok godt passa på, og så kjem ho vel heim i helgane?
    Nydelig bilde i viduskarmen.

    SvarSlett
  3. Biletet er rappa frå hennar blogg, og ho har teke og triksa med det sjølv. Eg engstar meg ikkje, men eg ville no helst hatt henne i heimen enno ei stund...

    SvarSlett
  4. Ej ekje død heller da. Ej kjeme heim av og til, men kjeme selfølgelig til å lengte heim. Du e dom mamma, som ikkje vil ha fri familie!

    SvarSlett
  5. Eller ikkje så dum likevel ;)

    SvarSlett