mandag 26. oktober 2009

Gratulerer til den kjekkaste broren min!

Ein intern spøk, den overskrifta: eg har berre ein bror, men han har to systrer...

Vi har hatt mykje moro opp gjennom tida, frå felles-plaging av storesystera og sliting av fiskeslukar i barndomen til nattlege måltid (t.d. råmelkspudding) og campingliv. Fordi avstandane er lange, blir treffa få. Då hjelper det fint å feriere saman, for å få nokre dagar i samanheng.


Sist sommar var vi alle tre søskena med nesten heile familiane + foreldra våre på ferie ilag nokre dagar, og biletet er henta frå den dagen vi var i Wadstena. Eg har forresten knabba det frå bloggen til Besta, for mine eigne feriebilete gjekk med i eit datakræsj tidlegare i haust.

Vi gratulerer han som er 45 i dag!

2 kommentarer:

  1. Eg har ei mappe som heiter Margrete som eg kan sende over om du vil.

    SvarSlett
  2. Gjerne det! Men det gjeld berre bileta frå juli og starten av august 2009...

    SvarSlett