onsdag 21. oktober 2009

Super-Mom



Minstemann er inne i ein superheltperiode, og lagar legofigurar som kan skremme vettet av dei fleste. Kva trur de til dømes om eit skjelett med kinesarhatt?

Superheltar er frykteleg tøffe, og så har dei superkrefter. Då eg bar poden på ryggen heim frå skogsvegen i dag, meinte han at eg hadde "sterkekrefter". Etter nokre hundre meter måtte eg innrømme at det hadde eg ikkje, og at han no måtte bruke sine eigne "raskekrefter" til å gå heim på eiga hand (eller eigne bein). Litt mutt sa eg noko om at eg visst ikkje hadde superkrefter likevel, men då kom det frå Minstemann: "du he no flinkekrefter og kosekrefter, du då!"

1 kommentar:

  1. Og minstemann har i alle fall orda i si makt-kva ein no kan kalle dei kreftene.(Og når du skriv dei ned på bloggen, slepp du at gullkorna går tapt!)

    SvarSlett