fredag 19. februar 2010

Selskapsløven

Minstemann er i selskap, invitert av eit par venninner av Nummer 3, som òg er i selskapet, og som har tigga seg til å få vere med å pynte og planlegge.

Antrekket har guten bestemt sjølv, og det nytta ikkje å protestere og seie at vesten mangla ein knapp og var i storleik 2 år. Vi får late som om knappen datt ut i løpet av selskapet. Kanskje den krympa òg?

1 kommentar:

  1. Han ser fornøgd ut og trivst i antrekket, det er det viktigaste.Hugsar at eg tvinga på bror din ein raud cordfløyelsvest for å skjule bukseselane.Han blei ikkje i selskapshumør av det!
    Det er noko som heiter å "fylle hatten"-han gjer vel det med tid og stunder.Skulle ønske eg kunne sjå film i staden for OL.

    SvarSlett