torsdag 15. september 2011

Vegen til engelsklærarens hjarte går gjennom magen, ved hjelp av Cupcakes

Som ein del av engelsk- og dataopplæringa plar eg gi førsteklassingane i oppgåve å designe og presentere sin eigen restaurant når vi har lese eit stykke i leseboka som heiter "International Cuisine". Årets elevar har gjort ein god innsats, og hittil ser presentasjonane betre ut enn nokon gong før. Første gruppe ut presterte å servere medelevar og engelsklærar sjølvlaga cupcakes i dag - ikkje verst på ein regnfull torsdag ettermiddag! Eg har stor tru på denne klassen.

2 kommentarer:

  1. Eg har sett i aviser og blad-desse kakene som i mine auge ser heilt grusomme ut.Er dei så søte som dei ser ut, er dei ikkje noko for meg. Eller kanskje dei er gode? kva veit eg? I alle fall veldig koselig gjort av elevane.

    SvarSlett
  2. Akkurat denne dagen var det ekstra kjærkome. Eg var så "ålsvolta" at eg åt opp all lunsjen min før matfriminuttet begynte.

    SvarSlett