søndag 11. september 2011

Forskot på arv

Det er berre å ymte frampå om noko ein har lyst på, ikkje sant? "Besta" likar å tømme skuffer, hyller og skap dersom nokon kjem i skade for å nemne noko om at dei godt kunne ha tenkt seg eitt eller anna. Denne gongen var det Steinbeck-bøker eg hadde nemnt, og eg er no lukkeleg eigar av nokre gamle eksemplar. Dei skal eg kose meg med! Som ekstra-bonus følgde der med nokre andre bøker som eg ikkje trur eg har lese før, sjølv om familiens bokhylle var ei rik kjelde til underhaldning i oppveksten.

2 kommentarer:

  1. Når det er tomt hos Besta, får du kome hit!

    SvarSlett
  2. Eg er berre så glad for at noko av det eg har samla på i alle år, kan komme andre til nytte. Eg var i mange år medlem av Den norske Bokklubben og kjøpte mange bøker der. Etter at eg slo meg på lydbøker bøir dei gamle bøkene berre ståande å samle støv.

    SvarSlett