tirsdag 27. september 2011

Bok 72 2011: "Haiene" av Jens Bjørneboe

Denne romanen er ein klassikar i norsk litteraturhistorie. Den kan lesast, tolkast og analyserast i det uendelege - kanskje er det derfor eg ikkje har lese den, berre lese OM den, før no.

Bjørneboes siste roman handlar på overflata kort fortalt om eit skipsforlis i 1899/1900. Mannskapet på skipet er svært multikulturelt og mangfaldig, og boka kan lesast som ein allegori der mannskapet representerer menneska og skipet jordkloden. I og med at skipet går ned, er romanen apokalyptisk. Dette høver godt til den sinnsstemninga Bjørneboe var i på denne tida; eg har fleire gonger sett det siste intervjuet med han, laga av Haagen Ringnes kort tid før Bjørneboe valde å ta sitt eige liv. Han verka då djupt deprimert, alkoholisert, paranoid og med ei noko uvanleg forståing av samfunnet og verdshistoria.

"Haiene" kom ut to år før sjølvmordet, men den er ikkje tvers gjennom dyster og depressiv.  Det er fullt mogleg å lese den som ein sjømannsroman, og språket er til tider så vakkert at det i seg sjølv er grunn god nok til å lese Bjørneboe.

2 kommentarer:

  1. Det er veldig lenge sidan eg las denne boka, og hugsar lite og ingen ting att, med unntak av ein ting:Eg var fullstendig betatt !
    I papirutgåva som eg har ein stad, er det også mange teikningar som forfattaren sjølv har laga.Minn meg på den neste gong du er her, så skal eg finne den fram.

    SvarSlett
  2. Denne klassikaren skal eg og lese - ein gong.

    SvarSlett