fredag 16. september 2011

Bok 69 2011: "Noen som elsker hverandre" av Lars Saabye Christensen

Eg var lenge skeptisk til å lese novellesamlingar som lydbok. Ei heller dårleg røynsle med Ari Behns "Trist som faen", der tekstane gjekk over kvarandre i ein monoton dur, gav meg den idéen at noveller er best på papir. Det meiner eg framleis - dei fleste tekstar gjer seg best på papir, men det blir sjeldan til at eg set meg ned i timesvis for å lese papirbøker. Lydbøker er kjekke som tilbehør på tur, til dømes, og når ein gjer husarbeid eller kjører bil.

Saabye Christensen skriv oftast svært godt, og denne novellesamlinga er ikkje noko unntak. Tekstane gjorde meg både kvalm, forferda og rørt, og eg sat att med ei kjensle av å ha forstått noko på eit djupt plan etter kvar av tekstane. Ei stund vurderte eg å bruke noko av boka på jobb, men eg trur ungdomane eg har i norsk vil setje pris på innhaldet i historiene, men sakne "skikkelege" avslutningar.

1 kommentar:

  1. Eg trur det var ei av novellane her som fekk meg til å "slite meg" der eg låg på sofaen og las.Akkurat no er det berre ei av novellane eg hugsar, og det var ei eg hadde lese før. Ser ut til at eg må repetere om tekstane skal "sitte".

    SvarSlett