lørdag 24. september 2011

Livet er ein kamp - eller ni




I dag var det Bendit-fotballcup i Volda. På grunn av forkjøling og rettebunkar fekk eg sleppe unna dei første tre timane, men Barnefaren og dei to små tok 10.15-ferja, og at eg returnerte med dei på 19-ferja frå Volda. Ein lang dag med frisk luft, mosjon og opplevingar både for store og små. Gutelaget der Veslejenta spelar vann heile 6 - 0 mot Sæbø, men tapte dei to hine kampane. Jentelaget ho spelar på vann to (mot Volda og Stranda) og tapte ein (mot Hasundgot). Minstemanns lag tapte med stil alle tre kampane sine, men dei kampane hadde til gjengjeld enorm underhaldningsverdi.

2 kommentarer:

  1. Eg er ingen fotballentusiast, men på dette nivået...! Heilt topp! Skulle gjerne sett dei minste i aksjon.

    SvarSlett
  2. Eg trur ikkje du hadde hatt godt av å stå meir eller mindre i ro på sidelinja... Eg kjenner det i bein og rygg etter fem timar.

    SvarSlett