søndag 11. september 2011

Lite gjort, mykje hjort

Somme dagar er utruleg begivenheitslause. I dag regna det ein del, og skritt-teljaren min hadde takka for seg etter turen på laurdag, så det vart ikkje nokon tur ut i skog og mark. Eg sende tvert imot ungane opp på loftet med datamaskiner og det heile, slik at eg fekk vere aleine i første etasje eit par timar og støvsuge, vaske, rydde, brette klede og gjere skulearbeid. Helgas utskeiingar hittil hadde medført sand på golvet i gangen, popcorn på golvet i stova og uante mengder skitne klede. Omgrepet helgavask kan både bety å vaske til helga (for å ha det fint), vaske i helga (fordi ein endeleg har tid) og etter helga (fordi ein har vore heime og rota i helga). Somme tider tenkjer eg at eg kunne ha gått i jamn trafikk frå rom til rom med støvsugar heile tida. Det gjeld å tole at det hopar seg opp litt innimellom.

Middagen var det Barnefaren som stod for. Det vart til at han jakta på noko indrefilet av hjort i frysaren og laga ei nydeleg hjortegryte. Eldstejenta vart ikkje med denne gongen, men vi hine kosa oss og planla aktivitetar utover i veka. Det blir ein spennande dag med val i morgon, og Eldstejenta får stemme for første gong i livet. I år er vi ekstra opptekne av å støtte opp om demokratiet.

Kvelden tilbringer eg i godt selskap med ei underhaldande bok som eg låner av kollegavenninne K. Den kjem eg attende til ved høve.

1 kommentar:

  1. Ikkje mykje verken gjort eller hjort her i dag. Men vi gjekk ein tur rundt Storebakken i kveldinga, såpass eg også fekk litt frisk luft. Dessverre kom det lys på Molde stadion.

    SvarSlett