tirsdag 6. september 2011

PC, or not PC - that is the question

Dei nye elevane har no fått PC-ar, etter nokre fredelege oppstartsveker utan. I desse første vekene har vi hatt gruppeoppgåver, lesetrening, dramatisering og andre steinaldermetodar i undervisninga, og vi har hatt augekontakt med dei aller fleste mykje av tida. No er dei borte, bak skjermen. Ein heil dobbelttime gjekk i dag med til å løyse oppgåver på nettstaden som høyrer til læreboka. Det vart knyststille, bortsett frå nokre lydar frå datamaskinene. Oppgåvene var kreative og spennande for elevane, og det såg ut som om dei hadde det kjekt. Sjølv vart eg fanga inn i eit rettskrivingsspel, men mykje av tida gjekk eg rundt og sjekka at elevane fekk til det dei skulle gjere. Som avsluttande kommentar sa eg til elevane at vi berre kjem til å bruke PC når det er føremålsteneleg, og så lenge dei ikkje misbruker maskinene til t.d. facebook i timen. No spørs det kor lenge det går med denne gjengen før dei slit med motivasjon, fokus og konsentrasjon...

Mine eigne små avleggarar er òg inne i ein fase der dei helst vil gøyme seg bak ein skjerm. Likevel har vi for tredje dag på rad sett oss til med brett- og kortspel etter middag. Då eg sende to av dei ut for å lage til kaninburet, vart det plutseleg til at alle tre begynte å sparke fotball og herje ute. Til slutt måtte eg rope dei inn for å sjå Idol på TV. Ingen ser fotball her i huset!

Når borna no er lagde, kan Mater Familias kose seg bak skjermen sin utan å føle seg som eit dårleg førebilete for den oppveksande generasjon. Her går det i multitasking med lesing av bloggar, chatting på facebook og gløsing på TV. Litt mat og drikke går ned parallelt med dei andre aktivitetane. Eg får med meg litt av alt og mykje om ingenting, nesten slik ein elev gjer i undervisningstimane. Heldigvis held eg berre på slik i fritida - i alle fall hittil...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar