I dag samla vi troppane og gjekk til topps på Bjørnasethornet. Turen er langt lettare no når nabo N har merka ruta, og utsikta er fantastisk. Eldstejenta, hundane og eg gjekk heim frå enden av skogsvegen, så vi fekk ekstra mykje mosjon. Dei hine kjørte i førevegen og laga middag, så vi gjekk til duk og dekka bord då kom.
Fine bilde! Får litt høgdeskrekk når eg ser på nokre av dei. Kjekt med ein søndag med fint ver. Henning og eg var i Stryn på fotballturnering, så det blei ingen fjelltur på oss.
SvarSlettHer skulle Olaug lese i kyrkja og Einar ha tidleg middag før jobb, så det vart berre ein ettermiddagstur i T-skjorte på meg.
SvarSlett