lørdag 10. september 2011

Vallasetra




Sidan vi fekk ein bonusdag med nydeleg haustvêr, ville vi ut på tur. Eg hadde foreslått å gå tur i mi gamle heimbygd, og det enda med at dei tre yngste, Morfaren deira og eg gjekk på Vallasetra i Ørsta. Vi gjekk fram frå Nupen, stogga litt på setervollen og gjekk deretter nedatt på Mo-sida. Min bil stod parkert ved gravplassen på Mo, medan Pappa hadde kjørt oss heilt fram i Nupen. Turen er lett og fin å gå på grusveg. På Nupen-sida er det litt dårlegare veg, men den er litt meir spennande å gå fordi der er meir å sjå på langs vegen. Vi var spesielt opptekne av spor etter fonner og ras som har gått.

Dei to yngste (og mora deira) syntest noko av det kjekkaste på turen var å møte ein lys levande Samojed-hund. Det var dessutan stor stas å ha med Morfar på tur!

Utslag på skritt-teljar:
Nupen - Vallasetra: 5000
Vallasetra - Gravplassen: 8000
Sum: 13000 skritt!

Då vi kom att frå turen, hadde Mormor laga middag. Pølser med potetstappe og marengs/bær/krem/vaniljekrem-dessert smakte fantastisk godt etter ein fin trimtur!

I kveldinga kosar vi oss med TV og data. Det blir travelt å oppdatere seg både i "Idol" og "Skal vi danse", men musikk og dans er noko av det som interesserer oss mest.

3 kommentarer:

  1. Første skuleturen eg var med på etter at eg kom til Velle skule, var ein tur til Vallasetra. Då gikk Solveig i 2.klasse, og eg hadde ei av parallellklassene.
    Seinare vart det mange turar dit, både skuleturar, turar i lag med Nils og åleineturar.Ein gong hadde vi med oss Einar og Audun. Det er lett å gå,sidan det er "bilveg" heilt fram, derfor kan eg komme meg dit no også.

    SvarSlett
  2. Fine naturbilete. Om de vil kose meir med ein levande samojed, så kom til oss!

    SvarSlett
  3. Veslejenta har lese i hundebok mykje av kvelden, og konklusjonen (hennar) er at vi skal ha oss ein samojed neste gong vi skal ha hund. Vi får sjå - den vi møtte i dag var svært snill, rein og mjuk, men vi veit no ikkje kva arbeid som ligg bak ein slik pels...

    SvarSlett