tirsdag 10. juli 2012

Pavlova

I dag prøvde eg for første gong å lage Pavlova-kakebotnar. Dei står seg fint, så eg kan fylle dei med vaniljekrem (denne gongen blir det ferdigkjøpt), krem, frukt og bær den dagen dei skal serverast. Sidan vi blir mange til bords, laga eg like godt to med det same. Botnane ser ok ut, men smaken finn eg ikkje ut av før på torsdag.

Dei tempererte eggekvitene skal piskast saman med salt, før ein tilset litt og litt sukker. Når det har blitt stivt, blandar ein forsiktig inn maizena og kvitvinseddik.

Legg eit stykke bakepapir på eit steikebrett og teikn ein runding rundt botnen på ei 24 cm kakeform e.l. Fyll blandinga direkte på papiret innanfor streken. Prøv å lage kantar rundt slik at fyllet ikkje renn ut (dette sleit eg med å få til).

Kaka skal steikast på 160 grader i om lag ein time (i min omn er dette i overkant varmt og lenge).

Veslejentas kommentar: "Ikkje for å kritisere, men den kaka ser mest ut som en kubæsj"



Marengsbotn:
  • 4 stk eggekviter
  • ¼ ts salt
  • 250 g sukker
  • 2 ts maisstivelse (maizena)
  • 1 ts kvitvinseddik 

4 kommentarer:

  1. Eg synest botnen ser fin ut - og smaken er sikkert som den skal vere! Du er mykje meir nøye enn eg!

    SvarSlett
  2. Tusen takk, det var ros som varma!

    SvarSlett
  3. Eg gløymde å lage kantar på min, så den ser mest ut som ein vulkan. Blir det FOR ille, kan ein knuse heile greia og lage dessert.Fælt å sjå når TV-kokkar kastar eggekvitane i staden for å lage noko av dei. Det har eg sett meir enn ein gong.
    Viss ein planlegg litt, kan ein t.d. lage is av plommane og marengs av kvitane.

    SvarSlett
  4. Is og marengs er genialt i Daim-iskaka. Solveig lagar sin eigen vaniljekrem, det er òg god nytting av eggeplommer. Eg skal lage grateng i morgon av mine, blanda med eit par ekstra egg.

    SvarSlett