onsdag 17. april 2013

Bok 26 2013: "De sørgende" av Håkan Nesser

Den femte boka i serien om Gunnar Barbarotti handlar om to gamle krimsaker og ei ny. I tillegg prøver Barbarotti å kome over sorg og tap. Eg skal ikkje røpe meir av handlinga, berre seie at eg tykte den nye saka vart noko uinteressant i samanhengen, og at de to andre sakene var meir i same stil som den førre boka. Denne når ikkje heilt opp til det nivået den førre boka var på, men den er absolutt verd å lese.

2 kommentarer:

  1. Den nye saka vart veldig perifer i boka. Eg likar i grunnen best å lese om privatlivet til Barbarotti og andre involverte. I denne serien står "Beretningen om herr Roos" i ei særstilling.

    SvarSlett
  2. Eg er einig med deg i det. "De ensomme" var ein god nummer to.

    SvarSlett