søndag 24. november 2013

Minstemann 10 år

Dagen begynte sørgjeleg, med dødsfallet til Madelen kanin. Vi er einige om at vi ikkje skal skaffe oss fleire kaninar, men legg planar for kjøp av hund til sommaren.

Elles har vi besøk av hunden Lucas, og vi har litt stille og roleg feiring av Minstemann. Den kjekke vesleguten min er no heile 10 år!

Han hadde fått ein del bursdagspengar, noko vi har diskutert korleis vi skal handtere.
Mor: Skal du setje pengane i banken, kanskje?
Son: Nei, ej trukje det, ej HE jo penga i banken allereide...




2 kommentarer:

  1. Gratulerer! Trist med kanina. Vi har ein slektning i bur her, systera visst.

    SvarSlett
  2. Fine bilde. Trur du må gi ut bok med replikkar frå Minstemann.

    SvarSlett