onsdag 27. november 2013

På tokt med Minstemann

Fri-onsdagen gjekk mykje med til diverse ærend i Volda i dag. Eg var dobbel-booka med vikartimar og drøftingsmøte, og Minstemann fekk æra av å passe på elevane medan eg var borte. Etter dei knallharde lønsforhandlingane i etterkant forstår eg at det er han som bør vere ATV, ikkje eg.

Etterpå handla han for nokre av bursdagspengane, tok hol i det eine øyret og sette ein liten formue inn på konto. I banken fekk han forresten ei ny lommebok som gåve, og då sparte han utgifter til denslags. Nokre i slekta har måtta låne pengar til å kjøpe seg lommebok for, ein gong på 70-talet. Vi handla dessutan store mengder mat, meir utelys til jul og ein adventskalender.

Vel heime har vi hatt eit svare strev med å pakke ut alt vi har kjøpt. Utelysa ligg på vent, sidan vinden er noko heftig ute, og det store spørsmålet er no om ein skal begynne på julebaksten, rette stilar, pusse vindauge eller noko heilt anna. 



3 kommentarer:

  1. Pusse vindu skal du i alle fall ikkje gjere, dei blir berre verre når det blæs slik. Hugsar ei julaft eg måtte ut på altanen og pusse vindua for andre gong, etter ein storm.

    SvarSlett
  2. Det var innsida eg hadde tenkt å pusse, i tilfelle...

    SvarSlett